{"id":12157209,"date":"2011-11-12T21:36:09","date_gmt":"2011-11-12T21:36:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/11\/vekk-med-kjettingane-12157209\/"},"modified":"2011-11-12T21:36:09","modified_gmt":"2011-11-12T21:36:09","slug":"vekk-med-kjettingane-12157209","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/vekk-med-kjettingane-12157209\/","title":{"rendered":"Vekk med kjettingane!"},"content":{"rendered":"<p>Torsdagskvelden var eg p\u00e5 eit m\u00f8te p\u00e5 S\u00f8lvgarden p\u00e5 Rysstad. Det var eit temam\u00f8te om Reiseliv og destinasjonsbygging og halde av Valle N\u00e6ringslag klokka 18 til 22. Problemstillinga var Korleis dra nytte av \u00e5 liggje mellom dei to store, Evje om sommaren og Hovden vinterstid?<\/p>\n<p>Eit av emna som kom opp var Brokke-Suleskarvegen. D\u00e5 fortalde ordf\u00f8rar Tarald Myrum at det var p\u00e5 hengande h\u00e5ret ein fekk byggje vegen, og eitt av krava fr\u00e5 grunneigarane for \u00e5 gje fri grunn var at avkj\u00f8rslene m\u00e5tte stengjast med kjetting.<\/p>\n<p>Eg kom til Valle i 1991, det var vel om v\u00e5ren det \u00e5ret at vegen vart opna, og alt f\u00f8rste \u00e5ret drog eg over til \u00c5lg\u00e5rd for \u00e5 bes\u00f8ke familie. Alt d\u00e5 la eg merke til kjettingane, og d\u00e5 familien kom \u00e5ret etter og vi ville p\u00e5 tur p\u00e5 fjellet for \u00e5 sj\u00e5 etter molter, var det ur\u00e5d \u00e5 finne parkeringsplass, s\u00e5 eg sette av Sigmund og Reidun og k\u00f8yrde sj\u00f8lv ein tur for \u00e5 finne ein stad \u00e5 parkere, og s\u00e5 kom eg attende og henta dei etter eit par timar. Eg er nok ikkje den einaste som har gjort det p\u00e5 den m\u00e5ten, kjettingane har vore ei effektiv stengsle for folk som ville ut i naturen p\u00e5 fjellet.<\/p>\n<p>No har det g\u00e5tt 20 \u00e5r og i l\u00f8pet av desse \u00e5ra er det bygd opp eit stort hyttemilj\u00f8 i Brokke. Hytteeigarane undrar seg og p\u00e5 kvifor det skal vere s\u00e5 vanskeleg \u00e5 f\u00e5 parkert p\u00e5 heia for \u00e5 ta seg ein spasertur i fjellet. Thor Flognfeldt fr\u00e5 H\u00f8gskulen i Lillehammer var p\u00e5 m\u00f8tet p\u00e5 Rysstad ikkje n\u00e5dig mot folka som har sperra norsk natur for opplevingar, det er bare dei aller sprekaste av oss som kan oppleve norsk natur, sa han. I alle andre land legg dei til rette for at turstiar skal vere tilgjengelege for ferdsle og for folk med r\u00f8rslehemming, men i Norge er stiane s\u00e5 smale at ein m\u00e5 sj\u00e5 seg godt for om ein skal halde seg p\u00e5 f\u00f8tene, og d\u00e5 vert naturopplevinga lita. Han synte til nasjonalparkar i mange land, alle har gode tilh\u00f8ve for brukarar, som d\u00e5 nyttar desse og ikkje \u00f8ydelegg der dei ikkje har h\u00f8ve til \u00e5 g\u00e5. Og nasjonalparkar i andre land kan ha tusenvis av gjester dageleg utan at ein opplever \u00e5 g\u00e5 i k\u00f8, fortalde han og synte lysbilete fr\u00e5 mange bes\u00f8k i ulike land og parkar.<\/p>\n<p>Om ein skal f\u00e5 turistar til \u00e5 stoppe ein dag ekstra, b\u00f8r ein f\u00e5 vekk nokre kjettingar og ta i bruk parkeringsplassane p\u00e5 fjellet, s\u00e5 stoppar dei p\u00e5 butikkar, kafear og campingplassar ein dag ekstra, eller kan hende ei veke om det er tilrettelagt med varierte opplevingar i den flotte naturen v\u00e5r i Setesdal.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Torsdagskvelden var eg p\u00e5 eit m\u00f8te p\u00e5 S\u00f8lvgarden p\u00e5 Rysstad. Det var eit temam\u00f8te om Reiseliv og destinasjonsbygging og halde av Valle N\u00e6ringslag klokka 18 til 22. Problemstillinga var Korleis dra nytte av \u00e5 liggje mellom dei to store, Evje om sommaren og Hovden vinterstid? Eit av emna som kom opp var Brokke-Suleskarvegen. D\u00e5 fortalde &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/vekk-med-kjettingane-12157209\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Vekk med kjettingane!<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12157209","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12157209"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12157209"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12157209\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12157209"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12157209"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12157209"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}