{"id":12861847,"date":"2012-02-20T22:08:13","date_gmt":"2012-02-20T22:08:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/02\/meir-om-eldsjeler-12861847\/"},"modified":"2012-02-20T22:08:13","modified_gmt":"2012-02-20T22:08:13","slug":"meir-om-eldsjeler-12861847","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-eldsjeler-12861847\/","title":{"rendered":"Meir om eldsjeler"},"content":{"rendered":"<p>Det har vore tale om eldsjeler, og eg er gift med ei. Det merkar eg ikkje s\u00e5 godt til vanleg, for n\u00e5r eg er heime i helgene, er det helg, og d\u00e5 puslar vi med v\u00e5rt i lag. Men n\u00e5r eg no er heime i veka, ser eg litt meir av kva som skjer n\u00e5r eg til vanleg er i Valle.<\/p>\n<p>I kveld var det \u00e5rsm\u00f8te i Tiedemannsg\u00e5rden i Mandal. Det er eit eldsjelforetak som sikkert kan stillast ut i fremste rekke. Organisasjonar og politiske parti driv eit tilbod til eldre som kan kome her og f\u00e5 stelt h\u00e5r og f\u00f8ter, f\u00e5 mat og eg veit ikkje kva. Arbeidet er i stor grad basert p\u00e5 frivillige, og kona mi, som er med i Helselaget, var med p\u00e5 \u00e5rsm\u00f8tet i kveld som representant for Helselaget. I morgon er det deira tur til \u00e5 ha \u00e5rsm\u00f8te, s\u00e5 d\u00e5 m\u00e5 ho ut att. Begge kveldane m\u00e5tte ho ein tur og hente folk som ikkje k\u00f8yrer bil, og i morgon er det b\u00e5de \u00e5 st\u00e5 for mat og \u00e5rsmelding og eg veit ikkje kva.<\/p>\n<p>Medan ho var ute, kom han som organiserer innsamlinga Br\u00f8d for verda innom, for her er det ogs\u00e5 eldsjelene som st\u00e5r p\u00e5, og innsamlinga skal skje i slutten av fastetida. Etter det eg skj\u00f8na p\u00e5 praten, snakka eg med ei eldsjel der og, i vinterferien skulle han p\u00e5 tur til Haydom, og alle som reiser dit, trur eg m\u00e5 ha f\u00e5tt ein gnist av den frivillig-elden som har drive dette sjukehuset i alle \u00e5r. Reidun er med og organiserer innsamlinga i nabolaget v\u00e5rt, s\u00e5 ein kunne vel seie at eldsjeler finn kvarandre og lagar eit b\u00e5l som folk kan varme seg p\u00e5.<\/p>\n<p>Var det alt? sp\u00f8r du. Nei, eg h\u00f8yrde ein samtale ho hadde med ei anna eldsjel. Det var snakk om gevinstar til ein basar litt lenger framme p\u00e5 v\u00e5ren, eller kan hende det var til hausten. Det var p\u00e5 ingen m\u00e5te tanke \u00e5 avvikle basaren, nei, dei diskuterte kva gevinstar som kunne falle i smak.<\/p>\n<p>Slike eldsjeler finst i alle bygdelag, og om alt dei gjer, skulle gjerast av l\u00f8na folk, s\u00e5 hadde mykje g\u00e5tt i st\u00e5. Kvar veke kan vi lese mellom linjene i Setesd\u00f8len om eldsjeler som p\u00e5 ulike m\u00e5tar gjer ein innsats for at bygder og grender skal fungere betre og folk ha eit godt liv i nabolag og fellesskap. Dei fortener ein stor bukett roser og takk for innsatsen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det har vore tale om eldsjeler, og eg er gift med ei. Det merkar eg ikkje s\u00e5 godt til vanleg, for n\u00e5r eg er heime i helgene, er det helg, og d\u00e5 puslar vi med v\u00e5rt i lag. Men n\u00e5r eg no er heime i veka, ser eg litt meir av kva som skjer n\u00e5r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir-om-eldsjeler-12861847\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir om eldsjeler<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12861847","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12861847"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12861847"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12861847\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12861847"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12861847"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12861847"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}