{"id":13942846,"date":"2012-06-26T10:28:23","date_gmt":"2012-06-26T10:28:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/06\/kjelder-og-skriving-13942846\/"},"modified":"2012-06-26T10:28:23","modified_gmt":"2012-06-26T10:28:23","slug":"kjelder-og-skriving-13942846","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kjelder-og-skriving-13942846\/","title":{"rendered":"Kjelder og skriving"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r eg skriv p\u00e5 Setesdalswiki, treng eg kjelder. Ofte kan eg finne dei p\u00e5 Internett, men om temaet er meir lokalt, er det ikkje alltid det er s\u00e5 mykje \u00e5 finne. Til d\u00f8mes er det ingen artikkel om Harald Lund, kunstm\u00e5laren fr\u00e5 Valle p\u00e5 Internett. Han levde fr\u00e5 1908 til 1993. D\u00e5 han var 80 \u00e5r gav Bykle og Valle kunstlag ut eit festskrift dei kalla Setesdalsm\u00e5laren Harald Lund.<\/p>\n<p>I kommunestyresalen i Valle heng ei rekke av bileta hans, Valle Sparebank har og bilete av han, og p\u00e5 utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge p\u00e5 Setesdalsmuseet er det sommaren 2012 stilt ut eit bilete av han, \u00abTre kvinner rundt ei vogge\u00bb fr\u00e5 1933.<\/p>\n<p>I dag ville eg skrive litt om han p\u00e5 Setesdalswiki, for eg har som m\u00e5l \u00e5 skrive om alle kunstnarane som har bilete p\u00e5 den utstillinga. \u00c5 s\u00f8ke p\u00e5 nettet gav ikkje mykje, ein skulle jo hatt boka om han. Men d\u00e5 skulle ein vore p\u00e5 biblioteket i Valle, der har dei boka. Men no har eg sommarferie, og sj\u00f8lv om eg meiner at eg har den boka, lurer eg p\u00e5 kor ho er i boksamlinga mi, er ho av dei b\u00f8kene eg har i Valle eller er ho her i Mandal?<\/p>\n<p>Det enda opp med at eg lagra ein start p\u00e5 artikkelen og s\u00e5 gjekk p\u00e5 leiting i bokhylla i Mandal. \u00c5 g\u00e5 p\u00e5 leiting i bokhyllene er alltid interessant, for eg oppdagar ting eg ikkje hugsa at eg hadde. Men denne gongen let eg meg ikkje distrahere, og plutseleg sprang ho fram og sa \u00abHer er eg\u00bb. D\u00e5 var det bare \u00e5 lese og \u00e5 utvide artikkelen. N\u00e5r ein har kjelder, kan ein lage ein artikkel. Utan kjelder er det vanskelegare. Det er heller ikkje \u00f8nskeleg \u00e5 ha artiklar p\u00e5 Setesdalswiki utan kjelder. For eit nettleksikon er det viktig \u00e5 kunne vise til kor ein kan finne meir stoff om emnet, og d\u00e5 er det kjeldene som er viktige.<\/p>\n<p>S\u00e5 no ligg det ein artikkel om Harald Lund p\u00e5 Setesdalswiki. Det er vel fortent. Snart ligg og artikkel om festskriftet der. For no har eg kjelde til ein slik artikkel og. D\u00e5 er det bare \u00e5 skrive.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r eg skriv p\u00e5 Setesdalswiki, treng eg kjelder. Ofte kan eg finne dei p\u00e5 Internett, men om temaet er meir lokalt, er det ikkje alltid det er s\u00e5 mykje \u00e5 finne. Til d\u00f8mes er det ingen artikkel om Harald Lund, kunstm\u00e5laren fr\u00e5 Valle p\u00e5 Internett. Han levde fr\u00e5 1908 til 1993. D\u00e5 han var 80 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kjelder-og-skriving-13942846\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kjelder og skriving<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13942846","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13942846"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13942846"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13942846\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13942846"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13942846"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13942846"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}