{"id":13670214,"date":"2012-05-12T21:27:44","date_gmt":"2012-05-12T21:27:44","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/05\/senatet-som-aldri-vart-13670214\/"},"modified":"2012-05-12T21:27:44","modified_gmt":"2012-05-12T21:27:44","slug":"senatet-som-aldri-vart-13670214","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/senatet-som-aldri-vart-13670214\/","title":{"rendered":"Senatet som aldri vart"},"content":{"rendered":"<p>I kj\u00f8lvatnet av at statssekret\u00e6r Morten S\u00f8berg var i Valle m\u00e5ndag las eg p\u00e5 Setesdalswiki at han hadde skrive ei bok som heitte <em>Senatet som aldri vart<\/em>. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Morten_S%C3%B8berg<\/p>\n<p>Det var etter det eg kunne finne ut ei bok med essay, og s\u00e5 tenkte eg at eg kunne f\u00e5 Lisbeth p\u00e5 biblioteket til \u00e5 skaffe den og den andre boka han hadde skrive, <em>Sverdrups ekko<\/em>. Difor gjekk eg p\u00e5 biblioteket tysdag. Lisbeth var litt oppteken, s\u00e5 eg sette meg til datamaskinen og fann fram s\u00f8kesida der ein kan s\u00f8ke i Valle folkebibliotek sine b\u00f8ker. Ein kan s\u00f8ke heimefr\u00e5 og, det er ei lenke p\u00e5 Valle kommune sin heimeside til Valle folkebibliotek.<\/p>\n<p>Begge b\u00f8kene dukka opp, p\u00e5 hylla, stod det. Ho hadde dei alts\u00e5 i huset, eg trong ikkje bestille dei. den dagen gjekk Lisbeth med ein genser der det stod: <em>Vi skaffer (nesten) alt<\/em>, og d\u00e5 f\u00f8lte eg at det var sant, som eg har gjort s\u00e5 mange gonger f\u00f8r.<\/p>\n<p>Snart stod eg med begge b\u00f8kene i handa og kunne setje meg til \u00e5 lese. Senatet som aldri vart, var den f\u00f8rste boka, og i sm\u00e5 stykke p\u00e5 konservativt nynorsk fekk eg innblikk i saker om storting og styringsverk som eg ikkje visste f\u00f8r. Til d\u00f8mes om Paul Svarstad fr\u00e5 H\u00f8gre sin kamp for Strynefjellsvegen. B\u00e5de Kjell Ingolf Ropstad og Svein Harberg kunne nok l\u00e6re noko til kampen for gul stripe til Hovden av han. Eit essay handlar om kommunesamansl\u00e5ingar, det er interessante linjer han trekkjer opp i h\u00f8ve til samansl\u00e5ingane for 50 \u00e5r sidan og aktuelt nok i v\u00e5re dagar. Eg f\u00e5r og vite at i Norge vert statsministeren ikkje vald, men peika ut av Kongen, det hadde eg ikkje tenkt p\u00e5 f\u00f8r, i andre land vert han vald av parlamentet.<\/p>\n<p>Mange interessante tankar i ei lita bok. Eg fortalde Vidar banksjef om boka d\u00e5 han var i radioen onsdagskvelden. Han ville l\u00e5ne henne etter meg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kj\u00f8lvatnet av at statssekret\u00e6r Morten S\u00f8berg var i Valle m\u00e5ndag las eg p\u00e5 Setesdalswiki at han hadde skrive ei bok som heitte Senatet som aldri vart. http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Morten_S%C3%B8berg Det var etter det eg kunne finne ut ei bok med essay, og s\u00e5 tenkte eg at eg kunne f\u00e5 Lisbeth p\u00e5 biblioteket til \u00e5 skaffe den &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/senatet-som-aldri-vart-13670214\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Senatet som aldri vart<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13670214","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13670214"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13670214"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13670214\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13670214"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13670214"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13670214"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}