{"id":14063199,"date":"2012-07-07T09:41:07","date_gmt":"2012-07-07T09:41:07","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/07\/bak-havdis-gra-14063199\/"},"modified":"2012-07-07T09:41:07","modified_gmt":"2012-07-07T09:41:07","slug":"bak-havdis-gra-14063199","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bak-havdis-gra-14063199\/","title":{"rendered":"Bak havdis gr\u00e5"},"content":{"rendered":"<p>Eg saag det tidt som sveipt i Eim<br \/>\nbak Havdis graa;<br \/>\ndet er ein Huld, ein heilag Heim,<br \/>\nme ei kann naa.<\/p>\n<p>Arne Garborg visste kva han skreiv om. I dag var det havdis gr\u00e5 d\u00e5 vi vakna etter alveland-opplevinga fr\u00e5 i g\u00e5r kveld. Men frukosten p\u00e5 Himmel &#038; Hav er god \u00e5 starte dagen p\u00e5. Vertskapet er hyggeleg og tr\u00e5dlaust internett fungerer. Dermed fekk eg sj\u00e5 framsida p\u00e5 Setesd\u00f8len fr\u00e5 i g\u00e5r, men ettersom avisa kjem med posten klokka 15.30 og eg drog fr\u00e5 Mandal ved totida, fekk eg ikkje med meg innhaldet vestover. Om ikkje nokon andre oppretter artikkel med overskriftene i avisa, m\u00e5 du nok vente til over helga f\u00f8r du f\u00e5r dei p\u00e5 Setesdalswiki.<\/p>\n<p>P\u00e5 Wikipedia er det denne veka ein konkurranse om \u00e5 utvide stubbar. Eg tok nokre stubbar og utvida dei og tenkte at eg kunne f\u00e5 200 poeng og dermed ein brun rosett, men landa p\u00e5 180 f\u00f8r eg drog vestover. Men her p\u00e5 Himmel &#038; Hav fann eg ein artikkel eg kunne utvide. Det fungerte som dagens bibelstudium samstundes. Artikkelen om Kapernaum var bare ei linje p\u00e5 norsk, men p\u00e5 engelsk var det mykje. Det meste av det som stod i avsnittet om Kapernaum i NT kunne eg bruke, det er stoff som me kjenner fr\u00e5 bibelhistoria. Og plutseleg var det nok til at eg kom over 200 poeng. No ligg eg p\u00e5 12. plass i konkurransen og tr\u00f8ystepremien er klar. Samstundes var det interessant for meg \u00e5 repetere bibelsoga. N\u00e5r ein samlar det som st\u00e5r i Bibelen om Kapernaum, f\u00e5r ein med seg meir enn om ein bare h\u00f8yrer om einskilde episodar derifr\u00e5. Byen er i dag ein ruinby som har blitt gravd ut av arkeologar.<\/p>\n<p>Her p\u00e5 Sola er det ei ruinkyrkje, ei gamal kyrkje som tyskarane tok ned under andre verdskrigen. Ho er bygd opp att og er eit turistm\u00e5l. Det vesle Strandleiren kapell er nok ikkje p\u00e5 same m\u00e5te eit turistm\u00e5l, men har ei s\u00e6reigen historie det med, sj\u00f8lv om det er s\u00e5 nytt at det var vigsla i 1950. Stubben om det kapellet burde nok og vore utvida p\u00e5 Wikipedia. Det er med andre ord nok \u00e5 skrive om.<\/p>\n<p>Men i dag er det bryllup og no n\u00e5r f\u00f8remiddagen er over, er det bare \u00e5 gjere seg klar til fest for Grethe og Geir Inge. Truleg vert den gr\u00e5 havdisen til eit alveland ogs\u00e5 denne kvelden, om ikkje i konkret tyding, s\u00e5 i overf\u00f8rt tyding. God laurdag. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg saag det tidt som sveipt i Eim bak Havdis graa; det er ein Huld, ein heilag Heim, me ei kann naa. Arne Garborg visste kva han skreiv om. I dag var det havdis gr\u00e5 d\u00e5 vi vakna etter alveland-opplevinga fr\u00e5 i g\u00e5r kveld. Men frukosten p\u00e5 Himmel &#038; Hav er god \u00e5 starte dagen &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bak-havdis-gra-14063199\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bak havdis gr\u00e5<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-14063199","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14063199"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14063199"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14063199\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14063199"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14063199"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14063199"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}