{"id":13607981,"date":"2012-05-01T17:40:25","date_gmt":"2012-05-01T17:40:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/05\/langeloni-13607981\/"},"modified":"2012-05-01T17:40:25","modified_gmt":"2012-05-01T17:40:25","slug":"langeloni-13607981","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/langeloni-13607981\/","title":{"rendered":"Langeloni"},"content":{"rendered":"<p>I dag fekk eg ein artikkel om Langeloni p\u00e5 Setesdalswiki. Langeloni er eit vatn i Langeidsheii, 32 km fr\u00e5 Langeid i Setesdal Vesthei &#8211; Ryfylkeheiane landskapsvernomr\u00e5de. Der har ein ikkje lov \u00e5 byggje hytter, men i 2004 vart det sett opp ei jakthytte p\u00e5 30 kvadratmeter langt der vest i heia, like ved vatnet, p\u00e5 austsida. Grensa mellom Setesdal og Sirdal g\u00e5r i Langeloni.<\/p>\n<p>Grunnen til at eg fekk ein artikkel, var at eg kom til \u00e5 sj\u00e5 eit bilete som Knut William Bygland la ut p\u00e5 Facebook av hytta der inne. Det var teke d\u00e5 dei heldt p\u00e5 \u00e5 reise hytta, og s\u00e5 spurte eg om eg kunne bruke det p\u00e5 Setesdalswiki. Det syntest han var morosamt, s\u00e5 han fann like godt eit bilete av vatnet og, s\u00e5 no ligg det to bilete i artikkelen. P\u00e5 internett klarte eg \u00e5 finne koordinatar for \u00e5 legge inn eit kart, s\u00e5 no kan ein sj\u00e5 p\u00e5 kartet kor hytta ligg.<\/p>\n<p>Det er etablert to grupper p\u00e5 Facebook der ein legg ut bilete fr\u00e5 gamle dagar, det vil seie fr\u00e5 forrige hundre\u00e5r. Nokre av desse bileta kunne godt h\u00f8ve til artiklar p\u00e5 Setesdalswiki, det har eg tenkt lenge, og i dette tilfellet lukkast det. Eg kunne gjerne sett at fleire artiklar kom til p\u00e5 den m\u00e5ten. Dette skjedde etter klokka tolv i natt, men det kan like godt skje p\u00e5 lyse dagen.<\/p>\n<p>No stundar det mot kvelden att, i morgon er det skuledag, s\u00e5 eg trur nok det er p\u00e5 tide \u00e5 dra oppover dalen og gjere klar for ei kort jobbveke etter ei lang sjukemelding. I morgon kveld skal Bj\u00f8rgulv T. Berg ha sending i Valle Radio, programmet kjem vel i Setesd\u00f8len i morgon tenkjer eg.<\/p>\n<p>Her er lenke til artikkelen p\u00e5 Setesdalswiki: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Langeloni<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag fekk eg ein artikkel om Langeloni p\u00e5 Setesdalswiki. Langeloni er eit vatn i Langeidsheii, 32 km fr\u00e5 Langeid i Setesdal Vesthei &#8211; Ryfylkeheiane landskapsvernomr\u00e5de. Der har ein ikkje lov \u00e5 byggje hytter, men i 2004 vart det sett opp ei jakthytte p\u00e5 30 kvadratmeter langt der vest i heia, like ved vatnet, p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/langeloni-13607981\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Langeloni<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13607981","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13607981"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13607981"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13607981\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13607981"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13607981"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13607981"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}