{"id":11965478,"date":"2011-10-04T20:43:05","date_gmt":"2011-10-04T20:43:05","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/10\/haustferie-11965478\/"},"modified":"2011-10-04T20:43:05","modified_gmt":"2011-10-04T20:43:05","slug":"haustferie-11965478","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/haustferie-11965478\/","title":{"rendered":"Haustferie 2011"},"content":{"rendered":"<p>I dag stod det i annonsen for Valle Radio at det ikkje var sending tysdag i haustferien og at onsdagssendinga gjekk ut. I staden vart det sending til heile dalen fredag. Programmet for den sendinga kjem i fredagsavisa.<\/p>\n<p>D\u00e5 klokka var seks i kveld, tenkte eg p\u00e5 sendinga som alts\u00e5 ikkje vart gjennomf\u00f8rt i dag. Eg har no pr\u00f8vd \u00e5 skrive litt p\u00e5 Setesdalswiki i staden, men det er rart \u00e5 sitje heime og sj\u00e5 p\u00e5 TV ein tysdagskveld mellom 18 og 22, det er heilt ukjende program for meg, ettersom det er den tida eg til vanleg er i radioen.<\/p>\n<p>For sj\u00f8lv om kroppen min er i Mandal, er det nok slik at ein stor del av tankane mine er i Setesdal. Etter at eg tok til \u00e5 skrive p\u00e5 Setesdalswiki, leitar eg i gamle og nye nummer av Setesd\u00f8len for \u00e5 finne stoff, som eg s\u00e5 tilpassar leksikonformatet og lagar artiklar om. I veka f\u00f8r haustferien starta, hadde vi 1700 artilar, no n\u00e6rmar det seg 1800. Kan hende n\u00e5r eg m\u00e5let f\u00f8r haustferien er slutt. D\u00e5 kan ein jo seie at det har vore ein produktiv haustferie, sj\u00f8lv om eg ikkje har plukka ei einaste potet.<\/p>\n<p>Medan eg sat og skreiv dette, kom Annemor innom p\u00e5 Facebook og takka meg for g\u00e5rsdagens blogg. Ho var sv\u00e6rt n\u00f8gd med opplevinga i g\u00e5r, naturleg nok. Her er ei lenke til NRK S\u00f8rlandet sitt intervju med henne i h\u00f8ve at ho vart tildelt statsstipend fr\u00e5 2012: http:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/distrikt\/sorlandet\/1.7820158?utm_source=twitterfeed&#038;utm_medium=twitter<\/p>\n<p>Har det skjedd noko anna i dag. Sj\u00f8lvsagt har det det. For ein som er oppteken av Wikipedia, sj\u00f8lv om eg ikkje skriv s\u00e5 mykje der noe som tidlegare, er det litt dramatisk \u00e5 oppleve at italiensk wikipedia har g\u00e5tt til streik. Vi har jo sett at dei streikar i Hellas, men i Italia f\u00e5r ein ikkje lese p\u00e5 Wikipedia i kveld. Det skuldast at det blir f\u00f8resl\u00e5tt \u00e5 innf\u00f8re ein lov der ein som er misn\u00f8gd med ei side p\u00e5 Internett, kan klage, og d\u00e5 m\u00e5 den som eig nettsida gjere som klagaren seier. Ikkje rart om wikipediafolk protesterer, for om dei har skrive ein artikkel og det er ein som ikkje likar det, vil han kunne kreve artikkelen fjerna. At ein snakkar saman om korleis ein artikkel skal vere, er heilt naturleg i wikipediamilj\u00f8et, men ikkje at nokon som ikkje skriv, skal kunne bestemme.<\/p>\n<p>S\u00e5 du skj\u00f8nar at haustferien 2011 byr p\u00e5 litt av kvart.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag stod det i annonsen for Valle Radio at det ikkje var sending tysdag i haustferien og at onsdagssendinga gjekk ut. I staden vart det sending til heile dalen fredag. Programmet for den sendinga kjem i fredagsavisa. D\u00e5 klokka var seks i kveld, tenkte eg p\u00e5 sendinga som alts\u00e5 ikkje vart gjennomf\u00f8rt i dag. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/haustferie-11965478\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Haustferie 2011<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65],"class_list":["post-11965478","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11965478"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11965478"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11965478\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11965478"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11965478"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11965478"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}