{"id":1235296,"date":"2006-10-18T14:55:11","date_gmt":"2006-10-18T14:55:11","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/10\/linda_eide_i_sauesjasendinga1235296\/"},"modified":"2006-10-18T14:55:11","modified_gmt":"2006-10-18T14:55:11","slug":"linda_eide_i_sauesjasendinga1235296","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/linda_eide_i_sauesjasendinga1235296\/","title":{"rendered":"Linda Eide i Sauesj\u00e5sendinga"},"content":{"rendered":"<p>Til programmet fredag f\u00f8r Sauesj\u00e5et fekk eg eit intervju med Linda Eide. Det er mange sider p\u00e5 Internett om henne. Her er lenke til to:<br \/>\nhttp:\/\/tinyurl.com\/u3cb8<br \/>\nP\u00e5 denne lenka kan du finne k\u00e5seri av henne i Norgesglasset.<br \/>\nhttp:\/\/www.magasinett.no\/index.cfm?id=40612<br \/>\nLangt nede p\u00e5 denne lenka finn du nokre ytringar av henne.<\/p>\n<p>Her fylgjer intervjuet eg gjorde med henne til Valle Radio:<\/p>\n<p>**-Linda Eide, du har vore i Valle nokre dagar no. Du er kjent som ein nynorskentusiast. Har det hatt noko med nynorsk \u00e5 gjere n\u00e5r du har vore her?**<\/p>\n<p>Ho ler og svarar:<\/p>\n<p>-Nei, det har ikkje det. Det er jo lett \u00e5 kalle meg nynorskentusiast sidan eg har ein dialekt som ligg tett opp til nynorsk. Eg likar godt \u00e5 bruke eit skriftspr\u00e5k som ligg opp til dialekten min. Men det kan godt hende eg er ekstra oppteken av spr\u00e5k. Det blir ein kanskje n\u00e5r ein har eit minoritetsspr\u00e5k, som jo nynorsk er og har blitt. Men eigentleg er det ikkje fordi eg har dialekten min og brukar nynorsk at me er i Valle. Eg er sv\u00e6rt fascinert av Valle-dialekten. I ein serie me har og gjer opptak til hadde eg lyst til \u00e5 gjere noko p\u00e5 Valle-dialekten. Men det er ikkje eit spr\u00e5kprogram.<\/p>\n<p>**-Det er alts\u00e5 ikkje Typisk norsk?**<\/p>\n<p>-Nei, det er ikkje det. Valledialekten er ein av mange ting vi skal putte inn i \u00e5tte program som skal teikne eit nytt attraksjonskart over Norge, og me er p\u00e5 jakt etter andre ting \u00e5 bli fascinert av enn dei mest vanlege eller typiske. I staden for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 Monolitten i Vigelandsparken lar me oss kanskje fascinere av Valle-dialekten. Den kan og vere ein attraksjon.<\/p>\n<p>-Men s\u00e5 kan me finne ein rar skulptur ein annan plass, eller eit hus som kan ha ei viss historie. Men det er ikkje eit spr\u00e5kprogram, det er heller eit reiseattraksjonsprogram. Men det er litt langt fram i tid, s\u00e5 me skal gjere ein masse opptak f\u00f8r den skal sendast.<\/p>\n<p>**-NRK Hordaland lagar desse programma?**<\/p>\n<p>-Ja, du kan seie at huset i NRK Hordaland har ein distriktsradio. Men det er og ei TV-avdeling der, og det er ei Riks-avdeling. S\u00e5 det er eit Riksprogram me lagar.<\/p>\n<p>**-Er det slik at Norge Rundt blir laga der?<\/p>\n<p>-Ja, det blir laga i Bergen.<\/p>\n<p>**Ingen er i tvil om at det er eit riksprogram. Har du jobba lenge i NRK?**<\/p>\n<p>-Eg har jobba i NRK sidan 1990, men eg har jobba mest radio, nett som deg, eg har vore i P1 og P3. Eg har vore litt i dei fleste P-ane, men eg har vore mest i P1 dei siste \u00e5ra, i Norgesglasset i P1.<\/p>\n<p>**-Kva synest du er triveleg med radio?**<\/p>\n<p>-Det er masse. For meg er radio eit univers der eg kan&#8230;<\/p>\n<p>-Eg merker det no n\u00e5r eg lagar TV, eg kan jo ikkje lyga. No har me nett vore i ein telefonboks, eg skal liksom ringja heim til mor mi fr\u00e5 ein telefonboks. Eg ligg i senga p\u00e5 Valle motell og tenkjer p\u00e5 at no skulle eg og hatt nokre ord, kanskje, og s\u00e5nn, s\u00e5 ringjer eg til mor mi. D\u00e5 m\u00e5 eg g\u00e5 ut i sl\u00e5brok &#8211; d\u00e5 kom jo du, s\u00e5 du fekk sj\u00e5 meg i sl\u00e5brok, det er jo ikkje eit spesielt vakkert syn med kvite bein og s\u00e5nn, men hadde det vore p\u00e5 radio, s\u00e5 hadde eg ikkje trengt \u00e5 g\u00e5 i sl\u00e5brok; eg kunne jo bare sagt at det var kveld og s\u00e5 ringt, ikkje sant, og s\u00e5 kom mutter i telefonen.<\/p>\n<p>**-Bildene er best p\u00e5 radio?**<\/p>\n<p>-Ja, bilde kan vere best p\u00e5 radio, det kan dei, n\u00e5r dei er det. Om ein ikkje har bilete p\u00e5 radio, d\u00e5 kan radio bli kjedeleg. Dette kunne me snakka om i timevis, men eg veit at de ikkje klipper i intervjua dykkar, s\u00e5 det f\u00e5r vere m\u00e5te p\u00e5.<\/p>\n<p>**-Vekslar du mellom radio og TV no?**<\/p>\n<p>-No jobbar eg mest med TV heile tida, og det skal eg gjere i eit \u00e5r til.<\/p>\n<p>**-Har du alltid vore i Bergen, eller har du jobba i Oslo ogs\u00e5?**<\/p>\n<p>-Eg har ikkje jobba s\u00e5 mykje i Oslo, det har bare vore for einskilde program, men eg har jobba vel to \u00e5r i Trondheim, i P3.<\/p>\n<p>**-Ikkje noko problem \u00e5 bruke dialekten din p\u00e5 P3?**<\/p>\n<p>-P3 er verkeleg dei som&#8230; Dette var i 1993 om hausten, og d\u00e5 var det slik at det var mykje betre for meg \u00e5 bruke dialekten min der enn i NRK Hordaland. Der ville dei helst ha anten nynorsk eller bokm\u00e5l. Og sj\u00f8lv om eg har ein dialekt som ligg veldig n\u00e6rt opp til nynorsk, s\u00e5 vert det \u00e5 snakke nynorsk, feil for meg. Eg har ein tanke om at spr\u00e5ket mitt skal vere mest mogleg munnleg og mest mogleg meg sj\u00f8lv, og det var ingen problem i P3. B\u00e5de P3 &#8211; og eg meiner fors\u00e5vidt og TV2 har sleppt fram dialektane, og no etter kvart er det blitt heilt vanleg p\u00e5 P1 og slikt og. Eg tenkjer om radio at det er ikkje skriftleg, s\u00e5 eg synest det er unaturleg om eg skulle snakke eit skriftspr\u00e5k.<\/p>\n<p>**-No er det sikkert nokre som har h\u00f8yrt p\u00e5 denne samtalen og som lurer p\u00e5 kor du har dialekten din fr\u00e5?**<\/p>\n<p>-Ja, no de lure der ute, no kan de f\u00e5 litt tid \u00e5 gjette p\u00e5 det. Veit du det?<\/p>\n<p>**-Nei, eg er ikkje sikker p\u00e5 det, men det verkar som om du kjem fr\u00e5 litt nord for Bergen.**<\/p>\n<p>-Ja, litt nord, men og inn i landet. Viss du tek toget fr\u00e5 Bergen og &#8230;<\/p>\n<p>**-Til Voss?**<\/p>\n<p>-Ja, smiler Linda og klappar i hendene for open mikrofon. -Det er kanskje nokon som h\u00f8yrer p\u00e5 og tenkjer at &#8220;Er det Vossadialekt, det h\u00f8yrest ikkje heilt ut som nokon eg kjenner.&#8221; Men eg snakkar n\u00f8yaktig slik som eg alltid har snakka, fr\u00e5 den staden som eg kjem fr\u00e5 p\u00e5 Voss, og det er ei mil utanfor Voss, mot Hardanger. Og eg er f\u00f8dd i 1969 og flytta fr\u00e5 Voss i 1988, og d\u00e5 var dialekten min s\u00e5nn som eg snakkar no, trur eg. N\u00e5r eg no er heime og snakkar med tantungar som bur i n\u00f8yaktig same huset og soknar til same skulekrinsen, s\u00e5 h\u00f8yrer eg at dei snakkar annleis, i alle fall litt.<\/p>\n<p>**-Spr\u00e5ket er i utvikling heile tida.**<\/p>\n<p>-Ja, det er det. Voss er sikkert litt slik som her i Valle og, at ein del ord forsvinn, dei er ikkje i bruk lenger. Det er jo ulike gjerem\u00e5l som ein ikkje driv med lenger. Kanskje dei unge f\u00e5r mange nye ord, bokm\u00e5l veltar jo inn over oss, s\u00e5 det er ikkje s\u00e5 rart om s\u00e5 skjer, men lyden, tonefallet, h\u00f8yrer eg godt, ogs\u00e5 p\u00e5 ungar. Det h\u00f8yrer eg i Valle, og slik er det p\u00e5 Voss ogs\u00e5.<\/p>\n<p>**-Har de eit prosjekt som Talem\u00e5lsprosjektet i Valle, p\u00e5 Voss?**<\/p>\n<p>-Det trur eg ikkje. Det var skikkeleg interessant \u00e5 sj\u00e5 den Internettsida de har laga til og m\u00f8te denne gruppa som arbeider med dette, som kom med ord og som og diskuterte desse orda. Det dataprogrammet s\u00e5g jo veldig bra ut, s\u00e5 det var ein type ting som Vossadialekten og kunne ha hatt. Det er jo sj\u00f8lvsagt mange ord som er p\u00e5 veg ut.<\/p>\n<p>**-Takk for praten.**<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Til programmet fredag f\u00f8r Sauesj\u00e5et fekk eg eit intervju med Linda Eide. Det er mange sider p\u00e5 Internett om henne. Her er lenke til to: http:\/\/tinyurl.com\/u3cb8 P\u00e5 denne lenka kan du finne k\u00e5seri av henne i Norgesglasset. http:\/\/www.magasinett.no\/index.cfm?id=40612 Langt nede p\u00e5 denne lenka finn du nokre ytringar av henne. Her fylgjer intervjuet eg gjorde med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/linda_eide_i_sauesjasendinga1235296\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Linda Eide i Sauesj\u00e5sendinga<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-1235296","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1235296"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1235296"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1235296\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1235296"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1235296"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1235296"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}