{"id":13805363,"date":"2012-06-04T19:43:08","date_gmt":"2012-06-04T19:43:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/06\/2800-13805363\/"},"modified":"2012-06-04T19:43:08","modified_gmt":"2012-06-04T19:43:08","slug":"2800-13805363","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/2800-13805363\/","title":{"rendered":"2800"},"content":{"rendered":"<p>I dag runda Setesdalswiki 2800 artiklar. Det skjedde med 17. mai-tale i Valle 2012, som eg hadde f\u00e5tt tilsendt av Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund for ei tid sidan, men f\u00f8rst i dag fekk h\u00f8ve til \u00e5 legge inn. Artikkelen f\u00f8r rundt tal var ein artikkel om rutetider for DB Bjoren i sommar, s\u00e5 det er stor spredning i innhaldet i denne databasen med stoff fr\u00e5 Setesdal.<\/p>\n<p>I utgangspunktet var tanken at Setesdalswiki skulle skrive om folk og n\u00e6ringsliv i Setesdal, men det er blitt mykje meir. No skriv vi om kultur og konfirmantar, dagens hendingar og d\u00f8dsfall. Til no har eg ikkje skrive artiklar om folk som ikkje er vaksne, med mindre dei har utmerka seg i idrett, som Aron og Elin, som Bj\u00f8rgulv nemner i talen sin. Men dagleg finn eg stoff i nye eller gamle utg\u00e5ver av Setesd\u00f8len som kan nyttast til \u00e5 lage artiklar. Ogs\u00e5 plater og b\u00f8ker er med, artikkel nr. 2700 var om plata Gorrlaus som Gunnar Stubseid spelte inn i 2008, og i dag har eg skrive om plata Munnharpe, som Sigurd Brokke gjev ut i \u00e5r p\u00e5 Etnisk Musikklubb.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om eg likar \u00e5 skrive, kjem eg til kort i h\u00f8ve alt det som kan skrivast om p\u00e5 Setesdalswiki, s\u00e5 eg m\u00e5 ta tida til hjelp. Nokre dagar er ein inspirert og har tid, andre dagar g\u00e5r det tregare og andre gjerem\u00e5l tek tida. S\u00e5 vert det ikkje s\u00e5 mange artiklar. Men sm\u00e5tt om senn veks det, dag for dag.<\/p>\n<p>Eg sjekka kor mange innlegg eg har p\u00e5 bloggen, og sidan starten i oktober 2005 har eg skrive 2886 innlegg, s\u00e5 snart er det fleire innlegg p\u00e5 Setesdalswiki enn p\u00e5 bloggen. Men eg bloggar sjeldan meir enn ein gong kvar dag, s\u00e5 det er heilt naturleg at leksikonet veks fortare og snart har teke att forspranget, for der skriv eg kanskje mellom fem og ti artiklar nokre dagar.<\/p>\n<p>Nederst p\u00e5 framsida ser du dei siste nye artiklane. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Hovedside<\/p>\n<p>Og 17. mai-talen i Valle 2012, den sende vi i Valle Radio. Om du ikkje fekk h\u00f8yre han p\u00e5 dagen eller i opptak, kan du no lese han p\u00e5 Setesdalswiki, sj\u00e5 http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/17._mai-tale_i_Valle_2012<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag runda Setesdalswiki 2800 artiklar. Det skjedde med 17. mai-tale i Valle 2012, som eg hadde f\u00e5tt tilsendt av Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund for ei tid sidan, men f\u00f8rst i dag fekk h\u00f8ve til \u00e5 legge inn. Artikkelen f\u00f8r rundt tal var ein artikkel om rutetider for DB Bjoren i sommar, s\u00e5 det er stor &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/2800-13805363\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">2800<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13805363","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13805363"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13805363"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13805363\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13805363"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13805363"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13805363"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}