{"id":12331836,"date":"2011-12-20T16:54:23","date_gmt":"2011-12-20T16:54:23","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/12\/pinnekjt-12331836\/"},"modified":"2011-12-20T16:54:23","modified_gmt":"2011-12-20T16:54:23","slug":"pinnekjt-12331836","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pinnekjt-12331836\/","title":{"rendered":"Pinnekj\u00f8t"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv eg om matkultur og fortalde at vi skulle ha pinnekj\u00f8t til avslutninga. Eg var jo noko spent, s\u00e5 eg sette p\u00e5 vatn med det same eg kom p\u00e5 jobb i dag. Men pinnane m\u00e5tte eg vente p\u00e5 til butikken opna. D\u00e5 fekk eg b\u00e5de pinnar og poteter.<\/p>\n<p>Dette var jo eit joleavslutningsprosjekt som var initiert av elevar som ville l\u00e6re om norsk tradisjonsmat. Difor m\u00e5tte dei involvertast i arbeidet, ellers ville l\u00e6ringa vere lita. S\u00e5 dei slo vatnet av kj\u00f8tet og fekk det i gryta over pinnane. Det var eit problem at vi ikkje hadde grytelokk som passa, s\u00e5 etter ein halv time var vatnet borte, men heldigvis oppdaga vi det, og d\u00e5 var det ein av elevane som gjekk \u00f8vst opp i Leite og fann grytelokk heime, s\u00e5 vi vart berga, og d\u00e5 gjekk kokinga str\u00e5lande.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det tid for \u00e5 lage stappe. K\u00e5lrabi vart skrelt og kokt, det same vart gulr\u00f8ter, og s\u00e5 blanda vi det saman. Stampinga gjekk ikkje s\u00e5 lett som om vi hadde hatt maskin, men fem damer visste r\u00e5d: Vi er maskin til saman, sa dei. Og s\u00e5 miksa eg litt over komfyren med ein pakke fl\u00f8te og noko kraft fr\u00e5 kokinga av gr\u00f8nsaker og poteter, og snart var det ei fest-k\u00e5lrabi-gulrot-stappe. Medan vi heldt p\u00e5 med det, kokte kj\u00f8tet og potetene. Vi fekk til og med tid til ein skuletime med jolesongar. \u00d8ystein ved pianoet og vi andre med sangstemmen. Adventstidas \u00f8ving var vel anvendt, for songen ljoma i mellom veggene i det gamle kommunehuset i Valle.<\/p>\n<p>Medan maten kokte, vart bordet dekka. Juledukar, juleserviettar og servise og bestikk, alt kom p\u00e5 plass. Eg l\u00e6rte dei og \u00e5 f\u00e5 serviettane til \u00e5 st\u00e5 i glas, den slengen p\u00e5 handa ein m\u00e5 ha for \u00e5 f\u00e5 ein luftig serviett i glaset hadde eg ikkje gl\u00f8ymt, sj\u00f8lv om det er mange \u00e5r sidan eg no hadde brukt den. Litt trening gjer meister, og \u00d8ystein pr\u00f8vde seg og p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 det til.<\/p>\n<p>Klokka 11 kom Guro og Jorunn og Lisbeth p\u00e5 biblioteket og vi kunne setje oss til bords. Elise Marie hadde sagt ho vart litt sein, s\u00e5 eg kalla p\u00e5 henne med walkie talkie, elevane har vore med p\u00e5 saueleiting og brukt sankeradio, s\u00e5 for dei var det ein morosam gimmick.<\/p>\n<p>S\u00e5 \u00f8nska eg velkomen til bords, vona maten ville smake og stemte i med O du som metter. Snart vart det stille ved bordet, maten smakte b\u00e5de norske, burmesiske og litauiske munnar og eg fekk mykje kyt for jobben. Kan hende vert det pinnekj\u00f8t i burmesiske heimar i jolehelga.<\/p>\n<p>Vel uti m\u00e5ltidet slo Elise Marie p\u00e5 glasset og heldt ein tale med gode ord til oss som held til p\u00e5 vaksenoppl\u00e6ringa. I tillegg overleverte ho ei g\u00e5ve til \u00d8ystein, som fylte 60 i haust. Boka med bileta av August Abrahamsen h\u00f8vde godt, sa han, han var s\u00e5 gammal at han hugsa turane med Setesdalsbanen til Byglandsfjord og buss vidare til Rysstad.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det iskake til dessert, og alle var samde om at det hadde vore eit godt m\u00e5ltid. Haustsemesteret er ferdig, og joleferien kan ta til.<\/p>\n<p>Elevane veit godt at etter eit stort m\u00e5ltid er det mykje oppvask. Dei sytte for at alt var ryddig og fint f\u00f8r dei gjekk heim, noko som gav eit par av dei ein ekstra lang dag i dag.<\/p>\n<p>Klokka halv \u00e5tte kan du h\u00f8yre Leonhard Jansen fortelje om boka som \u00d8ystein fekk. Sl\u00e5 p\u00e5 Valle Radio, s\u00e5 f\u00e5r du det rett inn i stova.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r skreiv eg om matkultur og fortalde at vi skulle ha pinnekj\u00f8t til avslutninga. Eg var jo noko spent, s\u00e5 eg sette p\u00e5 vatn med det same eg kom p\u00e5 jobb i dag. Men pinnane m\u00e5tte eg vente p\u00e5 til butikken opna. D\u00e5 fekk eg b\u00e5de pinnar og poteter. Dette var jo eit joleavslutningsprosjekt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pinnekjt-12331836\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Pinnekj\u00f8t<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12331836","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12331836"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12331836"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12331836\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12331836"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12331836"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12331836"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}