{"id":13785556,"date":"2012-05-31T20:29:32","date_gmt":"2012-05-31T20:29:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/05\/dersom-viss-sa-framt-13785556\/"},"modified":"2012-05-31T20:29:32","modified_gmt":"2012-05-31T20:29:32","slug":"dersom-viss-sa-framt-13785556","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dersom-viss-sa-framt-13785556\/","title":{"rendered":"Dersom, viss, s\u00e5 framt"},"content":{"rendered":"<p>Dersom eg hadde hatt ansvaret for sendinga i Valle Radio i morgon, som er ei sending til heile Setesdal, hadde eg teke ein prat med Leonhard Jansen. Setesdalsmuseet opnar b\u00e5de scooterutstilling og maleriutstilling neste laurdag. Vi har tidlegare snakka om scooterutstillinga i Valle Radio, det tok ein time og vi fekk ikkje tid til \u00e5 snakke om maleriutstillinga. Det er bilete museet har f\u00e5tt l\u00e5ne av Sigurd Helle i Oslo, Sigurd S\u00f8rpolen kallar dei han. Han har i \u00e5revis samla p\u00e5 maleri fr\u00e5 Setesdal, og det er nok mykje fint der, s\u00e5 popul\u00e6rt som det har vore for kunstnarar \u00e5 vere i dalen i kortare eller lenger tid.<\/p>\n<p>Truleg ville det innslaget ha teke timen mellom 20 og 21.<\/p>\n<p>Men kva skulle ein fylle resten av tida med? Halvtimen mellom 19.30 og 20 er det tradisjon for at Regionr\u00e5det har n\u00e5r det er sending til heile dalen. D\u00e5 kunne eg snakka med Leiv Rygg, som er styreleiar i Regionr\u00e5det. Han pleier \u00e5 ha mykje \u00e5 snakke om, s\u00e5 den halvtimen hadde nok g\u00e5tt fort. I tillegg kunne eg ha ringt til Signe Sollien Haug\u00e5, ho er p\u00e5 etterutdanning i samfunnsplanlegging &#8211; SAMPLAN. Det er eit kurs eg og har vore med p\u00e5, s\u00e5 vi kunne snakka litt om det, det er eit mangfaldig emne. Og Signe har vore i Troms\u00f8 denne veka, der er det midnattsol no, s\u00e5 sovinga har det kanskje vore s\u00e5 som s\u00e5 med.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 var det \u00e5 fylle den aktuelle timen. Eg trur eg ville snakka med Ole Aa. Brattfjord om plata Dalen v\u00e5r. Det skal vere lanseringskonsert neste helg, s\u00e5 det var rimeleg aktuelt. S\u00e5 kunne eg f\u00e5tt meg ein prat med Nils Vogt Gundersen, mannen som flyfotograferer i \u00d8vre Setesdal no. Ein telefon til arrang\u00f8ren av dragrace neste helg i \u00c5raks\u00f8yne kunne og vore interessant. Jan Oddvar Rysstad er med i den nyskipa veteranbussklubben p\u00e5 Evje, s\u00e5 han hadde sikkert hatt litt av kvart \u00e5 fortelje, og Ragnhild Egeland har vore seks m\u00e5nader i Kenya, s\u00e5 ho hadde sikkert og hatt nokre glimt ho kunne dele med oss.<\/p>\n<p>D\u00e5 var nok timen g\u00e5tt, og vel s\u00e5 det.<\/p>\n<p>Men i morgon er det ikkje eg som skal ha sendinga, eg reiser heim til Mandal. Bj\u00f8rgulv var sett opp som ansvarleg, men han m\u00e5tte kaste inn handkleet, han har vore i Oslo denne veka, og ingen andre programleiarar hadde h\u00f8ve til \u00e5 stille opp mellom seks og ni. Heldigvis har Jorunn og K\u00e5re prioritert Opi sending, s\u00e5 klokka ni vert det rebusar og telefonar ut over kvelden. Liv Gunn skal vere teknikar og Tobbe er sett opp som telefonvakt, ho har sikkert f\u00e5tt med seg einkvan, for n\u00e5r det er sending til heile dalen, trengst det fleire til \u00e5 ta telefonane, dei kimer i eitt av svarelystne folk som h\u00f8yrer p\u00e5 radioen ein fredagskveld.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dersom eg hadde hatt ansvaret for sendinga i Valle Radio i morgon, som er ei sending til heile Setesdal, hadde eg teke ein prat med Leonhard Jansen. Setesdalsmuseet opnar b\u00e5de scooterutstilling og maleriutstilling neste laurdag. Vi har tidlegare snakka om scooterutstillinga i Valle Radio, det tok ein time og vi fekk ikkje tid til \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dersom-viss-sa-framt-13785556\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Dersom, viss, s\u00e5 framt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[54],"class_list":["post-13785556","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-program"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13785556"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13785556"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13785556\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13785556"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13785556"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13785556"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}