{"id":1447288,"date":"2006-12-17T01:14:30","date_gmt":"2006-12-17T01:14:30","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/12\/folkemusikkrekruttering1447288\/"},"modified":"2006-12-17T01:14:30","modified_gmt":"2006-12-17T01:14:30","slug":"folkemusikkrekruttering1447288","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/folkemusikkrekruttering1447288\/","title":{"rendered":"Folkemusikkrekruttering"},"content":{"rendered":"<p>F\u00f8rste innslag i sendinga onsdag 13. desember var ein prat med Sigurd Brokke, som er leiar i Setesdal Spelemannslag. Dei har teke initiativ til eit prosjekt i Bykle, Bygland og Valle for \u00e5 auke rekrutteringa til folkemusikken. Dei vil f\u00e5 kommunane med p\u00e5 eit prosjekt for til saman 1,8 millionar kroner i form av l\u00f8n til ein prosjektleiar i tre \u00e5r, stipend og ulike tilskipingar.<\/p>\n<p>For \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 finne \u00f8konomi til prosjektet har det vore ei prosjektgruppe i gang. Leiar har vore Monika Antun, og no er arbeidet i gang med ein s\u00f8knad som skal sendast til Norsk Kultur\u00e5d, R\u00e5det for folkemusikk og dans, Aust-Agder fylkeskommune, Setesdal Regionr\u00e5d og dei tre kommunane. Om alle spelar p\u00e5 lag, kan dei f\u00e5 pengar til \u00e5 tilsette ein person som skal arbeide mot barnehagar, skular, kulturskular og organisasjonar.<\/p>\n<p>Sigurd meinte at dette ville vere ei viktig satsing. Det er ikkje lett for folkemusikken \u00e5 hevde seg i v\u00e5r tid, der det er mange som vil ha merksemd. Difor meinte han at ein m\u00e5 setje inn ekstra kraft for \u00e5 halde oppe rekrutteringa til folkemusikken.<\/p>\n<p>Dei kom i praten og inn p\u00e5 dialektprosjektet som Sigurd er sterkt engasjert i. Folkemusikk, dialekt og byggetradisjonar er viktige element i den lokale kulturen, og n\u00e5r NRK lagar film der dei ser p\u00e5 dialekten som ein attraksjon, er det ei fj\u00f8r i hatten til arbeidet ein har gjort med vallemal.no Arbeidet med \u00e5 lyfte dei andre sidene av den lokale kulturen m\u00e5 halde fram ogs\u00e5 i \u00e5ra som kjem. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>F\u00f8rste innslag i sendinga onsdag 13. desember var ein prat med Sigurd Brokke, som er leiar i Setesdal Spelemannslag. Dei har teke initiativ til eit prosjekt i Bykle, Bygland og Valle for \u00e5 auke rekrutteringa til folkemusikken. Dei vil f\u00e5 kommunane med p\u00e5 eit prosjekt for til saman 1,8 millionar kroner i form av l\u00f8n &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/folkemusikkrekruttering1447288\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Folkemusikkrekruttering<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-1447288","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1447288"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1447288"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1447288\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1447288"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1447288"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1447288"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}