{"id":11781542,"date":"2011-09-04T22:57:02","date_gmt":"2011-09-04T22:57:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/09\/riksveg-9-og-urdviki-11781542\/"},"modified":"2011-09-04T22:57:02","modified_gmt":"2011-09-04T22:57:02","slug":"riksveg-9-og-urdviki-11781542","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/riksveg-9-og-urdviki-11781542\/","title":{"rendered":"Riksveg 9 og Urdviki"},"content":{"rendered":"<p>I grunnen har eg k\u00f8yrt med ein viss angst n\u00e5r eg passerer Urdviki i haust, for eg har tenkt at alt det regnet vi har hatt, sikkert ikkje har vore godt for steinane som ligg att i fjellet. Og i dag kom det eit ras, og to bilar kom midt i det. Heldigvis verkar det som om det ikkje var store personskader, sj\u00f8lv om meldingane gjekk ut p\u00e5 at folk m\u00e5tte p\u00e5 sjukehus.<\/p>\n<p>Etter raset m\u00e5tte trafikken g\u00e5 p\u00e5 vestsida av Byglandsfjorden, fylkesvegen der er smal og svingete, d\u00e5 Riksveg 9 var stengd i samband med spreninga av fjellnabben i Urdviki, var det kolonnek\u00f8yring p\u00e5 vestsida.<\/p>\n<p>Magnhild Meltveit Kleppa var p\u00e5 Langeid med 17 millionar laurdag. Eg reknar med at ho er glad ho ikkje hamna i steinraset i Urdviki. Men sj\u00f8lv om fjellet der vart reinska godt etter sprenginga, trur eg det er naudsynt med ein ny runde. S\u00e5 f\u00e5r ein heller ha kolonnek\u00f8yring forbi rasstaden, det er betre enn \u00e5 leie heile trafikken p\u00e5 vestsida, den vegen er ikkje dimensjonert for trafikken p\u00e5 Rv 9.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv vart eg nedsylta fredag og det har ikkje slept medan eg har vore heime i Mandal denne helga, s\u00e5 eg vonar at n\u00e5r eg er god att, er vegen open att.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I grunnen har eg k\u00f8yrt med ein viss angst n\u00e5r eg passerer Urdviki i haust, for eg har tenkt at alt det regnet vi har hatt, sikkert ikkje har vore godt for steinane som ligg att i fjellet. Og i dag kom det eit ras, og to bilar kom midt i det. Heldigvis verkar det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/riksveg-9-og-urdviki-11781542\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Riksveg 9 og Urdviki<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11781542","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11781542"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11781542"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11781542\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11781542"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11781542"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11781542"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}