{"id":12337985,"date":"2011-12-22T00:49:53","date_gmt":"2011-12-22T00:49:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/12\/august-abrahamsen-12337985\/"},"modified":"2011-12-22T00:49:53","modified_gmt":"2011-12-22T00:49:53","slug":"august-abrahamsen-12337985","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/august-abrahamsen-12337985\/","title":{"rendered":"August Abrahamsen"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld inviterte eg Leonhard Jansen i studio i Valle Radio for \u00e5 fortelje om August Abrahamsen. Setesdalsmuseet har vore saman med Det Digitale Agder og Vest-Agder Museet om \u00e5 gje ut ei bok med bilete som denne fotografen, l\u00e6raren, redakt\u00f8ren av F\u00e6drelandsvennen og turistforeningssekret\u00e6ren tok for over hundre \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Det vart ein triveleg time der Leonhard si str\u00e5lande evne til \u00e5 fortelje kom til sin rett og eg kunne gle meg over informasjon om noko eg ikkje visste s\u00e6rleg om fr\u00e5 f\u00f8r. Museet hadde f\u00e5tt overta fleire hundre glassplater etter oldebarnet til August Abrahamsen, som Kjellaug Dale hadde m\u00f8tt i Oslo og blitt ven med og som difor kom p\u00e5 bes\u00f8k til Setesdal. S\u00e5 hadde Vest Agder Museet f\u00e5tt tilsvarande samling glassplater som eigentleg var sette p\u00e5 gata for \u00e5 kastast etter eit d\u00f8dsbo. I tillegg fanst det eit kartotek som synte kva som skulle vere i samlinga, og ved \u00e5 sl\u00e5 saman dei to, var samlinga mest komplett.<\/p>\n<p>Museet skal formidle det dei har i samlingane sine, og denne gongen h\u00f8vde det \u00e5 lage ei bok. Og det er ikkje ei bok av pocketboktypen dei har laga, ho er stor og velutstyrt med ekstra tjukt papir, shirtingbind, som er ein type innbinding som ikkje lagast i Norge lenger. Dei m\u00e5tte til Litauen for \u00e5 trykke boka. Men god sponsing har gjort at prisen likevel er blitt like under 400 kroner, eg skulle nok tru at det er ei joleg\u00e5ve som kunne h\u00f8ve b\u00e5de lommebok og historieinteresse hos mange.<\/p>\n<p>At det skulle h\u00f8ve til joleg\u00e5ve var og noko av grunnen til at eg inviterte Leonhard denne tysdagskvelden. Det var siste tysdagssendinga f\u00f8r jol og om han skulle f\u00e5 reklamere for boka som joleg\u00e5ve, m\u00e5tte det gjerast denne kvelden. I sendinga lisle jolekvelden er det 17. maiboka som skal ha fokus.<\/p>\n<p>Leonhard fortald om korleis August Abrahamsen reiste i Setesdal med sitt tunge fotoutstyr, han m\u00e5tte ha hesteskyss for \u00e5 f\u00e5 med seg alt n\u00e5r han skulle p\u00e5 tur. Det som er spesielt med bileta hans er at han stiller opp folk i landskapet, han kallar dei staffasje. Det er b\u00e5de dottera og kona, men og lokale personar han m\u00f8ter p\u00e5 turane. Av og til rekk dei \u00e5 springe heim og f\u00e5 p\u00e5 seg finklede, ein kan undre seg over kor fint folk er kledde p\u00e5 mange av bileta. S\u00e5 finn han gode vinklar for \u00e5 f\u00e5 gode bilete og f\u00e5r folka til \u00e5 halde seg i ro i fleire sekund.  Det var ikkje digitale foto for s\u00e5 lang tid sidan, s\u00e5 han m\u00e5tta pakke glassplata ned og ta ho med til Kristiansand for framkalling.<\/p>\n<p>Ved \u00e5 bruke s\u00e5 stor glassplate fekk han veldig skarpe og gode motiv som den dag i dag er av sjeldan kvalitet. Dei fleste bileta har ikkje vore trykte f\u00f8r, p\u00e5 den tida hadde ikkje avisene s\u00e6rleg mange bilete. S\u00e5 denne boka gjev for fyrste gong folk h\u00f8ve til \u00e5 sj\u00e5 det han har fotografert og slik teke vare p\u00e5 for ettertida. Eg seier: L\u00f8p og kj\u00f8p! Det er ei oppleving \u00e5 sitje og bla i boka og sj\u00e5 dei mange kjende motiva slik dei tok seg ut for over hundre \u00e5r sidan. Fjella er dei same, men det er elles kome mange endringar til i bygdom, som Ivar Aasen seier i sangen: Dei gamle fjell i syningom er alltid eins \u00e5 sj\u00e5. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld inviterte eg Leonhard Jansen i studio i Valle Radio for \u00e5 fortelje om August Abrahamsen. Setesdalsmuseet har vore saman med Det Digitale Agder og Vest-Agder Museet om \u00e5 gje ut ei bok med bilete som denne fotografen, l\u00e6raren, redakt\u00f8ren av F\u00e6drelandsvennen og turistforeningssekret\u00e6ren tok for over hundre \u00e5r sidan. Det vart ein &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/august-abrahamsen-12337985\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">August Abrahamsen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12337985","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12337985"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12337985"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12337985\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12337985"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12337985"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12337985"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}