{"id":12236411,"date":"2011-11-29T22:52:09","date_gmt":"2011-11-29T22:52:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/11\/avlyst-12236411\/"},"modified":"2011-11-29T22:52:09","modified_gmt":"2011-11-29T22:52:09","slug":"avlyst-12236411","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avlyst-12236411\/","title":{"rendered":"Avlyst"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r la eg ut programmet for tysdag og onsdag her p\u00e5 bloggen, i dag er det bare \u00e5 melde at planane gjekk i vasken. Det sytte ein \u00f8ydelagd sendar i Trydal for.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg kom i radioen i dag og skulle gjere klar til sendinga, var det ingen lyd fr\u00e5 P4 \u00e5 h\u00f8yre, bare susing. Eg kopla opp og tenkte at om P4 var ute, kunne kanskje Valle Radio kome inn, men d\u00e5 var eg meir optimistisk enn eg hadde grunn til.<\/p>\n<p>Dermed var det bare \u00e5 ringe til J\u00f8rund Georg Jore, v\u00e5r tekniske sjef, og h\u00f8yre kva eg skulle gjere, og d\u00e5 han sjekka, s\u00e5g han at det var feil p\u00e5 ein sendar ein eller annan stad mellom Bykle og Valle. \u00c5 fikse det i svarte natta var ikkje noko ein kunne rekne med, s\u00e5 kveldens sending m\u00e5tte bare g\u00e5 ut, sa han, men han skulle kome tilbake med informasjon om morgondagens sending.<\/p>\n<p>Eg fekk d\u00e5 ringt til Niklos og stoppa han fr\u00e5 \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 bussen til Valle. Han hadde gjeve meg programmet sitt f\u00f8r helga, det ligg p\u00e5 programoversynet for 29. november p\u00e5 Setesdalswiki, http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Valle_Radios_tysdagssending_29._november_2011  N\u00e5 gjekk det ut, saman med det eg hadde p\u00e5 min k\u00f8yreplan.<\/p>\n<p>Etter ein liten halvtime kom det ny telefon fr\u00e5 J\u00f8rund, han hadde snakka med Reidar Trydal, som er teknisk leiar for Bykle radio. Han hadde funne ut at det truleg var sendaren i Trydal som var teken av uveret, og for \u00e5 kome til den, m\u00e5tte han i b\u00e5t over ei elv, s\u00e5 truleg kunne han ikkje f\u00e5 gjort noko f\u00f8r til laurdag, arbeidsdagane denne veka var fullt opptekne.<\/p>\n<p>Dermed var det bare \u00e5 ringe til dei eg skulle ha med meg i morgon og fortelje dei at sendinga var avlyst. No har eg f\u00e5tt tak i dei fleste, s\u00e5 eg vonar at ingen stiller opp til stengd d\u00f8r i morgon kveld.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv fekk eg h\u00f8ve til \u00e5 skrive inn overskriftene i dagens Setesd\u00f8len og plutseleg var det 10 ny artiklar sidan sundag, s\u00e5 no er det 2010 artiklar der. D\u00e5 sa eg til meg sj\u00f8lv at eg kunne ta kvelden med godt samvit.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r la eg ut programmet for tysdag og onsdag her p\u00e5 bloggen, i dag er det bare \u00e5 melde at planane gjekk i vasken. Det sytte ein \u00f8ydelagd sendar i Trydal for. D\u00e5 eg kom i radioen i dag og skulle gjere klar til sendinga, var det ingen lyd fr\u00e5 P4 \u00e5 h\u00f8yre, bare &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/avlyst-12236411\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Avlyst<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12236411","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12236411"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12236411"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12236411\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12236411"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12236411"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12236411"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}