{"id":13757118,"date":"2012-05-27T20:54:32","date_gmt":"2012-05-27T20:54:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/05\/meir-om-utslatt-13757118\/"},"modified":"2012-05-27T20:54:32","modified_gmt":"2012-05-27T20:54:32","slug":"meir-om-utslatt-13757118","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-utslatt-13757118\/","title":{"rendered":"Meir om utsl\u00e5tt"},"content":{"rendered":"<p>I pinseaftans varme var Ullev\u00e5l Stadion fullsett, men publikum b\u00e5de der og framom TV m\u00e5tte sj\u00e5 Norge tape for England. Heldigvis var det bare vennskapskamp, s\u00e5 dei vart vel ikkje s\u00e5 veldig utsl\u00e5tt.<\/p>\n<p>D\u00e5 var det verre med Tojii, mannen som song for Norge i programmet alle elskar \u00e5 hate. Sisteplass p\u00e5 25-\u00e5rsdagen kunne gjere nokon kvar meir enn utsl\u00e5tt.<\/p>\n<p>P\u00e5 Wikipedia har det siste veke vore ein konkurranse om \u00e5 skrive om artistar og songar i Eurovision Song Contest. Dette med Ukens konkurranse p\u00e5 Wikipedia var det i grunnen eg som drog i gang etter modell fr\u00e5 Sverige for eit par \u00e5r sidan, men i den seinare tida har eg ikkje vore s\u00e5 aktiv der.<\/p>\n<p>Denne gongen tenkte eg at eg kunne gjo gjere ein innsats, s\u00e5 eg skreiv om den danske deltakaren Solana, laga artikkel om henne, songen og debutplata. Til saman tre artiklar som gav meg 70 poeng. Andre deltakarar har passert 300, det synest eg er hyggeleg, er er ikkje med i konkurransen for \u00e5 vinne.<\/p>\n<p>Men ogs\u00e5 det danske bidraget kom langt nede p\u00e5 lista, lenge stod Danmark og Norge med 0 poeng, men dei enda litt h\u00f8gare enn Norge. Solana var s\u00e5 skuffa at ho mest ikkje ville snakke med pressa etterpa, las eg i Kristeligt Dagblad i dag. Men etter eit kvarter dukka ho likevel opp, utsl\u00e5tt, men fatta. N\u00e5r vona er \u00e5 kome mellom dei fem f\u00f8rste er det vanskeleg \u00e5 svelge at ein er mellom dei fem siste.<\/p>\n<p>No vert det svenskane som m\u00e5 arrangere Eurovision Song Contest neste \u00e5r. Dei kan vel neppe gjere som arrang\u00f8ren i Aserbadjan, \u00e5 f\u00e5 pengar direkte fr\u00e5 statskassa. Det vert vel redusert programtilbod andre stader og auka lisensavgift i Sveriges Television neste \u00e5r, tenkjer eg.<\/p>\n<p>Heldigvis ikkje fullt s\u00e5 varmt i dag, s\u00e5 eg klarte meg med ein middagslur, og lurte hovudverken med det. God pinse-<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I pinseaftans varme var Ullev\u00e5l Stadion fullsett, men publikum b\u00e5de der og framom TV m\u00e5tte sj\u00e5 Norge tape for England. Heldigvis var det bare vennskapskamp, s\u00e5 dei vart vel ikkje s\u00e5 veldig utsl\u00e5tt. D\u00e5 var det verre med Tojii, mannen som song for Norge i programmet alle elskar \u00e5 hate. Sisteplass p\u00e5 25-\u00e5rsdagen kunne gjere &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-utslatt-13757118\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om utsl\u00e5tt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13757118","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13757118"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13757118"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13757118\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13757118"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13757118"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13757118"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}