{"id":1315065,"date":"2006-11-10T09:38:03","date_gmt":"2006-11-10T09:38:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/11\/hylestad_skule1315065\/"},"modified":"2006-11-10T09:38:03","modified_gmt":"2006-11-10T09:38:03","slug":"hylestad_skule1315065","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hylestad_skule1315065\/","title":{"rendered":"Hylestad skule"},"content":{"rendered":"<p>Hylestad skule er barneskule for Rysstad. Omtale av skulen p\u00e5 kommunen sine heimesider finn du her:<br \/>\nhttp:\/\/www.valle.kommune.no\/innhald\/h_hylestad_skule.htm<\/p>\n<p>Astrid Opdahl Knutsen er rektor, og onsdag kveld var det hennar tur til \u00e5 kome i Valle radio sitt program Kommunen informerer.<\/p>\n<p>Astrid ringte meg p\u00e5 m\u00e5ndag for \u00e5 f\u00f8rebu seg, ho sa at ho trudde ikkje ho hadde s\u00e5 mykje \u00e5 snakke om, det meste ho visste, var kjent fr\u00e5 f\u00f8r. Men tysdag kom Setesd\u00f8len, og der var det ei heil side med stoff fr\u00e5 Hylestad skule. Den var laga av 6. klasse p\u00e5 skulen i samarbeid med l\u00e6raren deira, Knut Brokke. Astrid fortalde at det er eit prosjekt Setesd\u00f8len inviterer skulane til \u00e5 vere med p\u00e5, og det g\u00e5r rett inn i det faglege arbeidet for dei \u00e5 arbeide med dette. Sj\u00e5<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdolen.no\/ Du finn ikkje sida fr\u00e5 Hylestad skule her, Setesd\u00f8len legg bare ut framsida av avisa p\u00e5 nettet.<\/p>\n<p>Desse elevane hadde laga sida: Svein H\u00e5vard Helle, Knut Helge Bratteland, Knut Haatveit Hovet, Kristin Elisabeth Helle og Grethe Bj\u00f8rgum. Her hadde dei ein samleartikkel om skulen der dei skriv om uteomr\u00e5det, dagleg trim, ombygging, nye datamaskinar, milj\u00f8prisen, fadderordninga og elevr\u00e5det. I samtalen mellom Astrid og meg var vi innom mange av dei same punkta.<\/p>\n<p>Astrid fortalde at ho lurte p\u00e5 om det kom til \u00e5 vere noko att \u00e5 fortelje om i radioen etter at dei hadde skrive om skulen, men eg meinte at ho hadde gjeve det beste opplegget for programmet gjennom \u00e5 gje lyttarane h\u00f8ve til \u00e5 finne fram avisa og lese om det vi snakka om.<\/p>\n<p>Uteomr\u00e5det til skulen er blitt sv\u00e6rt bra, og no n\u00e5r bilane er kome lenger bort fr\u00e5 sj\u00f8lve skuleplassen, fungerer det godt \u00e5 f\u00e5 til oppstilling f\u00f8r dei skal g\u00e5 p\u00e5 bussen. Leikeomr\u00e5det kan ein nesten seie er unikt med gode variasjonar b\u00e5de sommar og vinter. Skulen har eit kvarter trim kvar dag klokka kvart p\u00e5 ti. D\u00e5 g\u00e5r b\u00e5de l\u00e6rarar og elevar til Sylvartun eller til krysset der vegen g\u00e5r til Hovet og Bj\u00f8rgum og tilbake til skulen. Anten veret er godt eller mindre godt, dei g\u00e5r i all slags ver.<\/p>\n<p>Ombygginga ved skulen har vore vellukka p\u00e5 alle m\u00e5tar. Siste delen er ferdig og arbeidsrom til personalet er no fullf\u00f8rt med gode arbeidsplassar til alle l\u00e6rarane s\u00e5 vel som til rektor. Kopiering og skulemateriell er no samla slik at det er lett \u00e5 finne.<\/p>\n<p>Kvar m\u00e5nad deler skulen ut milj\u00f8pris til den klassen som er best n\u00e5r det gjeld milj\u00f8, b\u00e5de fysisk og psykisk. Dei f\u00e5r vurdering av reinhaldar Randi Uppstad n\u00e5r det gjeld reinhald i klasseromet, og av l\u00e6rar i samarbeid med klassen n\u00e5r det gjeld milj\u00f8et mellom elevane. Skulen har og etablert ei fadderordning der elevane i 6. klasse hjelper elevane i fyrste klasse.<\/p>\n<p>Meir enn dette n\u00e5dde vi nesten ikkje. P\u00e5 sidene i Setesd\u00f8len st\u00e5r det og at skulen var med i Regnsjekken som NRK organiserte i Ekstremv\u00earveka, veke 39. Det fekk vi ikkje tid til \u00e5 ta opp, men Astrid hadde funne musikk der dei rappa tre-gangen, og saman undrast vi p\u00e5 kvifor ein ikkje hadde gjort noko liknande d\u00e5 vi gjekk p\u00e5 skulen. Ved \u00e5 setje musikk til gangetabellen gjekk det mykje lettare \u00e5 l\u00e6re den.<\/p>\n<p>Dette f\u00f8rde oss inn p\u00e5 Kunnskapsl\u00f8ftet, som er namnet p\u00e5 den nye l\u00e6replanen som vart innf\u00f8rt i haust. Det er store utfordringar med nye planar, dei skal b\u00e5de l\u00e6rast av l\u00e6rarane og impelementerast p\u00e5 skulen. Astrid fortalde at den nye planen har vekt p\u00e5 l\u00e6ringsm\u00e5l, ikkje l\u00e6restoff. I alle fag er det fem grunnleggjande dugleikar som g\u00e5r att: Munnleg, skriftleg, lesing, rekning og digitale verkt\u00f8y. Alle kommunane i Setesdalsregionen har g\u00e5tt saman om \u00e5 g\u00e5 gjennom fagplanane og gje dei meir kj\u00f8t p\u00e5 beina, slik at ikkje alle m\u00e5 finne opp krutet p\u00e5 nytt.<\/p>\n<p>Astrid minna meg og om at eg hadde laga eit intervju med henne for eit halvt \u00e5r sidan og at vi d\u00e5 hadde snakka om at dei skulle p\u00e5 studietur til Telemark for \u00e5 l\u00e6re om L\u00e6ringsstrategiar. Det hadde vore ein vellukka tur og dei var sv\u00e6rt oppgl\u00f8dde for dette etter turen. Eksemplet med matematikk og musikk syner at ein kan l\u00e6re p\u00e5 mange m\u00e5tar, og ved \u00e5 ta i bruk kunnskapen om dette, kan ein hjelpe elevane til betre l\u00e6ring.<\/p>\n<p>Til slutt fortalde ho om Prosjekt Livredning, som er eit tilbod til alle i 7. klasse fr\u00e5 Norsk Luftambulanse. Alle elevane har f\u00e5tt ei mini Anne-dokke. Den skal dei bruke til \u00e5 l\u00e6re opp flest mogleg heime i livredning. Ho oppmoda alle til \u00e5 ta vel imot elevane n\u00e5r dei kjem heim med dette og fortalde at resultatet skal registrerast og nyttast i forskning. M\u00e5let er at 60.000 skal l\u00e6re livredning gjennom dette systemet. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hylestad skule er barneskule for Rysstad. Omtale av skulen p\u00e5 kommunen sine heimesider finn du her: http:\/\/www.valle.kommune.no\/innhald\/h_hylestad_skule.htm Astrid Opdahl Knutsen er rektor, og onsdag kveld var det hennar tur til \u00e5 kome i Valle radio sitt program Kommunen informerer. Astrid ringte meg p\u00e5 m\u00e5ndag for \u00e5 f\u00f8rebu seg, ho sa at ho trudde ikkje ho &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hylestad_skule1315065\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hylestad skule<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[36],"class_list":["post-1315065","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-kommunen-informerer"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1315065"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1315065"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1315065\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1315065"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1315065"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1315065"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}