{"id":11720677,"date":"2011-08-24T14:25:25","date_gmt":"2011-08-24T14:25:25","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/08\/stortingsbesk-11720677\/"},"modified":"2011-08-24T14:25:25","modified_gmt":"2011-08-24T14:25:25","slug":"stortingsbesk-11720677","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/stortingsbesk-11720677\/","title":{"rendered":"Stortingsbes\u00f8k"},"content":{"rendered":"<p>I dag kom Kjell Ingolf Ropstad p\u00e5 bes\u00f8k til Valle. Det hadde nok samanheng med at NRK sin valgbil var i Valle i dag. Dei hadde jo invitert folk til \u00e5 kome innom. I tillegg til Bj\u00f8rgulv T. Berg var Olaf Engest\u00f8l jr med han, han er KrF sin f\u00f8rstekandidat i Iveland. KrF stiller liste i Iveland, Evje og Hornnes og Valle i \u00e5r, s\u00e5 Kjell Ingolf m\u00e5tte d\u00e5 representere Evje og Hornnes.<\/p>\n<p>Vi m\u00f8ttest ute p\u00e5 gata, og etter ein liten prat, vart dei med opp i klasseromet for \u00e5 sj\u00e5 korleis vi har det som underviser utlendingar i norsk. Der oppe sat folk fr\u00e5 NRK S\u00f8rlandet som redigerte program og nytta datalinjene v\u00e5re for \u00e5 f\u00e5 kontakt med Kristiansand. Men vi fann vegen inn i mitt klasserom og sette oss til \u00e5 prate der. Det vart ein triveleg time der vi kunne snakke om laust og fast b\u00e5de n\u00e5r det gjeld Valle Radio, Setesdalswiki og flyktningar og innvandrarar, mellom mange andre emne.<\/p>\n<p>Eg har jo vore saman med Kjell Ingolf p\u00e5 ulike arrangement i regi av Setesdal Regionr\u00e5d, s\u00e5 vi var gamle kjende, ikkje vanskeleg \u00e5 prate med han. Olaf Engest\u00f8l hadde eg hatt kontakt med p\u00e5 Facebook tidlegare, og skrive artikkel om p\u00e5 Setesdalswiki, s\u00e5 vi opplevde det som om vi var gamle kjende som m\u00f8ttest, sj\u00f8lv om vi ikkje hadde sett kvarandre f\u00f8r.<\/p>\n<p>Eg har tidlegare utfordra Olaf til \u00e5 skrive p\u00e5 Setesdalswiki, og no vart det h\u00f8ve til \u00e5 gje han eit lite kurs i korleis ein gjer det, og han l\u00e6rte fort. Det tok ikkje lang tid f\u00f8r han hadde p\u00e5 plass ein liten artikkel om Svein Hillestad. Utgangspunktet v\u00e5rt er at vi vil f\u00e5 bl\u00e5 lenker p\u00e5 alle kandidatane p\u00e5 KrF-lista i Iveland 2011, og no ser det ut til at vi kan f\u00e5 det om ikkje s\u00e5 lenge. Det vil i s\u00e5 fall bli den f\u00f8rste lista som er bl\u00e5 av \u00e5rets vallister. S\u00e5 du kan tenke at eg er glad, \u00e5 f\u00e5 ein medhjelpar p\u00e5 Ivelandsstoff hadde jo vore einest\u00e5ande.<\/p>\n<p>Kvart over fire tok han bussen nedover dalen att, og s\u00e5 kunne eg skrive bloggen og glede meg over situasjonen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag kom Kjell Ingolf Ropstad p\u00e5 bes\u00f8k til Valle. Det hadde nok samanheng med at NRK sin valgbil var i Valle i dag. Dei hadde jo invitert folk til \u00e5 kome innom. I tillegg til Bj\u00f8rgulv T. Berg var Olaf Engest\u00f8l jr med han, han er KrF sin f\u00f8rstekandidat i Iveland. KrF stiller liste &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/stortingsbesk-11720677\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Stortingsbes\u00f8k<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11720677","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11720677"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11720677"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11720677\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11720677"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11720677"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11720677"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}