{"id":14027985,"date":"2012-07-02T17:27:35","date_gmt":"2012-07-02T17:27:35","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/07\/sentrumsfrukost-i-valle-og-litt-til-14027985\/"},"modified":"2012-07-02T17:27:35","modified_gmt":"2012-07-02T17:27:35","slug":"sentrumsfrukost-i-valle-og-litt-til-14027985","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sentrumsfrukost-i-valle-og-litt-til-14027985\/","title":{"rendered":"Sentrumsfrukost i Valle og litt til"},"content":{"rendered":"<p>Laurdag 30. juni kom med regn som yr.no hadde sp\u00e5dd, men like fullt skreiv \u00d8rnulf Hasla p\u00e5 Facebook ved titida at det var sprekker i skydekket. Han fekk rett, sj\u00f8lv om han var litt tidleg ute. Sj\u00f8lv hadde eg teke ein tur p\u00e5 skulen fr\u00e5 morgonen av for \u00e5 blogge litt f\u00f8r sentrumsfrukost i Valle, men d\u00e5 klokka var ti, slutta eg av og gjekk ned for \u00e5 finne meg ein plass under tak. I lommen hadde eg nokre ark eg tenkte eg kanskje kunne f\u00e5 biografinotatar p\u00e5, men det vart med tanken i regnveret. Sj\u00f8lv under tak var det ikkje heilt trygt for dropar.<\/p>\n<p>Snart kom Reidun og fann meg, og s\u00e5 svinga elevar innom bordet v\u00e5rt. Etter ei stund dukka Karin og Torjus opp, det var hyggeleg \u00e5 f\u00e5 litt meir tid saman. S\u00e5 svinga Pashco og Aina innom fann seg plassar ved bordet v\u00e5rt, dei hadde ikkje m\u00f8tt Karin og Torjus f\u00f8r. Dei kunne fortelje om ferietur til Madagaskar siste hausten og planar om ferietur til Albania i sommar. Og Karin og Torjus hadde vore p\u00e5 ferietur i Ryfylke og bes\u00f8kt jernaldergarden Landa p\u00e5 Forsand.<\/p>\n<p>Frukosten smakte nydeleg. For meg var det no helst lunsj, men det gjorde ikkje noko. Etter kvart svinga ogs\u00e5 r\u00e5dmann Eivind Berg og kona innom bordet v\u00e5rt, vi sat saman i fjor p\u00e5 sentrumsfrukosten, d\u00e5 skulle han til Kina like etterp\u00e5 og ingen av oss kunne vite at han \u00e5ret etter var r\u00e5dmann i Valle. Vi fekk ein hyggeleg prat om korleis ting kan legge seg til rette.<\/p>\n<p>Dei to timane gjekk fort, og s\u00e5 gjekk det slag i slag med underhaldning fr\u00e5 scenen etter klokka 12. Vi gjekk heim og lasta i bilen ved to-tida, og s\u00e5 sette vi kursen s\u00f8rover, glade for \u00e5 ha m\u00f8tt mange hyggelege folk i sentrum denne morgonen. Etter ein stopp p\u00e5 Evje valde vi \u00e5 ta vegen mot Sveindal, men i staden for \u00e5 svinge s\u00f8rover der, heldt vi fram og tok ikkje av s\u00f8rover f\u00f8r i Audnedalen. For mange \u00e5r sidan var vi i bryllaup i Grindheim kyrkje, men vi hadde knapt kj\u00f8rt der sidan d\u00e5, s\u00e5 plutseleg var vi turistar i eige land. Norge &#8211; ditt n\u00e6raste ferieland, smilte vi til kvarandre medan turen gjekk forbi Konsmo og nedover heilt til Vigeland. Siste delen var meir kjent, E39 fr\u00e5 Vigeland til Mandal k\u00f8yrer vi jo ikkje s\u00e5 sjeldan, s\u00e5 d\u00e5 bar det strake vegen heim.<\/p>\n<p>I dag var det ein triveleg reportasje fr\u00e5 arrangementet i F\u00e6drelandsvennen. Johs. Bj\u00f8rkeli svinga bortom bordet v\u00e5rt d\u00e5 han var ute og fotograferte. -Det er bra du dekker Setesdal, sa eg til han, vi likar \u00e5 lese stoff fr\u00e5 v\u00e5rt omr\u00e5de. -Sei det til sjefane mine, svara han. S\u00e5 hermed er det sagt til Alf Eivind Lj\u00f8stad, redakt\u00f8r i F\u00e6drelandsvennen: Utan at de skriv om Setesdal er det liten interesse for folk i dalen \u00e5 abonnere p\u00e5 F\u00e6drelandsvennen, d\u00e5 m\u00e5 vi klare oss med Setesd\u00f8len.<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Sentrumsfrokost_i_Valle_2012<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Laurdag 30. juni kom med regn som yr.no hadde sp\u00e5dd, men like fullt skreiv \u00d8rnulf Hasla p\u00e5 Facebook ved titida at det var sprekker i skydekket. Han fekk rett, sj\u00f8lv om han var litt tidleg ute. Sj\u00f8lv hadde eg teke ein tur p\u00e5 skulen fr\u00e5 morgonen av for \u00e5 blogge litt f\u00f8r sentrumsfrukost i Valle, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sentrumsfrukost-i-valle-og-litt-til-14027985\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sentrumsfrukost i Valle og litt til<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-14027985","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14027985"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14027985"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14027985\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14027985"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14027985"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14027985"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}