{"id":13160512,"date":"2012-03-11T22:39:23","date_gmt":"2012-03-11T22:39:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/03\/bibel-quiz-ein-sundagskveld-13160512\/"},"modified":"2012-03-11T22:39:23","modified_gmt":"2012-03-11T22:39:23","slug":"bibel-quiz-ein-sundagskveld-13160512","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bibel-quiz-ein-sundagskveld-13160512\/","title":{"rendered":"Bibel-quiz ein sundagskveld"},"content":{"rendered":"<p>Kan ein bruke ein sundagskveld betre enn p\u00e5 bibel-quiz? Sundag reiste eg tidleg fr\u00e5 Mandal, for Reidun skulle ta toget fr\u00e5 Kristiansand klokka 14.05. Ho har ei ferieveke ho vil bruke hj\u00e5  barnebarn i Nittedal, og eg k\u00f8yrde henne til toget og deretter var det bare \u00e5 setje kursen nordover Setesdalsvegen. P\u00e5 Stemmen fiksar dei stasjonen, s\u00e5 eg fekk ikkje p\u00e5fyll p\u00e5 YX-koppen min f\u00f8r p\u00e5 Evje. Der fekk eg og vaska bilen, som var blitt utruleg skiten sj\u00f8lv om det bare var ei veke sidan eg sist vaska han. Dei har gull-vask og s\u00f8lv-vask, denne gongen vart det bare s\u00f8lv-vask til 199 kroner.<\/p>\n<p>Eg var etter kvart blitt svolten og tenkte difor at eg skulle sj\u00e5 om det var mat \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 D\u00f8len. Sj\u00f8lv om eg har budd her i over 20 \u00e5r, hadde eg aldri vore inne p\u00e5 dette hotellet, og den buffeten dei hadde der, var ei overrasking. Eg klarar ikkje \u00e5 ramse opp all den gode maten, her var alt ein kunne \u00f8nske seg og meir til. Dessertbordet og kakebordet var som i eit bryllup, og det var bare ein sundag i mars. N\u00e5r det s\u00e5 var storskjerm med skiskyting for kvinner der, og Tora Berger gjekk som eit uver og skaut tilsvarande, vart det eit uvanleg triveleg og langt m\u00e5ltid.<\/p>\n<p>Mett og god rulla eg nordover til bibel-quiz p\u00e5 Nomeland bedehus. Eg kom for seint, mat og sport tok lenger tid enn eg hadde planlagt, og sj\u00f8lv om det er blitt god veg nordover, f\u00e5r ein halde fartsgrensa ein sundag. M\u00f8tande trafikk var stor, men likevel ikkje som dei st\u00f8rste utfartshelgene, det var sol, men sterk motvind nordover og eg kom ein halv time for seint. Dermed fekk eg med meg bare siste delen av ein interessant tale av Torstein Lauvdal, som hadde eit lengdesnitt gjennom Bibelen som tema. Tidslinja vart hengd opp p\u00e5 veggen, s\u00e5 kunne ein f\u00f8lgje konkret viktige episodar i framstellinga.<\/p>\n<p>Etter ein matpause med nydelege kaker som eg p\u00e5 ingen m\u00e5te kunne gjere \u00e6re p\u00e5, eg var framleis god og mett etter m\u00e5ltidet p\u00e5 D\u00f8len, var det tid for Bibelquiz. Kva heitte s\u00f8nene til Noa og kven f\u00f8rde Jesus ut i \u00f8ydemarka etter han var d\u00f8ypt, det var noko av det me grubla p\u00e5 denne kvelden. Det enda godt for Gunnar Holen, Bente og Torleif D. Bj\u00f8rgum og meg, vi vann heile konkurransen og fekk ein pose p\u00e5skesjokolade pluss eit blomekort. Det siste var ikkje minst fin premie: <em>For du, Herre, velsigner den rettferdige, du dekker ham med n\u00e5de og skjold.<\/em> Salme 4,13. Premiar treng slett ikkje vere store og dyre.<\/p>\n<p>Siste programpost var Rolf Erik Homme, som song tre songar. Som alltid var det vakker song og gitarspel. S\u00e5 takka Liv \u00c5kre Trydal av. Ho lurte p\u00e5 om dei 40 deltakarane syntest det var ein kveld ein kunne ta ein gong seinare, og d\u00e5 hausta ho trampeklapp.<\/p>\n<p>I tillegg til ein triveleg kveld fekk eg tak i historisk informasjon nok til at eg kunne skrive om Nomeland bedehus p\u00e5 Setesdalswiki, sj\u00e5 http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Nomeland_bedehus<\/p>\n<p>S\u00e5 d\u00e5 kan eg seie god natt etter ein god dag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kan ein bruke ein sundagskveld betre enn p\u00e5 bibel-quiz? Sundag reiste eg tidleg fr\u00e5 Mandal, for Reidun skulle ta toget fr\u00e5 Kristiansand klokka 14.05. Ho har ei ferieveke ho vil bruke hj\u00e5 barnebarn i Nittedal, og eg k\u00f8yrde henne til toget og deretter var det bare \u00e5 setje kursen nordover Setesdalsvegen. P\u00e5 Stemmen fiksar dei &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bibel-quiz-ein-sundagskveld-13160512\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bibel-quiz ein sundagskveld<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13160512","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13160512"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13160512"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13160512\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13160512"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13160512"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13160512"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}