{"id":14013259,"date":"2012-07-01T18:55:48","date_gmt":"2012-07-01T18:55:48","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/07\/pa-sjaling-14013259\/"},"modified":"2012-07-01T18:55:48","modified_gmt":"2012-07-01T18:55:48","slug":"pa-sjaling-14013259","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-sjaling-14013259\/","title":{"rendered":"P\u00e5 sjaling"},"content":{"rendered":"<p>Etter at vi fredag hadde hatt ein hyggeleg ettermiddag p\u00e5 Setesdalsmuseet, fekk vi oss middag p\u00e5 S\u00f8lvgarden. Dei hadde fjellaure p\u00e5 menyen, og d\u00e5 tenkte vi at det kunne vere spennande, s\u00e5 det vart fjellaure til kr. 185 p\u00e5 b\u00e5de meg og Reidun. Heilsteikt var han, med poteter ved sida og salat, steikte sm\u00e5 tomatar og agurksalat. Det var godt og mettande.<\/p>\n<p>Vel tilbake i Valle s\u00e5g vi at dei hadde starta rigginga til Sentrumsfrukost i Valle, s\u00e5 eg tok ein telefon til Karin B\u00f8e for \u00e5 h\u00f8yre om ho var heime. Det var ho, s\u00e5 vi tok indre vegen om Homme for \u00e5 reise p\u00e5 sjaling. Dermed fekk vi ikkje sj\u00e5 bussen som stod i gr\u00f8fta s\u00f8r for Honnevje, det las eg p\u00e5 Internett laurdag.<\/p>\n<p>P\u00e5 Flateland venta Karin og Torjus med kaffi og te og det som elles h\u00f8yrer med til ein triveleg kveld. Samtalen gjekk om s\u00e5 mange emne i Valle Vev-stova, b\u00e5de fr\u00e5 tida i Nord-Norge, vi var innom dei d\u00e5 dei budde p\u00e5 Fauske, og lokale sp\u00f8rsm\u00e5l og saker. Vi snakka mellom anna om Setesdalswiki og om boka som Karin held p\u00e5 med og var samr\u00f8ystes i at skriving kan ta tid og at ei halv side av og til kan ta mykje tid. N\u00e5r ein skal g\u00e5 til kjeldene og basere seg p\u00e5 kjelder, trykte og munnlege, er det ikkje bare \u00e5 taste i veg, ein m\u00e5 ha dekning for det ein skriv. Men det g\u00e5r framover b\u00e5de med boka om den tradisjonsrike vevkunsten i \u00f8vre Setesdal og med Setesdalswiki, s\u00e5 ein kan ikkje gje opp. Vi snakka og om utstillingane p\u00e5 Setesdalsmuseet. Torjus hadde i utgangspunktet ikkje s\u00e5 mykje til overs for \u00e5 ha sn\u00f8scooterar p\u00e5 museum, men d\u00e5 eg fortalde om korleis folk som elles ikkje var s\u00e5 opptekne av museet sine samlingar likevel tok turen rundt og s\u00e5g det meste n\u00e5r dei fyrst var p\u00e5 museet, kunne han vere med p\u00e5 at det kanskje hadde noko for seg likevel.<\/p>\n<p>Etter ein innhaldsrik dag braut vi opp og kom heim d\u00e5 dei hadde slutta med f\u00f8rebuingane til Sentrumsfrukost. D\u00e5 var eg i grunnen s\u00e5 tr\u00f8ytt at eg ikkje sette meg til tastaturet, det tok eg att laurdag morgon f\u00f8r sentrumsfrokosten starta. Men det f\u00e5r eg kome tilbake til seinare. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter at vi fredag hadde hatt ein hyggeleg ettermiddag p\u00e5 Setesdalsmuseet, fekk vi oss middag p\u00e5 S\u00f8lvgarden. Dei hadde fjellaure p\u00e5 menyen, og d\u00e5 tenkte vi at det kunne vere spennande, s\u00e5 det vart fjellaure til kr. 185 p\u00e5 b\u00e5de meg og Reidun. Heilsteikt var han, med poteter ved sida og salat, steikte sm\u00e5 tomatar &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-sjaling-14013259\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">P\u00e5 sjaling<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-14013259","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14013259"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=14013259"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/14013259\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=14013259"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=14013259"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=14013259"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}