{"id":12011588,"date":"2011-10-13T21:30:03","date_gmt":"2011-10-13T21:30:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/10\/runda-1800-artiklar-12011588\/"},"modified":"2011-10-13T21:30:03","modified_gmt":"2011-10-13T21:30:03","slug":"runda-1800-artiklar-12011588","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/runda-1800-artiklar-12011588\/","title":{"rendered":"Runda 1800 artiklar"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld runda Setesdalswiki 1800 artiklar. Det var artikkelen om plan- og milj\u00f8utvalet i Valle som fekk \u00e6ra, utvalet som Torleif B. Harstad skal leie i komande periode. Valle var fyrste kommunen i Setesdal til \u00e5 konstituere seg etter kommunevalet 2011, og dermed var grunnlaget lagt for \u00e5 skrive nokre artiklar om r\u00e5d og utval i Valle kommune. Til no har eg laga seks, og dei har f\u00e5tt eigen kategori.<\/p>\n<p>Men i dag hadde eg andre hyggelege opplevingar og. Nokre var knytt til Setesdalswiki, for det var kommunestyrem\u00f8te i Bykle med val av ordf\u00f8rar og varaordf\u00f8rar, og ein tidlegare Kvitsund-elev, Tor Hallvard Mosd\u00f8l, vart varaordf\u00f8rar, og d\u00e5 samarbeidde vi litt for \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass ein artikkel om han og, sj\u00e5  http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Tor_Hallvard_Mosd%C3%B8l  Tidlegare i dag skreiv eg om Sigbj\u00f8rg N\u00e6ss, som var varaordf\u00f8rar i Valle til i g\u00e5r, s\u00e5 \u00e5 skrive om to varaordf\u00f8rarar p\u00e5 ein dag, det vil nok ikkje skje s\u00e5 ofte.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 var det bursdagsselskap i dag. Ein av elevane fylte 28 \u00e5r og han kom med bl\u00f8tkake,  dermed vart det sang og fest i pausen p\u00e5 skulen. Det er mykje sang p\u00e5 skulen no for tida, det er ein fin m\u00e5te \u00e5 hjelpe elevane til \u00e5 f\u00e5 fart p\u00e5 norsken, s\u00e5 snart h\u00f8yrer eg Bl\u00e5veispiken, snart ei salme. Eg har tenkt at vi burde kontakte dagsenteret p\u00e5 Valle Bygdeheim og avtale ei sangstund der oppe ein f\u00f8remiddag. Det hadde vore hyggeleg for b\u00e5de elevar og pensjonistar, hadde eg tenkt.<\/p>\n<p>Eg skreiv p\u00e5 Facebook i g\u00e5r at eg kunne ta imot folk som ville vite meir om Setesdalswiki i dag etter klokka 14. Det kom ingen, men seinare p\u00e5 dagen kom det eit sp\u00f8rsm\u00e5l om eg kunne finne det arabiske alfabetet, d\u00e5 m\u00e5tte eg til wikipedia, og snart s\u00e5 fann eg det og den som leita kunne f\u00e5 med seg ei utskrift. S\u00e5 om du trur at eg har det kjedeleg n\u00e5r skulen er ferdig her i Valle, s\u00e5 kan eg avkrefte det. Det hender mest allst\u00f8tt noko som gjev liv og variasjon til dagane. Og i morgon er det fredag og Mandalstur.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld runda Setesdalswiki 1800 artiklar. Det var artikkelen om plan- og milj\u00f8utvalet i Valle som fekk \u00e6ra, utvalet som Torleif B. Harstad skal leie i komande periode. Valle var fyrste kommunen i Setesdal til \u00e5 konstituere seg etter kommunevalet 2011, og dermed var grunnlaget lagt for \u00e5 skrive nokre artiklar om r\u00e5d og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/runda-1800-artiklar-12011588\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Runda 1800 artiklar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-12011588","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12011588"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12011588"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12011588\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12011588"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12011588"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12011588"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}