{"id":13927077,"date":"2012-06-23T22:47:34","date_gmt":"2012-06-23T22:47:34","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/06\/setesdal-sett-med-kunstarauge-13927077\/"},"modified":"2012-06-23T22:47:34","modified_gmt":"2012-06-23T22:47:34","slug":"setesdal-sett-med-kunstarauge-13927077","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdal-sett-med-kunstarauge-13927077\/","title":{"rendered":"Setesdal sett med kunstarauge"},"content":{"rendered":"<p>Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012 har to utstillingar, ei av dei er ei maleriutstilling med same namn som tittelen p\u00e5 bloggen i dag. Eg har ambisjon om \u00e5 skrive artiklar om utstillarane p\u00e5 setesdalswiki, men det er noks\u00e5 vanskeleg \u00e5 finne stoff om somme av dei. I dag skreiv eg om Anstein Rishagen, han har 11 av dei 37 bileta p\u00e5 utstillinga. I dag er han ikkje s\u00e6rleg kjent som kunstnar, men i samtida var kunsten hans popul\u00e6r. I mellomkrigstida var han i Setesdal og m\u00e5la, og han vart gift med ei jente fr\u00e5 Valle.<\/p>\n<p>Utstillinga best\u00e5r av bilete som Sigurd G. Helle har samla gjennom eit langt liv, han har samla kunst med Setesdalsmotiv, og ikkje tenkt s\u00e5 mykje p\u00e5 om kunstnaren er kjent eller ikkje. \u00c5 skrive om kunstnarane vert ei oppg\u00e5ve som ein kan bruke litt tid p\u00e5, ser det ut til.<\/p>\n<p>Artikkelen om utstillinga starta eg p\u00e5 like etter at eg hadde vore p\u00e5 museet og sett bileta. I dag fekk eg lista over bilete og kunnne leggje den inn i artikkelen. Etter at eg hadde hatt ein prat med Leonhard Jansen i g\u00e5r om storleiken p\u00e5 biletet av Helga Ring Reusch, har eg og to bilete av m\u00e5leriet Bondebegravelse i Setesdalen, eitt av biletet som heng p\u00e5 Norsk Folkemuseum, og eitt av eit utkast til same m\u00e5leri, som er med p\u00e5 utstillinga. Biletet p\u00e5 utstillinga p\u00e5 Setesdalsmuseet er bare 26 x 32 cm, medan det p\u00e5 Norsk Folkemuseum er 163,5 cm breitt og 121,5 cm h\u00f8gt.<\/p>\n<p>Eg hadde jo likt \u00e5 lage galleri av bileta i samband med artiklane p\u00e5 Setesdalswiki. Men d\u00e5 m\u00e5 nokon fotografere alle bileta i utstillinga, og det er ein stor jobb. S\u00e5 du f\u00e5r heller ta turen p\u00e5 museet og sj\u00e5 bileta sj\u00f8lv. D\u00e5 kan du samstundes sj\u00e5 10 sn\u00f8scooterar i utstillinga Vinterferdsle i skog og hei. Den er og interessant \u00e5 f\u00e5 med seg.<\/p>\n<p>http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Setesdal_sett_med_kunstnarauge<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Anstein_Risteigen<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Bondebegravelse_i_Setesdalen<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012 har to utstillingar, ei av dei er ei maleriutstilling med same namn som tittelen p\u00e5 bloggen i dag. Eg har ambisjon om \u00e5 skrive artiklar om utstillarane p\u00e5 setesdalswiki, men det er noks\u00e5 vanskeleg \u00e5 finne stoff om somme av dei. I dag skreiv eg om Anstein Rishagen, han har 11 av &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/setesdal-sett-med-kunstarauge-13927077\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Setesdal sett med kunstarauge<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65],"class_list":["post-13927077","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13927077"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13927077"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13927077\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13927077"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13927077"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13927077"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}