{"id":11733013,"date":"2011-08-26T22:12:10","date_gmt":"2011-08-26T22:12:10","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/08\/dagsnytt-11733013\/"},"modified":"2011-08-26T22:12:10","modified_gmt":"2011-08-26T22:12:10","slug":"dagsnytt-11733013","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dagsnytt-11733013\/","title":{"rendered":"Dagsnytt 18"},"content":{"rendered":"<p>I dag fekk eg ein telefon fr\u00e5 redaksjonen i Dagsnytt 18 om eg kunne tenke meg \u00e5 vere med i ein samtale om Wikipedia. Det var eit tilbod eg ikkje kunne la g\u00e5 fr\u00e5 meg, s\u00e5 eg lova \u00e5 gjere det. Dermed fekk eg tilsendt artikkelen fr\u00e5 Klassekampen om korleis nokre h\u00f8gre-ekstremistar har pr\u00f8vd \u00e5 p\u00e5verke engelsk wikipedia. Sj\u00f8lv om dei vart oppdaga og mange av redigeringane deira fjerna, ligg det noko att og er med p\u00e5 \u00e5 definere ord og omgrep i den sektoren av samfunnet, sa Arnulf Hagen, professor ved NTNU i Trondheim, som hadde g\u00e5tt litt djupare inn i ei side av Manifestet som dukka opp i kj\u00f8lvatnet av Terrorkatastrofen i Oslo og p\u00e5 Ut\u00f8ya.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 journalist for digitale medier i Dagbladet, Jan Omdal var med i samtalen, som varte i ti minutt, og d\u00e5 kan du sj\u00f8lv tenke at vi ikkje fekk mykje taletid kvar. Med programleiar Anne Grosvold var vi fire, s\u00e5 det vart 2,5 minutt p\u00e5 kvar. For \u00e5 spare meg for noko k\u00f8yring, drog er direkte til NRK S\u00f8rlandet sitt hus p\u00e5 Tangen i Kristiansand, der vi var med Valle Radio for nokre \u00e5r sidan. Der fekk eg l\u00e5ne ein PC og s\u00e5 kunne eg oppdatere meg, lese kronikken og finne ut litt om den aktuelle situasjonen i wikipedia i dag. D\u00e5 hadde vi 310.750 artiklar, Ein kan jo ikkje garantere at det ikkje er feil ein eller annan stad i s\u00e5 mange artiklar.<\/p>\n<p>Men wp har eit omfattande system for \u00e5 oppdage og \u00e5 fjerne vandalisme, s\u00e5 mykje av det som vert lagt inn kvar dag, vert fjerna noks\u00e5 omg\u00e5ande. Det vil jo likevel snike seg inn noko med tida, sj\u00f8lv om mange brukarar overvaker og passer p\u00e5 artiklar dei er interesserte i. S\u00e5 ein kan aldri seie at nettleksikonet er feilfritt, og unders\u00f8kingar har synt at det ikkje er fleire feil i wikipedia enn i Encyclopedia Britannica, som vel er det mest seri\u00f8se engelske leksikonet.<\/p>\n<p>Men det var ei artig erfaring \u00e5 snakke til ein million lyttarar, ikkje bare dei to tusen som h\u00f8yrer p\u00e5 tysdags- og onsdagssendingane i Valle Radio. Denne gongen var det jo ikkje s\u00e5 vanskeleg \u00e5 vere wikipedias pressetalsmann, for saka var viktig \u00e5 snakke om. Stoff ein finn p\u00e5 Internett b\u00f8r kontrollerast mot andre kjelder om det er viktig \u00e5 kvalitetssikre det. Og wikipedia er ein god plass \u00e5 starte med \u00e5 f\u00e5 eit oversyn og ofte og f\u00e5 kjelder til ein stad lesaren kan f\u00e5 vite meir.<\/p>\n<p>Takk til alle som h\u00f8yrde p\u00e5 og gav tilbakemelding p\u00e5 Facebook, det var mest som \u00e5 ha f\u00f8dselsdag att, bare ei veke etter forrige runde med mange tilbakemeldingar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag fekk eg ein telefon fr\u00e5 redaksjonen i Dagsnytt 18 om eg kunne tenke meg \u00e5 vere med i ein samtale om Wikipedia. Det var eit tilbod eg ikkje kunne la g\u00e5 fr\u00e5 meg, s\u00e5 eg lova \u00e5 gjere det. Dermed fekk eg tilsendt artikkelen fr\u00e5 Klassekampen om korleis nokre h\u00f8gre-ekstremistar har pr\u00f8vd \u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dagsnytt-11733013\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Dagsnytt 18<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[48],"class_list":["post-11733013","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-nrk"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11733013"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11733013"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11733013\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11733013"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11733013"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11733013"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}