{"id":11942544,"date":"2011-09-29T22:00:24","date_gmt":"2011-09-29T22:00:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/09\/paal-helge-haugen-i-valle-radio-11942544\/"},"modified":"2011-09-29T22:00:24","modified_gmt":"2011-09-29T22:00:24","slug":"paal-helge-haugen-i-valle-radio-11942544","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/paal-helge-haugen-i-valle-radio-11942544\/","title":{"rendered":"Paal-Helge Haugen i Valle Radio"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld var det Paal-Helge Haugen som var f\u00f8rste gjest i Aktuell time i Valle Radio. Han kom for \u00e5 seie noko om forfattarkvelden som skal vere i kommunestyresalen i morgon klokka 19. D\u00e5 skal han og Gaute Heivoll snakke saman om det \u00e5 skrive, og Paal-Helge fortalde at Gaute bare er med p\u00e5 to forfattarkveldar i haust, det er Litteraturdagane i Vinje og forfattarkveld i Valle. Heivoll er vanskeleg \u00e5 f\u00e5 ut. Alt slikt utanom skrivinga tek konsentrasjon fr\u00e5 ein forfattar, og n\u00e5r ein er i ein skriveprosess er det mange som lukkar seg inne og ikkje vil ut p\u00e5 m\u00f8ter og foredrag.<\/p>\n<p>D\u00e5 Gaute Heivoll fekk sin store suksess med <em>F\u00f8r jeg brenner ned<\/em>, var han nok ikkje budd p\u00e5 alt det som det medf\u00f8rte av sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 media og arrang\u00f8rar. Paal-Helge fortalde at han hadde kjent Gaute fr\u00e5 han var heilt ung og at dei no budde eit godt steinkast fr\u00e5 kvarandre p\u00e5 Nodeland i Songdalen kommune. Den boka som gjorde Heivoll kjent, er litt sjeldan, for den handsamar eit traume som har vore i Finsland heilt sidan brannane, det vil seie d\u00e5 Heivoll var nyf\u00f8dd. Det har ikkje vore lett \u00e5 snakke om det, men Gaute Heivoll si bok er litter\u00e6r psykiatrisk hjelp til ei heil bygd, og alle i bygda har sagt seg n\u00f8gde med korleis han har l\u00f8yst oppg\u00e5va. Med \u00e5 ta saka opp, har han kunne leggje den ned i fred.<\/p>\n<p>P\u00e5 forfattarkvelden fredag kjem dei til \u00e5 snakke om \u00e5 skrive b\u00f8ker. Det blir ein samtale f\u00f8rst, deretter blir det ein pause og etterp\u00e5 kjem dei to forfattarane til \u00e5 lese fr\u00e5 nye b\u00f8ker. Det blir sl\u00e5ttar ved Jamie Lodberg i tillegg, og alt er gratis, ettersom det er Valle folkebibliotek som st\u00e5r saman med Valle m\u00e5llag og Folkeakademiet Valle om arrangementet. Valle folkebibliotek likar \u00e5 marknadsf\u00f8re gratisprinsippet.<\/p>\n<p>Det var f\u00f8rste gongen Paal-Helge Haugen var i radiostudio, og han var imponert over kor god plass det var og kor greitt alt l\u00e5g til rette. N\u00e5r han tidlegare har vore med i Valle Radio, har det vore p\u00e5 telefon eller i opptak, men han var glad for h\u00f8vet til \u00e5 sj\u00e5 lokala v\u00e5re. Og Britta Lise kom innom og tok bilete av han, det kan du sj\u00e5 i artikkelen om han p\u00e5 Setesdalswiki, sj\u00e5 http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Paal-Helge_Haugen<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r kveld var det Paal-Helge Haugen som var f\u00f8rste gjest i Aktuell time i Valle Radio. Han kom for \u00e5 seie noko om forfattarkvelden som skal vere i kommunestyresalen i morgon klokka 19. D\u00e5 skal han og Gaute Heivoll snakke saman om det \u00e5 skrive, og Paal-Helge fortalde at Gaute bare er med p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/paal-helge-haugen-i-valle-radio-11942544\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Paal-Helge Haugen i Valle Radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11942544","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11942544"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11942544"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11942544\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11942544"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11942544"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11942544"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}