{"id":12070165,"date":"2011-10-25T22:28:46","date_gmt":"2011-10-25T22:28:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/10\/integrering-i-praksis-12070165\/"},"modified":"2011-10-25T22:28:46","modified_gmt":"2011-10-25T22:28:46","slug":"integrering-i-praksis-12070165","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/integrering-i-praksis-12070165\/","title":{"rendered":"Integrering i praksis"},"content":{"rendered":"<p>I dag opplevde eg integrering i praksis i Valle. Det var gravferd for Pi Ka David og kyrkja var heilt full av karenarar og nordmenn og ei rekke andre nasjonalitetar. Pi Ka var avhalden langt ut over karenargruppa han var ein del av. Han var adventist og Per de Lange fr\u00e5 Adventistkyrkja i Arendal stod for sj\u00f8lve seremonien, som nok var noko enklare enn ein til vanleg opplever i ei gravferd i Valle kyrkje. Til vanleg er det gjerne presten som g\u00e5r f\u00f8r kista ut, men her gjekk kona Nawsi fyrst og aleine, det var sterkt \u00e5 sj\u00e5 henne g\u00e5 fyrst ut og mot grava.<\/p>\n<p>Det vart lagt ned mange kransar og b\u00e5rebukettar. Fr\u00e5 kona Naw Si var det ein vakker krans forma som eit hjarte. Guro Nordli Solbakk la ned krans fr\u00e5 oss som har st\u00e5tt Pi Ka n\u00e6rast som flyktningkonsulent, l\u00e6rarar i vaksenoppl\u00e6ringa og sj\u00e5f\u00f8r. Det var og krans fr\u00e5 teknisk etat, pleie og omsorg, familiekoret, fr\u00e5 Adventkirken i Arendal, fr\u00e5 \u00c5mli Karen Baptistmenighet. Ogs\u00e5 Bygland Taxi hadde blomar med helsinga \u00abEn glede \u00e5 bli kjent med deg\u00bb, det var helsing fr\u00e5 Ingrid og Gunnar p\u00e5 Valle Handel, fr\u00e5 polske venner, Gro Haatveit Hovet, Lisbeth, Halvard, Steinar og Flavia, Sigbj\u00f8rg med familie og fr\u00e5 Bj\u00f8rg og Magne Brokka Rike, som Pi Ka leigde hus av. I denne lista har eg sikkert gl\u00f8ymt nokre, men den skulle syne breidda i veneflokken han hadde etter vel fire \u00e5r i Valle.<\/p>\n<p>I kyrkja var det solosong av Mang Din Thang, ho song Hjemme i himlen, og Klo Htoo Doh, som song Precious Lord. Under minnesamv\u00e6ret song klassen fr\u00e5 Valle Vaksenoppl\u00e6ring Er Jesus med og ei gruppe fr\u00e5 Tvedestrand\/Ris\u00f8r song og. S\u00e5 var det helsing fr\u00e5 Marianne Brenna og Harald Haugland, som kvar p\u00e5 sin m\u00e5te teikna eit bilete av mannen vi fekk g\u00e5 saman med p\u00e5 livsvegen i litt meir enn fire \u00e5r. Og maten var setesdalssuppe, stelt av Jorunn Lund Harstad og ris, stelt av Hser Nya Htoo. Og s\u00e5 var det kaffe eller te og kaker etterp\u00e5.<\/p>\n<p>Pi Ka David var fyrste karenar som kom til Valle, sidan har to andre karenske familiar kome, i tillegg har det kome to chin-familiar fr\u00e5 Burma. Dei hadde alle ein felles kultur med v\u00e5r norske, ettersom dei er kristne, og sang og musikk har vore ei god hjelp for dei til \u00e5 l\u00e6re seg norsk og til \u00e5 bli ein del av bygda, ikkje minst gjennom familiekoret. Og s\u00e5 har dei teke reinhaldarjobbar, fyrst vikariat og etter kvart faste tilsettingar. Og tilbake har dei f\u00e5tt vener som har sett pris p\u00e5 dei, noko bygda synte i dag. I praksis g\u00e5r integrering begge vegar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag opplevde eg integrering i praksis i Valle. Det var gravferd for Pi Ka David og kyrkja var heilt full av karenarar og nordmenn og ei rekke andre nasjonalitetar. Pi Ka var avhalden langt ut over karenargruppa han var ein del av. Han var adventist og Per de Lange fr\u00e5 Adventistkyrkja i Arendal stod &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/integrering-i-praksis-12070165\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Integrering i praksis<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12070165","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12070165"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12070165"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12070165\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12070165"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12070165"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12070165"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}