{"id":11924051,"date":"2011-09-26T22:01:07","date_gmt":"2011-09-26T22:01:07","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/09\/integrering-11924051\/"},"modified":"2011-09-26T22:01:07","modified_gmt":"2011-09-26T22:01:07","slug":"integrering-11924051","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/integrering-11924051\/","title":{"rendered":"Integrering"},"content":{"rendered":"<p>Det verkar ikkje som om folk i Valle er opptekne av integrering. Folkeakademiet hadde invitert Amal Aden til Valle i kveld. Ho hadde tidlegare vore p\u00e5 Valle skule med stor suksess, d\u00e5 var Valle vidareg\u00e5ande skule og Setesdal folkeh\u00f8gskule og med p\u00e5 arrangementet, og gymsalen, Storstoga, var full. I kveld var det om lag 20 menneske, trur eg. Av desse var ti burmesiske flyktningar, dessutan var vi to l\u00e6rarar i vaksenoppl\u00e6ringa der og flyktningekonsulenten. D\u00e5 var det kanskje bare knapt ti andre personar der. Eg tykkjer nok det var litt lite, for det var eit viktig tema ho tok opp.<\/p>\n<p>Amal Aden, som kom til Norge d\u00e5 ho var 13 \u00e5r, no er ho 27, har skrive fire b\u00f8ker om \u00e5 vere somaliar i Norge. N\u00e5r ein veit at ho ikkje kunne lese og skrive d\u00e5 ho kom til landet v\u00e5rt, m\u00e5 ein kanskje meine at skulestellet i Oslo, dit ho kom, har gjort ein god jobb. Men det kan ein nok ikkje seie, for ho hadde levd p\u00e5 gata i Somalia og kunne ikkje innordne seg under reglane p\u00e5 ein skule, s\u00e5 etter \u00e5tte dagar forsvant ho, det var skulegangen ho hadde f\u00e5tt. Ho fortalde ganske levande om korleis ho likevel l\u00e6rte seg \u00e5 lese og \u00e5 skrive, mellom anna ved \u00e5 plage tilsette p\u00e5 butikkar i omr\u00e5det der ho budde. Ho vart utestengd fr\u00e5 mange butikkar for sine mange sp\u00f8rsm\u00e5l.<\/p>\n<p>Redninga vart ein familie n\u00e6r H\u00f8nefoss, d\u00e5 ho kom til ein liten stad, kunne ho ikkje lenger g\u00f8yme seg i storbyen. Familien tok seg av henne som om ho var dotter deira, det kan ikkje ha vore lett, for den somaliske jenta var strid og vanskeleg. Men sm\u00e5tt om senn ordna det seg.<\/p>\n<p>Ho var heller ikkje glad for barnevernet. Det var mykje kommunikasjonsproblem mellom barnevernet og innvandrarar, meinte ho. Eit av problema innvandrarar har, er at det ikkje er lov \u00e5 sl\u00e5 barn i oppsedinga. mange meiner at dei misser reidskapen som er naudsynt for \u00e5 sosialisere barna. N\u00e5r s\u00e5 barnevernet grip inn etter melding om vald, blir det sterk konflikt med det same.<\/p>\n<p>Ein av burmesarane, Noe Baw Nya, tok ordet og kommenterte noko av det Amal Aden sa, andre av tilh\u00f8yrarane hadde og sp\u00f8rsm\u00e5l og kommentarar.<\/p>\n<p>Ho meinte nok at det var betre h\u00f8ve til integrering p\u00e5 ein liten stad enn i Oslo. Men det kravde at b\u00e5de innvandrarar og bufaste nordmenn tilpassa seg ein ny situasjon. Norge er eit multikulturelt land, sa ho.<\/p>\n<p>Onsdag kjem Astri Kyte i Valle Radio for \u00e5 fortelje noko om si oppleving av dette bes\u00f8ket. Eg vonar at vi og f\u00e5r noko lyd, Kjetil Charolis var der og gjorde opptak.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det verkar ikkje som om folk i Valle er opptekne av integrering. Folkeakademiet hadde invitert Amal Aden til Valle i kveld. Ho hadde tidlegare vore p\u00e5 Valle skule med stor suksess, d\u00e5 var Valle vidareg\u00e5ande skule og Setesdal folkeh\u00f8gskule og med p\u00e5 arrangementet, og gymsalen, Storstoga, var full. I kveld var det om lag 20 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/integrering-11924051\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Integrering<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11924051","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11924051"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11924051"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11924051\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11924051"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11924051"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11924051"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}