{"id":12080595,"date":"2011-10-27T21:30:53","date_gmt":"2011-10-27T21:30:53","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/10\/sprjeundersking-12080595\/"},"modified":"2011-10-27T21:30:53","modified_gmt":"2011-10-27T21:30:53","slug":"sprjeundersking-12080595","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sprjeundersking-12080595\/","title":{"rendered":"Sp\u00f8rjeunders\u00f8king"},"content":{"rendered":"<p>I dag vart elevane mine utsett for ei sp\u00f8rjeunders\u00f8king. Det var elevar i ungdomsskulen som hadde laga unders\u00f8kinga, og dei ville vite om v\u00e5re elevar forstod ein del ord. Dei tre f\u00f8rste orda gjekk nokonlunde greitt, revolusjon, dagleg og krig.<\/p>\n<p>Men det vart verre d\u00e5 unders\u00f8kinga gjekk vidare, for moydei er Valle-dialekt og ikkje brukt i vokabularet som vi har p\u00e5 Valle Vaksenoppl\u00e6ring. Ein periode hadde vi undervisning i vallem\u00e5l, men det m\u00e5tte g\u00e5 ut i \u00e5r. Elevane kan nok noko vallem\u00e5l, men det m\u00e5 nok helst kome i ein talt samanheng, og ikkje som einskildord.<\/p>\n<p>Vi oppdaga og at vi i vaksenoppl\u00e6ringa ikkje er s\u00e5 aktuelle som ungane, for dei hadde ei rekke interjeksjonar p\u00e5 sp\u00f8rjeskjemaet, og d\u00e5 m\u00e5tte dei vaksne svare nei, dei forstod ikkje din drittunge og fy fela og fy s\u00f8ren. Eg er nok noko usikker p\u00e5 om vi skal ta slike ord inn i det vokabularet som elevane v\u00e5re l\u00e6rer, i grunnen synest eg dei har nok med dei orda som vil vere nyttige n\u00e5r dei kjem p\u00e5 Norsk Spr\u00e5ktest.<\/p>\n<p>For det er Norsk Spr\u00e5ktest som er m\u00e5let. Elevane m\u00e5 klare den enklaste av desse, den som heiter Norsk Spr\u00e5ktest 2. D\u00e5 kan dei etter \u00e5 ha budd sju \u00e5r i Norge, s\u00f8kje norsk statsborgerskap. Dei kan g\u00e5 vidare og ta Norsk Spr\u00e5ktest 3 og Norsk Spr\u00e5ktest H\u00f8yere Niv\u00e5 og slik dokumentere auka forst\u00e5ing av det norske spr\u00e5ket. ALle testane inneheld lytteforst\u00e5ing, leseforst\u00e5ing og skriftleg framstilling, og s\u00e5 er det ein munnleg test.<\/p>\n<p>Men avanserte interjeksjonar er ikkje i pensum. Vi held oss til Hei, hallo, uff, isj og au. Interjeksjonar i den gruppa, dei ville nok dei vaksne elevane klart, sj\u00f8lv om dei er vanskelege \u00e5 oversette eller \u00e5 seie kva dei betyr, ein m\u00e5 vel helst seie i kva situasjonar ein nyttar dei.<\/p>\n<p>For meg synte sp\u00f8rjeunders\u00f8kinga at dei unge elevane nok l\u00e6rer norsk p\u00e5 ein meir rett fram m\u00e5te enn foreldrene gjer og at noko av vokabularet fr\u00e5 skulegarden lett melder seg i det aktive spr\u00e5ket. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vart elevane mine utsett for ei sp\u00f8rjeunders\u00f8king. Det var elevar i ungdomsskulen som hadde laga unders\u00f8kinga, og dei ville vite om v\u00e5re elevar forstod ein del ord. Dei tre f\u00f8rste orda gjekk nokonlunde greitt, revolusjon, dagleg og krig. Men det vart verre d\u00e5 unders\u00f8kinga gjekk vidare, for moydei er Valle-dialekt og ikkje brukt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sprjeundersking-12080595\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sp\u00f8rjeunders\u00f8king<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12080595","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12080595"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12080595"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12080595\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12080595"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12080595"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12080595"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}