{"id":11947528,"date":"2011-09-30T21:23:20","date_gmt":"2011-09-30T21:23:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/09\/paal-helge-haugen-og-gaute-heivoll-i-valle-11947528\/"},"modified":"2011-09-30T21:23:20","modified_gmt":"2011-09-30T21:23:20","slug":"paal-helge-haugen-og-gaute-heivoll-i-valle-11947528","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/paal-helge-haugen-og-gaute-heivoll-i-valle-11947528\/","title":{"rendered":"Paal-Helge Haugen og Gaute Heivoll i Valle"},"content":{"rendered":"<p>I kveld var Paal-Helge Haugen og Gaute Heivoll i Valle. Ein kunne ikkje telje s\u00e5 lett, men eg reknar med at det var mellom 60 og 70 tilh\u00f8yrarar p\u00e5 forfattarkvelden som Valle folkebibliotek, Valle folkeakademi og Valle m\u00e5llag arrangerte. Det er meir enn 5% av dei 1276 innbyggarane i kommunen. Om 5% av Kristiansands 82.770 innbyggarar skulle vore til stades p\u00e5 ein forfattarkveld, m\u00e5tte arrang\u00f8rane hatt 4138 stolar.<\/p>\n<p>F\u00f8rste delen var ein samtale mellom dei to forfattarane, deretter spelte Jamie Lodberg tre sl\u00e5ttar p\u00e5 hardingfele f\u00f8r det var ein kaffepause med h\u00f8ve til mingling. Etter pausen las forfattarane fr\u00e5 nye b\u00f8ker og for Paal-Helge sin del ogs\u00e5 fr\u00e5 uutgitt stoff. Heile kvelden varte fr\u00e5 klokka 19 til \u00d8rnulf Hasla var til stades og tok opp for Valle Radio, samtalen mellom dei to forfattarane vil han sende fredag 7. oktober, d\u00e5 Valle Radio skal ha sending til heile dalen. Opplesinga vil eg sende tysdagen etter haustferien.<\/p>\n<p>Samtalen vart annleis enn eg hadde tenkt p\u00e5 f\u00f8rehand. Dei hadde ikkje noko manuskript, men  kvar hadde tid til noko meir omfattande innlegg der dei kommenterte forfattarskapen. Paal-Helge starta det heile med \u00e5 seie noko om korleis han opplevde responsen d\u00e5 han gav ut <em>Anne<\/em>, og samanlikna det noko med det Gaute opplevde d\u00e5 han hadde skrive <em>F\u00f8r jeg brenner ned<\/em>. Men han meinte det var synd at folk ikkje las b\u00f8kene som Heivoll hadde skrive f\u00f8r den boka, for dei var minst like gode.<\/p>\n<p>Dei snakka og ganske mykje om tilh\u00f8vet mellom poesi og prosa, og Paal-Helge meinte nok at landskapet han vaks opp i, med Nomelandsfj\u00f8dd i ryggen, hadde blitt ei grunnlinje i skrivinga hans. Sj\u00f8lv om Gaute hadde skrive poesi, sine f\u00f8rste dikt sende han til Paal-Helge for \u00e5 f\u00e5 r\u00e5d, og det vennlege brevet han fekk tilbake var sterkt medverkande til at han heldt fram. Men som prosaist m\u00e5 han skrape fram setningane, og sj\u00f8lv om han g\u00e5r gjennom det han skriv mange gonger, er det ikkje som lyrikaren som vrir og vender p\u00e5 spr\u00e5ket for \u00e5 f\u00e5 det s\u00e5 kortfatta og pregnant som r\u00e5d.<\/p>\n<p>\u00c5 lage referat fr\u00e5 ein s\u00e5 innhaldsrik kveld er vanskeleg, s\u00e5 eg trur eg stoppar her. Du kan oppleve kvelden i Valle Radio om ei veke, og om du set deg til radioen d\u00e5, vil du ikkje angre p\u00e5 tida du bruker, for kvelden var b\u00e5de l\u00e6rerik og tankevekkande.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld var Paal-Helge Haugen og Gaute Heivoll i Valle. Ein kunne ikkje telje s\u00e5 lett, men eg reknar med at det var mellom 60 og 70 tilh\u00f8yrarar p\u00e5 forfattarkvelden som Valle folkebibliotek, Valle folkeakademi og Valle m\u00e5llag arrangerte. Det er meir enn 5% av dei 1276 innbyggarane i kommunen. Om 5% av Kristiansands 82.770 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/paal-helge-haugen-og-gaute-heivoll-i-valle-11947528\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Paal-Helge Haugen og Gaute Heivoll i Valle<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11947528","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11947528"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11947528"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11947528\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11947528"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11947528"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11947528"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}