{"id":12355515,"date":"2011-12-26T21:34:13","date_gmt":"2011-12-26T21:34:13","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/12\/jolesnufsing-12355515\/"},"modified":"2011-12-26T21:34:13","modified_gmt":"2011-12-26T21:34:13","slug":"jolesnufsing-12355515","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolesnufsing-12355515\/","title":{"rendered":"Jolesnufsing"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5rets jolesnufsing skuldast ikkje gr\u00e5t over manglande g\u00e5ver, men at nasen gjekk tett. Ikkje s\u00e5 rart kan hende, for minst ein av jolegjestene v\u00e5re var rimeleg sylta, og d\u00e5 vil det fort smitte til andre. Hos meg slo det ut for fullt andre joledag, og d\u00e5 var Vekk i morgen-\u00f8skja nesten tom, s\u00e5 eg f\u00e5r vel bare ta det som kjem.<\/p>\n<p>Eg kunne jo ha snufsa litt d\u00e5 den stasjon\u00e6re PC-en min sa takk for seg. Men Helge var heime og klarte \u00e5 berge det som eg hadde lagra p\u00e5 han, no for tida er det jo ikkje mykje ein lagrar p\u00e5 eigen PC, s\u00e5 det var ingen grunn til \u00e5 snufse av det heller. I staden bestilte eg ny fr\u00e5 Komplett, og hadde eg fylgt med p\u00e5 tekstmeldinga som kom jolaftans morgon, kunne eg no ha hatt han i hus, men plinget forsvann mellom jolemusikk og jolesnufsing, s\u00e5 eg f\u00e5r ta turen til postkontoret i morgon. I grunnen var det like greitt, s\u00e5 kunne ein gjere noko anna i jola.<\/p>\n<p>N\u00e5r jolesnufsinga sl\u00e5r til, vert det nokre timar ein lurer seg til \u00e5 sove, b\u00e5de f\u00f8r og etter middag. Eg trur i grunnen dei andre i huset synest det er like greitt, ein snufsande far er ikkje mykje selskap i. S\u00e5 vart det ei bok i staden for puslespel og Rummikubb, eg trur nok det er f\u00f8rste jola p\u00e5 mange \u00e5r at ikke Rummikubb har vore p\u00e5 bordet. Romjola kan framleis brukast til puslespel om eg kjenner kona rett, og det burde eg jo gjere etter \u00e5 ha levd saman med henne og nytt godt av omsorg fr\u00e5 henne i over 40 \u00e5r.<\/p>\n<p>I Mandal har jola vore mykje stillare enn dei fleste andre stader i landet, om ein skal tru NRK og TV2. Spesielt p\u00e5 Vestlandet har det jo vore ille denne helga, ikkje bare ute ved Stad, men langt inn i fjordane. Her har vi hatt straum heile jolehelga, s\u00e5 langt eg har kunna observere i mellom snufsa. Rett nok var han borte eit par timar fr\u00e5 00-02 ei natt, men det var kunngjort i avisa, s\u00e5 n\u00e5r ein har batteri p\u00e5 datamaskinen, kan ein til og med skrive litt om det er straumlaust. Lagringa laut imidlertid vente til straumen kom att og internettboksen igjen kunne sende signal.<\/p>\n<p>Gledeleg jol, anten du snufsar eller ei. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5rets jolesnufsing skuldast ikkje gr\u00e5t over manglande g\u00e5ver, men at nasen gjekk tett. Ikkje s\u00e5 rart kan hende, for minst ein av jolegjestene v\u00e5re var rimeleg sylta, og d\u00e5 vil det fort smitte til andre. Hos meg slo det ut for fullt andre joledag, og d\u00e5 var Vekk i morgen-\u00f8skja nesten tom, s\u00e5 eg f\u00e5r &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jolesnufsing-12355515\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jolesnufsing<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12355515","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12355515"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12355515"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12355515\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12355515"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12355515"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12355515"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}