{"id":12934911,"date":"2012-02-25T23:10:53","date_gmt":"2012-02-25T23:10:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/02\/2400-artiklar-12934911\/"},"modified":"2012-02-25T23:10:53","modified_gmt":"2012-02-25T23:10:53","slug":"2400-artiklar-12934911","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/2400-artiklar-12934911\/","title":{"rendered":"2400 artiklar"},"content":{"rendered":"<p>I kveld runda vi 2400 artiklar p\u00e5 Setesdalswiki. Det var artikkelen om Olav Mosd\u00f8l som stod for det, han hadde konsert i Fjellgardane kyrkje i kveld og d\u00e5 tenkte eg at det var eit godt h\u00f8ve til \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass ein artikkel om denne produktive byklaren som slo seg ned i Kviteseid. Der arbeidde han som l\u00e6rar p\u00e5 Kvitsund gymnas til han vart 62, sidan har det mest vore skriving han har vore oppteken med.<\/p>\n<p>Gjennom dei vel 20 \u00e5ra eg har budd i Setesdal har eg jo m\u00f8tt han nokre gonger. Eg har intervjua han for Valle Radio, det skjedde heime i stova hans i Kviteseid, og han har jo og vore i Valle med ulike konsertar gjennom desse \u00e5ra. Mange av dykk som les bloggen, hugsar kan hende tilbake til \u00e5ret d\u00e5 Jol i Setesdal hadde kassettvedlegg. Sylvdr\u00e5pan-kassetten hans fekk ekstra stort opplag d\u00e5 den kom som vedlegg til joleheftet. Ogs\u00e5 den er spelt i Valle Radio. Konserten p\u00e5 Hovden i kveld var basert p\u00e5 CD-plata Det syng, som kom ut like f\u00f8r jol. Om eg skulle skrive artiklar om utgjevingane til Olav Mosd\u00f8l, ville det g\u00e5 fort mot 2500 artiklar, for han har vore produktiv sidan han slutta som l\u00e6rar i 1999.<\/p>\n<p>Elles vil jo om lag 30 artiklar kvar m\u00e5nad vere datoartiklar p\u00e5 setesdalswiki. Dagens dato ligg p\u00e5 framsida, slik at du kan sj\u00e5 kva som skjer i Setesdal i dag. Denne sundagen er det mange m\u00f8te og gudstenester, dei som arrangerer, er flinke til \u00e5 f\u00e5 det med i Setesd\u00f8len, og dermed pr\u00f8ver eg \u00e5 f\u00e5 det med p\u00e5 Setesdalswiki. Men det som ikkje vert avertert i avisa, vil vere meir tilfeldig om det kjem med p\u00e5 dagens side p\u00e5 Setesdalswiki.<\/p>\n<p>Eg ser jo at det kunne vore fint med oversiktsartiklar av typen \u00abspr\u00e5kstriden i Bykle 2012\u00bb. Det er det vanskelegare \u00e5 f\u00e5 til, for d\u00e5 m\u00e5 ein gjere ein noko st\u00f8rre jobb enn det eg maktar \u00e5 f\u00e5 til. Ein m\u00e5 g\u00e5 gjennom artiklane i Setesd\u00f8len og sakshandsaminga i Bykle, og skrive ein oversynsartikkel. Det burde vore ein slik artikkel, men om han kjem, er nok noko meir usikkert.<\/p>\n<p>Inntil vidare f\u00e5r vi gle oss over at Setesdalswiki veks med om lag 100 artiklar kvar m\u00e5nad.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld runda vi 2400 artiklar p\u00e5 Setesdalswiki. Det var artikkelen om Olav Mosd\u00f8l som stod for det, han hadde konsert i Fjellgardane kyrkje i kveld og d\u00e5 tenkte eg at det var eit godt h\u00f8ve til \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass ein artikkel om denne produktive byklaren som slo seg ned i Kviteseid. Der arbeidde &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/2400-artiklar-12934911\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">2400 artiklar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65],"class_list":["post-12934911","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12934911"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12934911"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12934911\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12934911"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12934911"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12934911"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}