{"id":12029831,"date":"2011-10-17T21:49:56","date_gmt":"2011-10-17T21:49:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/10\/minnestund-12029831\/"},"modified":"2011-10-17T21:49:56","modified_gmt":"2011-10-17T21:49:56","slug":"minnestund-12029831","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/minnestund-12029831\/","title":{"rendered":"Minnestund"},"content":{"rendered":"<p>I dag starta dagen med minnestund. Det har etter kvart blitt ein tradisjon at n\u00e5r ein som har vore elev p\u00e5 skulen, g\u00e5r bort, vert det halde minnestund. Avhengig av situasjonen kan det skje b\u00e5de i klassen og for heile skulen. Valle Vaksenoppl\u00e6ring er ikkje st\u00f8rre enn at for oss var det naturleg at heile skulen samlast for \u00e5 minnast Pika David.<\/p>\n<p>Vi har hatt ein praksis p\u00e5 skulen med \u00e5 syngje evangeliske sangar p\u00e5 norsk, ettersom dei burmesiske flyktningane kjenner mange av melodiane. Dei er kristne, og d\u00e5 har vi ein felles kultur sj\u00f8lv om villk\u00e5ra dei har levd under har vore varmare og hardare enn her i landet. N\u00e5r ein kjenner melodien, vert \u00f8vinga \u00e5 lese norske tekstar s\u00e5 fort at dei kan fylgje med i songen. Det pleier \u00e5 g\u00e5 ganske godt n\u00e5r \u00d8ystein sit ved pianoet og eg er forsangar.<\/p>\n<p>Minnestunda starta med at Pika sin svigerson, Thawat, tente eit lys. S\u00e5 song vi O, bli hos meg. Det er ein sang som opprinneleg kom fr\u00e5 engelsk, Abide with me. Du kan lese meir om sangen p\u00e5 Wikipedia, http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/O_bli_hos_meg<\/p>\n<p>Etter sangen hadde Noe Bow eit lite minneord. Det meste av det sa han p\u00e5 karensk, men han takka og fr\u00e5 Pika David for alt Valle kommune og Valle Vaksenoppl\u00e6ring hadde gjort for han og familien. Det var ei kjenslevarm stund, og etter ei b\u00f8n som vart avslutta med Fader V\u00e5r p\u00e5 dei spr\u00e5ka elevane var mest fortrulege med, song vi Hjemme i himlen, Leonhard Gudmundsen sin sang som s\u00e5 mange er blitt glade i.<\/p>\n<p>Gravferda vert ikkje f\u00f8r neste tysdag. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag starta dagen med minnestund. Det har etter kvart blitt ein tradisjon at n\u00e5r ein som har vore elev p\u00e5 skulen, g\u00e5r bort, vert det halde minnestund. Avhengig av situasjonen kan det skje b\u00e5de i klassen og for heile skulen. Valle Vaksenoppl\u00e6ring er ikkje st\u00f8rre enn at for oss var det naturleg at heile &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/minnestund-12029831\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Minnestund<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12029831","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12029831"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12029831"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12029831\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12029831"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12029831"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12029831"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}