{"id":12111093,"date":"2011-11-03T09:17:32","date_gmt":"2011-11-03T09:17:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/11\/aldri-sa-galt-at-det-ikkje-er-godt-for-noko-12111093\/"},"modified":"2011-11-03T09:17:32","modified_gmt":"2011-11-03T09:17:32","slug":"aldri-sa-galt-at-det-ikkje-er-godt-for-noko-12111093","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aldri-sa-galt-at-det-ikkje-er-godt-for-noko-12111093\/","title":{"rendered":"Aldri s\u00e5 galt at det ikkje er godt for noko"},"content":{"rendered":"<p>Etter ein flott kveld i Valle Radio er ein gjerne noko tr\u00f8ytt, s\u00e5 i g\u00e5r kveld var det godt \u00e5 kome heim og ta kvelden. Eg h\u00f8yrde nyheter ved midnatt f\u00f8r eg fann loppekassa, og snart sov eg. Men n\u00e5r ein drikk noko seint, slik det ofte blir i radioen, m\u00e5 ein gjerne opp noko tidleg, og klokka seks vakna eg. Ofte st\u00e5r eg opp d\u00e5, men i dag tenkte eg at kona pleier alltid \u00e5 ringe halv \u00e5tte, s\u00e5 eg s\u00f8v ein time til. D\u00e5 vi prata saman etter sendinga onsdagskvelden og sa god natt, avtalte vi jo det. Det eg ikkje tenkte p\u00e5, var at telefonen stod p\u00e5 lydlaus, eg hadde jo sett den p\u00e5 lydlaus d\u00e5 eg var i radioen i g\u00e5r. Den l\u00e5g s\u00e5 fint ved sida av senga, men utan lyd makta den ikkje \u00e5 f\u00e5 meg vaken.<\/p>\n<p>Kvart p\u00e5 ni vakna eg og trudde ikkje mine eigne augo, s\u00e5 lenge har eg knapt sove sidan eg var ung. Medan eg kledde meg, banka det i veggen, utanfor stod min kollega \u00d8ystein Berg og nokre elevar, dei hadde pr\u00f8vd ei stund \u00e5 f\u00e5 tak i meg p\u00e5 telefonen utan respons. No tenkte dei det verste og hadde sett himmel og jord i r\u00f8rsle for \u00e5 f\u00e5 tak i ein n\u00f8kkel og kome inn for \u00e5 hjelpe meg. Eg leier hus av ordf\u00f8rar Tarald Myrum, \u00d8ystein fekk han til og med ut av eit m\u00f8te, men han var i Arendal og kunne ikkje hjelpe \u00d8ystein med n\u00f8kkel. Mange andre fekk etter kvart vite om saka.<\/p>\n<p>Eg skriv om dette p\u00e5 bloggen for eg reknar med at nokon kvar har opplevd \u00e5 forsove seg utan at det hadde s\u00e5 store konsekvensar, s\u00e5 de kan jo smile litt av forsovinga mi. Eg pleier som regel vere p\u00e5 skulen ved \u00e5ttetida, ofte s\u00e5 tidleg som i sju-halv\u00e5tte. Men det er jo godt \u00e5 ha eit nettverk som reagerer n\u00e5r ein ikkje m\u00f8ter opp.<\/p>\n<p>Hendinga f\u00f8rte til at elevane fekk \u00f8ve p\u00e5 grammatikk i ein konkret og aktuell tekst, dei m\u00e5tte skrive om saka. S\u00e5 ein f\u00e5r vel seie med det gamle ordtaket: Aldri s\u00e5 galt at det ikkje er godt for noko. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter ein flott kveld i Valle Radio er ein gjerne noko tr\u00f8ytt, s\u00e5 i g\u00e5r kveld var det godt \u00e5 kome heim og ta kvelden. Eg h\u00f8yrde nyheter ved midnatt f\u00f8r eg fann loppekassa, og snart sov eg. Men n\u00e5r ein drikk noko seint, slik det ofte blir i radioen, m\u00e5 ein gjerne opp noko &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aldri-sa-galt-at-det-ikkje-er-godt-for-noko-12111093\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Aldri s\u00e5 galt at det ikkje er godt for noko<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12111093","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12111093"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12111093"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12111093\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12111093"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12111093"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12111093"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}