{"id":14061631,"date":"2012-07-06T22:23:14","date_gmt":"2012-07-06T22:23:14","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/07\/det-stig-av-hav-eit-alveland-14061631\/"},"modified":"2012-07-06T22:23:14","modified_gmt":"2012-07-06T22:23:14","slug":"det-stig-av-hav-eit-alveland-14061631","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-stig-av-hav-eit-alveland-14061631\/","title":{"rendered":"Det stig av hav eit alveland"},"content":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg oppleve det. Eg kom fr\u00e5 H\u00f8g-J\u00e6ren og nordover mot Sola ved halv elleve tida, og d\u00e5 stod himmelen i brann i nordvest. Sola heldt p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 ned, og skyene vart farga i alle slags raude og gylne fargar, og Arne Garborg sin sang kom p\u00e5 tunga noks\u00e5 fort.<\/p>\n<p>Diverre vart det med fyrste vers, det er s\u00e5 sjeldan ein syng den at han held p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 i gl\u00f8ymeboka. Men d\u00e5 eg kom p\u00e5 Internett i kveld, fann eg han og deler han her med deg:<\/p>\n<p>Det stig av Hav eit Alveland<br \/>\nmed Tind og Mo;<br \/>\ndet kviler klaart mot Himilrand<br \/>\ni kveldblaa Ro.<\/p>\n<p>Eg saag det tidt som sveipt i Eim<br \/>\nbak Havdis graa;<br \/>\ndet er ein Huld, ein heilag Heim,<br \/>\nme ei kann naa.<\/p>\n<p>Ho s\u00f8v, den fine Tinderad<br \/>\ni Draume-Bann;<br \/>\nmen so ei Stund ved Soleglad<br \/>\nho kjem i Brand.<\/p>\n<p>Naar Dagen sig som Eld og Blod<br \/>\ni Blaae-Myr,<br \/>\ndet logar upp med Glim og Glod<br \/>\nog \u00c6ventyr.<\/p>\n<p>Det brenn i Br\u00e8 og skjelv og skin<br \/>\nmed Gullan-Bragd,<br \/>\nog Lufti gl\u00f8&#8217;r i Glans av Vin,<br \/>\nSylv og Smaragd.<\/p>\n<p>Men av han d\u00f8yr, den bleike Brand,<br \/>\nsom slokna Glod,<br \/>\nog klaart som fyrr ligg Alveland<br \/>\ni kveldblaa Ro.<\/p>\n<p>Eg lengta tidt paa tr\u00f8ytte Veg<br \/>\nder ut til Fred;<br \/>\nmen Lande fyrst kann syne seg,<br \/>\nnaar Sol gjeng ned.<\/p>\n<p>Her kom ein originalversjon, men eg vonar du klarar \u00e5 lese den. Lufti gl\u00f8r i glans av vin, sylv og smaragd. Slik opplevde vi det p\u00e5 Nord-J\u00e6ren i kveld, og det er f\u00e5 plasser ein kan f\u00e5 den opplevinga p\u00e5 same m\u00e5ten.<\/p>\n<p>Vi er p\u00e5 Sola i h\u00f8ve eit bryllup. Som oftast bur vi hos familie, men denne gongen tenkte vi at vi ville bu p\u00e5 Himmel og Hav p\u00e5 Solastranda. Det er den gamle Strandleiren som NMS hadde som leirstad, bygd opp av Racin Kolnes etter andre verdskrigen. Kolnes var kinamisjon\u00e6r for NMS fr\u00e5 1925 til 1947. I 2009 feira dei 60-\u00e5rsjubileum som leirstad for NMS. Strandkapellet er blitt kvitt, og det gamle bygget er pussa opp, internatavdelinga er blitt ei hotellavdeling med h\u00f8velege rom. Lyset er det same som for 45 \u00e5r sidan d\u00e5 eg var leiar p\u00e5 leir p\u00e5 Strandleiren. Og i kveld kom den alveland-kjensla d\u00e5 sola gjekk ned i havet i nordvest. http:\/\/www.himmelhav.no\/<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld fekk eg oppleve det. Eg kom fr\u00e5 H\u00f8g-J\u00e6ren og nordover mot Sola ved halv elleve tida, og d\u00e5 stod himmelen i brann i nordvest. Sola heldt p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 ned, og skyene vart farga i alle slags raude og gylne fargar, og Arne Garborg sin sang kom p\u00e5 tunga noks\u00e5 fort. Diverre vart &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-stig-av-hav-eit-alveland-14061631\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Det stig av hav eit alveland<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-14061631","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14061631"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14061631"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14061631\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14061631"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14061631"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14061631"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}