{"id":13858032,"date":"2012-06-12T20:16:44","date_gmt":"2012-06-12T20:16:44","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/06\/magnhild-meltveit-kleppa-13858032\/"},"modified":"2012-06-12T20:16:44","modified_gmt":"2012-06-12T20:16:44","slug":"magnhild-meltveit-kleppa-13858032","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/magnhild-meltveit-kleppa-13858032\/","title":{"rendered":"Magnhild Meltveit Kleppa"},"content":{"rendered":"<p>I kveld skreiv eg ein liten artikkel p\u00e5 Setesdalswiki om samferdsleministeren. Ho skulle kome til Valle i morgon, og d\u00e5 var det jo greitt \u00e5 ha ein liten artikkel om henne.<\/p>\n<p>Eg la og ut p\u00e5 Facebook ei lenke til artikkelen om bes\u00f8ket som l\u00e5g p\u00e5 heimesidene til Setesdal Regionr\u00e5d. Og s\u00e5 vende eg meg til Henri Tore Viki om saka, han hadde hatt nokre kritiske sp\u00f8rsm\u00e5l til hennar avgjerd om \u00e5 byggje Ryfast, og eg meinte at han kunne sp\u00f8rje henne direkte. Men han var i Tyrkia, s\u00e5 han var avskoren fr\u00e5 \u00e5 m\u00f8te opp.<\/p>\n<p>No gjorde det ikkje s\u00e5 mykje, for i l\u00f8pet av dei minutta dette skjedde, dukka Tor Hallvard Mosd\u00f8l og Tarald Myrum opp og fortalde at bes\u00f8ket var utsett til hausten. Tarald Myrum skreiv: <strong>NB! NB! Kleppa kjem ikkje. Vitjinga b\u00e5de til Tokke og Valle vart avlyst fredag i f\u00f8rre veka p\u00e5 grunn av saker som m\u00e5tte prioriterast p\u00e5 Stortinget. Dei inviterte skal ha blitt varsla fr\u00e5 Regionr\u00e5det. Ho kjem til hausten.<\/strong><\/p>\n<p>Eg undra meg jo litt over at Setesd\u00f8len ikkje hadde f\u00f8rehandsomtale av bes\u00f8ket i dagens avis, dei pleier jo \u00e5 vere p\u00e5 hogget n\u00e5r det gjeld Riksveg 9, men ettersom eg sjekka heimesida til Setesdal Regionr\u00e5d, der det stod at ho skulle kome, tenkte eg at ho nok kom, men det var alts\u00e5 avlyst.<\/p>\n<p>Eg ville ikkje vore statsr\u00e5d, dei har eit hektisk liv. Magnhild er f\u00f8dd i 1948, ho dreg p\u00e5 \u00e5ra og har vore p\u00e5 Stortinget sidan 1993. Eg synest ho gjer ein god jobb som samferdsleminister, s\u00e5 langt eg kan vurdere det, under dei villk\u00e5ra som er sett for vegbygging her i landet, sj\u00f8lv om eg nok meiner at dei villk\u00e5ra burde vore endra og noko av oljepengane kunne vore investert i veg, det ville l\u00f8nt seg betre samfunns\u00f8konomisk enn \u00e5 investere dei i andre land. E39 er jo ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 skryte av mellom Kristiansand og Stavanger. Eg k\u00f8yrer mellom Mandal og Kristiansand mest kvar veke, den fortener ikkje E-merket var det ein ekspert som sa p\u00e5 ein konferanse i Kristiansand nyleg. Det er eg samd med han i, for ogs\u00e5 den vegen har parti utan gul midtstripe i omr\u00e5det ved Valand aust i Mandal. Vidare vestover fr\u00e5 Mandal er det slitsamt \u00e5 k\u00f8yre, det g\u00e5r ikkje lang tid f\u00f8r ein ligg bak vogntog utan \u00e5 ha h\u00f8ve til \u00e5 kome forbi. S\u00e5 om ho klarar \u00e5 finne ein m\u00e5te \u00e5 f\u00e5 fortgang i utbygging av vegane v\u00e5re f\u00f8r ho g\u00e5r av, hadde det vore kjempefint.<\/p>\n<p>Riksveg 9 er blitt utruleg mykje betre \u00e5 k\u00f8yre etter at utbygginga nord for Ose vart gjennomf\u00f8rt. No st\u00e5r det att eit par viktige parsellar, s\u00e5 er vegen fram til Valle ordna med gul midtstripe p\u00e5 det meste av strekninga. Honn\u00f8r til ordf\u00f8rarane v\u00e5re som st\u00e5r p\u00e5 for \u00e5 sikre pengar til denne viktige vegen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld skreiv eg ein liten artikkel p\u00e5 Setesdalswiki om samferdsleministeren. Ho skulle kome til Valle i morgon, og d\u00e5 var det jo greitt \u00e5 ha ein liten artikkel om henne. Eg la og ut p\u00e5 Facebook ei lenke til artikkelen om bes\u00f8ket som l\u00e5g p\u00e5 heimesidene til Setesdal Regionr\u00e5d. Og s\u00e5 vende eg meg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/magnhild-meltveit-kleppa-13858032\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Magnhild Meltveit Kleppa<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13858032","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13858032"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13858032"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13858032\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13858032"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13858032"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13858032"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}