{"id":13590254,"date":"2012-04-28T09:29:51","date_gmt":"2012-04-28T09:29:51","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/04\/temaquiz-pa-bykle-hotell-13590254\/"},"modified":"2012-04-28T09:29:51","modified_gmt":"2012-04-28T09:29:51","slug":"temaquiz-pa-bykle-hotell-13590254","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/temaquiz-pa-bykle-hotell-13590254\/","title":{"rendered":"Temaquiz p\u00e5 Bykle Hotell"},"content":{"rendered":"<p>Torsdagskvelden samlast deltakarane p\u00e5 Setesdalskonferansen 2012 seg til ein times underhaldning i regi av Bykle Hotell f\u00f8r middagen. Eit pynta glass med eller utan og nokre gode quizvener, s\u00e5 kunne ein g\u00e5 laus p\u00e5 ein av dei meir spesielle quizrundane eg har vore med p\u00e5. Bransjebasert, kalla Bj\u00f8rn Erling det og lurte p\u00e5 om pastramip\u00f8lse var fr\u00e5 Spania eller Italia. Der svarte vi Italia, og fekk eitt av dei fire poenga vi klarte \u00e5 hale inn.<\/p>\n<p>Kva heiter den nordafrikanske retten der den viktigaste ingrediensen er finmalt durumkveite? Det var ikkje s\u00e5 lett, for der kunne ein ikkje velje mellom to kjende, slik som i f\u00f8rste sp\u00f8rsm\u00e5let. D\u00e5 var de bare \u00e5 saumfare kva ein visste om nordafrikansk mat, og det var lite, i alle fall for min del. Men ingen av dei andre deltakarane visste s\u00e6rleg meir enn meg, synte det seg. Ikkje eingong konferansens programleiar, Styrk Fj\u00e6rtoft Trondsen, eller n\u00e6ringsutviklaren p\u00e5 Vinds\u00e5s, Rune Ingebretsen, kom med betre forslag enn couscous, s\u00e5 det vart svaret v\u00e5rt. S\u00e5 synte det seg \u00e5 vere rett, og jubelen stod i taket. To poeng av to moglege.<\/p>\n<p>Veit du kor m\u00fcsli kjem fr\u00e5? Vi tippa Sverige eller Finland, kona til Bj\u00f8rn Erling er finsk, men s\u00e5 kom vi til \u00e5 tenkje p\u00e5 at bokstaven \u00fc vert brukt ogs\u00e5 i tysk, s\u00e5 vi svarte Tyskland. Kven kunne kome p\u00e5 at dei ogs\u00e5 snakkar tysk i Sveits, s\u00e5 vi meinte vi burde f\u00e5tt eit halvt poeng for v\u00e5rt svar, men det ville ikkje quizleiaren vere med p\u00e5, s\u00e5 vi m\u00e5tte notere ein smultring der.<\/p>\n<p>Pomodori er mykje brukt i det italienske kj\u00f8kkenet, men kva er det? Der var vi heilt blanke, s\u00e5 vi skreiv pasta, men det var det slett ikkje, det var ein tomat-type. Og d\u00e5 vakna Styrk, han kj\u00f8pte alltid pomodori-tomatar p\u00e5 boks, det var dei beste hermetiske tomatane, kom han p\u00e5. Vi andre lurte p\u00e5 kvifor han ikkje kom p\u00e5 det f\u00f8r han fekk vite svaret, men det gav ingen poeng \u00e5 kome p\u00e5 det etterp\u00e5, ikkje eingong om ein hadde ei god historie rundt, s\u00e5 det vart ein ny smultring.<\/p>\n<p>Kor stort er vanninnhaldet i agurk? Der var Knut H. Rysstad sikker p\u00e5 at det var 96%, men vi skreiv 97% for \u00e5 ikkje blandet med alkoholinnhaldet i rein sprit. Men quizleiaren ville ha 90%, s\u00e5 vi fekk ikkje noko der heller, sj\u00f8lv om vi seinare p\u00e5 kvelden kontrollerte med Wikipedia, som sa <em>Agurk best\u00e5r hovedsakelig av vann (96-97%),<\/em> men d\u00e5 var konkurransen slutt. Likevel gjorde det godt \u00e5 vite at Knut og vi hadde rett, vi skulle hatt eit poeng der, og quizleiaren burde oppdatert kunnskapen sin.<\/p>\n<p>H\u00f8vring er namnet p\u00e5 eit skalldyr, men kva namn brukar vi mest, det var femte sp\u00f8rsm\u00e5l. Der var svaret krabbe, og det visste vi, s\u00e5 halvvegs i konkurransen var vi komne til tre poeng. I foredraget fredagen fortalde forresten Richard Jacobsen om ein kelner som gjekk som ein krabbe, ikkje seint, slik ein gjerne tenkjer om krabben, men sidelengs. Ein kelner som g\u00e5r sidelengs gjev ikkje noko godt inntrykk, s\u00e5 d\u00e5 restauranten han arbeidde p\u00e5 skulle kurse dei tilsette, m\u00e5tte denne kelneren l\u00e6re seg \u00e5 g\u00e5 rett fram.<\/p>\n<p>Eg m\u00e5 l\u00e6re meg \u00e5 stoppe i tide, s\u00e5 eg stoppar her.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Torsdagskvelden samlast deltakarane p\u00e5 Setesdalskonferansen 2012 seg til ein times underhaldning i regi av Bykle Hotell f\u00f8r middagen. Eit pynta glass med eller utan og nokre gode quizvener, s\u00e5 kunne ein g\u00e5 laus p\u00e5 ein av dei meir spesielle quizrundane eg har vore med p\u00e5. Bransjebasert, kalla Bj\u00f8rn Erling det og lurte p\u00e5 om pastramip\u00f8lse &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/temaquiz-pa-bykle-hotell-13590254\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Temaquiz p\u00e5 Bykle Hotell<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[63],"class_list":["post-13590254","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalskonferansen"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13590254"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13590254"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13590254\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13590254"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13590254"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13590254"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}