{"id":1331727,"date":"2006-11-15T08:05:19","date_gmt":"2006-11-15T08:05:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/11\/kontakt_med_lydarane1331727\/"},"modified":"2006-11-15T08:05:19","modified_gmt":"2006-11-15T08:05:19","slug":"kontakt_med_lydarane1331727","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kontakt_med_lydarane1331727\/","title":{"rendered":"Kontakt med lydarane"},"content":{"rendered":"<p>Ein og annan gong f\u00e5r vi vite at det er nokon som h\u00f8yrer p\u00e5 oss p\u00e5 Internett. Som oftast skjer det i samband med Open sending, d\u00e5 kan det vere folk som ringjer til oss fr\u00e5 Arendal, Kristiansand eller Sirdal, for \u00e5 nemne nokre stader der vi ikkje har dekning p\u00e5 sendarnettet v\u00e5rt.<\/p>\n<p>I g\u00e5r kveld under sendinga fekk eg ein telefon fr\u00e5 Henrik. Eg hugsar ikkje kva stad han sa han ringte fr\u00e5, han sa heller ikkje om han hadde tilknytning til Valle. Men han fortalde at han likte godt \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 inn radiokanalar p\u00e5 Internett, men at han strevde litt med \u00e5 f\u00e5 inn Valle radio.<\/p>\n<p>Vi prata litt saman, og eg sa at eg skulle gje melding til v\u00e5r tekniske sjef om at sendinga ikkje gjekk ut p\u00e5 Internett. S\u00e5 kunne han pr\u00f8ve igjen \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 oss fr\u00e5 18.00 i dag. Det var han n\u00f8gd med, s\u00e5 vi avslutta.<\/p>\n<p>Tydelegevis m\u00e5 Henrik har pr\u00f8vd litt meir etterp\u00e5, for 20 minutt seinare kom det ein ny telefon: -No har eg f\u00e5tt det til, no h\u00f8yrer eg dykk, no er det orgelmusikk, sa han. Det var rett, klokka var mellom 20.30 og 21.00, og Niklos var i studio.<\/p>\n<p>Om andre fekk oss inn, veit eg ikkje. Systemet v\u00e5rt er slik at vi ikkje kan  finne ut om nokon h\u00f8yrer p\u00e5 oss p\u00e5 Internett. Men gjev gjerne lyd fr\u00e5 deg om du h\u00f8yrer p\u00e5 Internett. Det er alltid hyggeleg \u00e5 ha kontakt med lydarane.<\/p>\n<p>I g\u00e5rsdagens **P\u00e5 kyrkjebakken** fortalde eg om utstillinga som Valle Vev skal ha laurdag 25. november. Det var annonse om dette i Setesd\u00f8len i g\u00e5r. S\u00e5 kopla eg det saman med Jolemessa p\u00e5 Rysstad og sa at Karin B\u00f8e er t\u00f8ff som inviterer til Ope hus same dagen som jolemessa. S\u00e5 begynte telefonen \u00e5 ringe, og Niklos sprang og tok han, ettersom eg var p\u00e5 lufta. D\u00e5 var det Karin som fortalde at det skulle vere 25. november hos Valle vev, ikkje 18. november, som er dato for jolemessa p\u00e5 Rysstad. Det var rask respons, og korrigeringa kom ut med det same. Slik kan vi hjelpe kvarandre. Takk skal du ha, Karin.<\/p>\n<p>Eg vonar mange tek turen til Flateland neste laurdag for \u00e5 sikre seg noko av alt det fine Karin har for sal.<\/p>\n<p>Eg takkar og for kontakt med lydarane anten det skjer i telefonen eller n\u00e5r vi m\u00f8test p\u00e5 gata. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein og annan gong f\u00e5r vi vite at det er nokon som h\u00f8yrer p\u00e5 oss p\u00e5 Internett. Som oftast skjer det i samband med Open sending, d\u00e5 kan det vere folk som ringjer til oss fr\u00e5 Arendal, Kristiansand eller Sirdal, for \u00e5 nemne nokre stader der vi ikkje har dekning p\u00e5 sendarnettet v\u00e5rt. I g\u00e5r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kontakt_med_lydarane1331727\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kontakt med lydarane<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-1331727","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1331727"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1331727"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1331727\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1331727"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1331727"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1331727"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}