{"id":13022182,"date":"2012-03-04T00:00:20","date_gmt":"2012-03-04T00:00:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/03\/udi-og-oss-vanlege-folk-13022182\/"},"modified":"2012-03-04T00:00:20","modified_gmt":"2012-03-04T00:00:20","slug":"udi-og-oss-vanlege-folk-13022182","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/udi-og-oss-vanlege-folk-13022182\/","title":{"rendered":"UDI og oss vanlege folk"},"content":{"rendered":"<p>F\u00f8r kunne utlendingar med opphald i Norge f\u00e5 fornya opphaldet hos den lokale lensmannen, men fr\u00e5 nytt\u00e5r m\u00e5 dei til eit sentralt utlendingkontor. For oss i Agder politidistrikt ligg kontoret i Kristiansand, og sm\u00e5 og store m\u00e5 ta bussen til byen n\u00e5r fristen n\u00e6rmar seg for fornying av papira. Etter kvart har sikkert folk b\u00e5de i Bykle og i V\u00e5gsbygd oppdaga at den dagen dei skal til politiet, m\u00e5 dei ta seg fri heile dagen. Dei som bur p\u00e5 Hovden veit at det er ein fire timars busstur kvar veg, s\u00e5 dei treng \u00e5 avtale timen midt p\u00e5 dagen og vone dei slepp inn f\u00f8r kontoret stengjer. Om dei ikkje har alle papira korrekt med seg, m\u00e5 dei reise ein ny tur. Ein skulle tru at utlendingar ikkje har jobbar  n\u00e5r ein legg opp eit slikt system.<\/p>\n<p>Grunnen til at eg skriv dette, er eit innlegg eg las i Morgenbladet: http:\/\/morgenbladet.no\/samfunn\/2012\/kjaere_ida_borresen<\/p>\n<p>Der skriv ein journalist som er gift med ei kvinne fr\u00e5 Mexico om opplevinga hennar d\u00e5 ho skulle fornye opphaldsl\u00f8yvet i Oslo. Eg opplever ikkje at det han fortel der, er slik eg synest at vi skulle la utlendingar m\u00f8te Norge, og eg tenkjer med skrekk og gru p\u00e5 om det er slik vi ville like \u00e5 m\u00f8te eit anna land om vi for ein periode skulle busette oss der.<\/p>\n<p>UDI har alts\u00e5 organisert det slik at det er eit sentralt utlendingskontor hos politiet i kvart politidistrikt som er den etaten folk m\u00e5 vende seg til no. F\u00f8r kjende politiet i kvar kommune dei utlendingane som budde i kommunen, dei vart m\u00f8tte som vanlege innbyggarar i kommunen. No er dei som kjem til det sentrale kontoret ukjende for folka som skal hjelpe dei, med alle dei problem det kan medf\u00f8re, noko som kjem tydeleg fram i innlegget i Morgenbladet.<\/p>\n<p>F\u00f8r kunne folk ta ein time fri fr\u00e5 jobb eller skule og m\u00f8te hos det lokale politiet, no g\u00e5r heile dagar bort i reising og venting. Nokre fleire papir vert nok likt handsama ved den nye ordninga, men samfunns\u00f8konomien i det heile kan neppe g\u00e5 i pluss n\u00e5r det ligg bortkasta dagsverk bak dei same papira. For ein utlending utan bil i Valle betyr det at han m\u00e5 reise klokka 7.20, m\u00f8te hos politiet klokka 11, vente til bussen g\u00e5r heim klokka 16 og kome heim klokka 19.15. Permisjon fr\u00e5 jobb for \u00e5 m\u00f8te hos politiet betyr tapt arbeidsforteneste og n\u00e6rare tusen kroner i reisepenger og mat. F\u00f8r kunne han ha ein utvida lunsjpause eller ein time fri, g\u00e5 innom hos politiet og vere tilbake p\u00e5 jobb. Og mangla eit papir, kunne han levere det neste dag utan ekstra kostnad.<\/p>\n<p>Slik vil me vanlege folk at det skal vere ogs\u00e5 i 2012. Men UDI ville noko anna, og tusenvis av utlendingar over heile landet fekk eit vanskelegare liv. Diverre trur eg ikkje det blir betre om toppsjefen i UDI no vert direkt\u00f8r p\u00e5 Stortinget. Dei vil nok ikkje reversere systemet, men dei burde gjort det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>F\u00f8r kunne utlendingar med opphald i Norge f\u00e5 fornya opphaldet hos den lokale lensmannen, men fr\u00e5 nytt\u00e5r m\u00e5 dei til eit sentralt utlendingkontor. For oss i Agder politidistrikt ligg kontoret i Kristiansand, og sm\u00e5 og store m\u00e5 ta bussen til byen n\u00e5r fristen n\u00e6rmar seg for fornying av papira. Etter kvart har sikkert folk b\u00e5de &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/udi-og-oss-vanlege-folk-13022182\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">UDI og oss vanlege folk<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-13022182","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13022182"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=13022182"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/13022182\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=13022182"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=13022182"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=13022182"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}