{"id":13098974,"date":"2012-03-07T20:58:08","date_gmt":"2012-03-07T20:58:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/03\/telefonkveld-13098974\/"},"modified":"2012-03-07T20:58:08","modified_gmt":"2012-03-07T20:58:08","slug":"telefonkveld-13098974","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/telefonkveld-13098974\/","title":{"rendered":"Telefonkveld"},"content":{"rendered":"<p>Eg trur det er f\u00f8rste gong p\u00e5 alle dei \u00e5ra eg har vore programleiar i Valle Radio at eg ikkje har hatt levande personar med meg i studio ein onsdagskveld. Men denne kvelden vart ein telefonkveld, ingen av dei eg hadde med meg, hadde h\u00f8ve \u00e5 kome i studio denne kvelden.<\/p>\n<p>Den f\u00f8rste eg prata med var Jan Wojtaszek i Brokke Alpinsenter. Han stod midt i bakken og gledde seg over kvart sn\u00f8fnugg som kom dalande. Mildveret i slutten av vinterferien t\u00e6rte hardt p\u00e5 b\u00e5de kunstsn\u00f8 og natursn\u00f8, s\u00e5 det var godt at det vart kaldt, frost om natta var viktig for \u00e5 ta vare p\u00e5 sn\u00f8en, sa han. Og med sn\u00f8 i bakken er det eit eldorado for skuleelevar i Brokke, idrettslinja p\u00e5 KKG har vore ei veke og no er det tid for grunnskulane i Setesdal \u00e5 ha skidag i alpinbakken. Stolheisen er sterkt medverkande til at det er auka bes\u00f8k i \u00e5r, folk synest det er godt \u00e5 sitje dei \u00e5tte minutta fr\u00e5 botn til toppen av bakken.<\/p>\n<p>Den neste eg hadde med i den aktuelle timen var Olaf Henrik Homme. Han hadde i 2007 f\u00e5tt vedtak p\u00e5 at det skulle setjast opp gradestokk og klokke p\u00e5 Rysstad og i Valle. P\u00e5 Rysstad gjekk det lagleg \u00e5 f\u00e5 opp klokka, men i Valle var det meir vanskeleg. Det synte seg at teknikar K\u00e5re Rike ogs\u00e5 hadde peiling p\u00e5 dette emnet, for Valle Sparebank var med i finansieringa. Det var ein stor diskusjon om kor skiltet skulle st\u00e5 i Valle, og skiltplanen vart aldri vedteken. Gradestokken og klokka vart liggjande p\u00e5 lager ei stund, men s\u00e5 kom eit glupt hovud p\u00e5 at det jo kunne kome til nytte p\u00e5 alpinsenteret p\u00e5 Furest\u00f8yl, s\u00e5 no har Hylestad to slike skilt og Valle er heilt utan. Sj\u00f8lv om Olaf Henrik no er ute av politikken, ville han vurdere \u00e5 ta saka opp med gruppa med sikte p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 opp skilt i Valle uavhengig av skiltplanen som aldri vart vedteken.<\/p>\n<p>S\u00e5 kom Wenche Tangene p\u00e5 telefonen for \u00e5 fortelje om nyhendeskriv nr. 2  fr\u00e5 Helseprosjekt Setesdal, eit skriv som kom ut no i februar med informasjon om demensprosjektet sin p\u00e5r\u00f8randeskule og om IKT-satsinga for \u00e5 binde helsesektorane i Setesal saman med S\u00f8rlandet sykehus HF.<\/p>\n<p>Til slutt kom Signe Sollien Haug\u00e5 p\u00e5 tr\u00e5den fr\u00e5 Trondheim for \u00e5 fortelje om Setesdalskonferansen og Setesdalsprisen. No er det tid for \u00e5 foresl\u00e5 kandidatar til Setesdalsprisen 2012, ordf\u00f8rarane i Setesdal og fleire andre vil velje ut vinnaren, som f\u00e5r eit diplom og 10.000 kroner tildelt p\u00e5 Setesdalskonferansen. Og med det slutta den aktuelle telefontimen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg trur det er f\u00f8rste gong p\u00e5 alle dei \u00e5ra eg har vore programleiar i Valle Radio at eg ikkje har hatt levande personar med meg i studio ein onsdagskveld. Men denne kvelden vart ein telefonkveld, ingen av dei eg hadde med meg, hadde h\u00f8ve \u00e5 kome i studio denne kvelden. Den f\u00f8rste eg prata &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/telefonkveld-13098974\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Telefonkveld<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13098974","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13098974"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13098974"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13098974\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13098974"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13098974"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13098974"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}