{"id":12433053,"date":"2012-01-11T22:03:51","date_gmt":"2012-01-11T22:03:51","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2012\/01\/problemlysing-pa-fleire-matar-12433053\/"},"modified":"2012-01-11T22:03:51","modified_gmt":"2012-01-11T22:03:51","slug":"problemlysing-pa-fleire-matar-12433053","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/problemlysing-pa-fleire-matar-12433053\/","title":{"rendered":"Probleml\u00f8ysing p\u00e5 fleire m\u00e5tar"},"content":{"rendered":"<p>Kvelden i kveld vart litt annleis enn eg hadde tenkt og skrive opp p\u00e5 Setesdalswiki. I ettermiddag laga det seg til p\u00e5 ein grei m\u00e5te, for Bj\u00f8rgulv T. Berg hadde gjort eit opptak med Elise Marie Kringen, for ho var bortreist i dag. Han hadde gjort eit opptak med Jon Hovet om Kveas\u00e5ne kraftverk f\u00f8r jol, men s\u00e5 vart det ikkje plass til det lisle jolekvelden. Difor var det hyggeleg \u00e5 kunne f\u00e5 det med i kveld.<\/p>\n<p>S\u00e5 ringte Ulf Kjelleberg og lurte p\u00e5 om vi hadde plass til eit innslag om eit prosjekt som Valle IL lanserer for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 samle inn penger til ein komande kunstgrasbane. Fyrst skal dei utvide m\u00f8ykjeromet, det er stor aktivitet der og dei treng meir plass. Deretter planlegg dei \u00e5 f\u00e5 laga ein kunstgrasbane, det vil vere ein ny rikdom for bygda. D\u00e5 han kom i studio, fortalde han at dei skulle starte med sal av toalettpapir og t\u00f8rkepapir. 64 rullar toalettpapir til 250 kroner eller 15 rullar t\u00f8rkepapir til 175 kroner, dersom ein kj\u00f8per det, s\u00e5 leverer Valle IL p\u00e5 d\u00f8ra, b\u00e5de lettvint og med inntekt til klubben.<\/p>\n<p>Jan Wojtaszek har arbeidd med probleml\u00f8ysing i Brokke Alpinsenter sidan i sommar, d\u00e5 dei starta \u00e5 st\u00f8ype fundament til mastene til den nye stolheisen. S\u00e5 kom monteringa av 13 master, to stasjonar og alt det andre som m\u00e5 til for at ein stolheis skal fungere. Til helga opnar dei stolheisen, som kan ta 1100 personar i timen, like mange som var i Kilden i kveld. Ein heil buss med valld\u00f8lar drog nedover for \u00e5 vere med p\u00e5 kveldens Folkeleg Kraft, og eg hadde ein kort prat med Tina H\u00f8gevold f\u00f8r konserten starta. I Open sending seinare p\u00e5 kvelden fekk vi rapport fr\u00e5 Kjellaug Rysstad, som hadde vore der, og som var full av lovord.<\/p>\n<p>Siste innslag i kveldens aktuelle time var ein prat med Grete Fossen, som har fornya butikken til Hasla i Valle sentrum, men som ikkje er heilt ferdig, for dei venter p\u00e5 nokre hyller. F\u00f8r har butikken vore trekvit, men etter kvart tok det mykje lys, s\u00e5 det problemet vart l\u00f8yst ved at dei malte veggene kvite.<\/p>\n<p>I Haralds time kunne eg s\u00e5 fylle p\u00e5 med informasjon om hendingar i komande veke, f\u00f8r vi fekk sendt intervjuet med Jon Hovet. Deretter var det plass til litt informasjon om Setesdalswiki f\u00f8r \u00c5nund K. fekk siste ordet med ein halv time med good &#8216;n old country. Han l\u00f8yste problema mine med \u00e5 fylle sendetida i kveld, og s\u00e5 kunne eg overlate ansvaret til Jorunn og K\u00e5re, som hadde opi sending. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kvelden i kveld vart litt annleis enn eg hadde tenkt og skrive opp p\u00e5 Setesdalswiki. I ettermiddag laga det seg til p\u00e5 ein grei m\u00e5te, for Bj\u00f8rgulv T. Berg hadde gjort eit opptak med Elise Marie Kringen, for ho var bortreist i dag. Han hadde gjort eit opptak med Jon Hovet om Kveas\u00e5ne kraftverk f\u00f8r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/problemlysing-pa-fleire-matar-12433053\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Probleml\u00f8ysing p\u00e5 fleire m\u00e5tar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12433053","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12433053"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12433053"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12433053\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12433053"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12433053"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12433053"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}