{"id":11691276,"date":"2011-08-18T22:14:03","date_gmt":"2011-08-18T22:14:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/08\/bursdag-11691276\/"},"modified":"2011-08-18T22:14:03","modified_gmt":"2011-08-18T22:14:03","slug":"bursdag-11691276","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bursdag-11691276\/","title":{"rendered":"Bursdag"},"content":{"rendered":"<p>18. august er bursdagen min, og i dag var talet rundare enn vanleg, som Ole Thorvald skreiv i ei SMS melding til meg, to i sjette potens er det visst. Nokre gratulasjonar har det kome pr telefon og sms, men det meste har kome over Facebook. Eg trur det vart over 100, og no sit eg her og lurer p\u00e5 om eg skal takke kvar og ein eller om det greier seg med ein takk i plenum. I grunnen er eg typen som takkar i plenum, men dagen har vore s\u00e5 spesiell at eg lurer p\u00e5 om eg m\u00e5 gjere det p\u00e5 anna vis denne gongen.<\/p>\n<p>Elevane v\u00e5re kom i g\u00e5r. D\u00e5 hadde vi plasseringstest, og i dag delte vi i grupper. Eg er venn med nokre av elevane p\u00e5 Facebook, men dei som var p\u00e5 skulen i dag, hadde nok ikkje f\u00e5tt med seg noko. To elevar som ikkje kjem til \u00e5 starte f\u00f8r m\u00e5ndag, dei sende melding. Ei av dei spurde om det blei fest, men eg rakk ikkje \u00e5 svare henne f\u00f8r festen starta.<\/p>\n<p>Men det vart p\u00e5 ein annan m\u00e5te enn Happy Birthday to Harald. FOr i dag var det to \u00e5r sidan PawDelay kom til Valle, s\u00e5 det kunne vi jo feire. Og i morgon er det eitt \u00e5r sidan dei to chin-familiane kom til bygda v\u00e5r, s\u00e5 det kunne vi jo og feire.<\/p>\n<p>Eg unders\u00f8kte kva det kosta med dessertbord p\u00e5 Valle Motell, og like f\u00f8r klokka 12 inviterte eg alle til \u00e5 kome dit for \u00e5 feire desse to jubilea. I flokk og fylgje gjekk vi fr\u00e5 skulen til Motellet, der bordet stod klart med kaker av mange slag og med fromasjar for dei som var kremglade. Kaffi eller te kunne ein og ordne seg, og snart gjekk praten lystig rundt bordet.<\/p>\n<p>Det vart ein triveleg time, der vi prata om sommaren som har g\u00e5tt og kva vi hadde gjort i sommar og feira dei som hadde eitt- og to-\u00e5rsjubileum i Valle. Ho som har vore her to \u00e5r har no f\u00e5tt b\u00e5de mann og barn i leiligheten sin i Leite, og dei som har vore eitt \u00e5r, har kome langt i arbeidet med \u00e5 l\u00e6re norsk.<\/p>\n<p>S\u00e5 runda vi av dessertbordet og gjekk kvar til v\u00e5rt, eg fekk telefon fr\u00e5 \u00c5nund K., som sat i sentrum og venta p\u00e5 meg, s\u00e5 eg gjekk opp att til sentrum og fekk ein hyggeleg prat med han. Han hadde til og med funne ei bursdagsg\u00e5ve til meg, Trond Rudsli si Diktsamling, som nyleg kom ut p\u00e5 Setesdalsforlaget. Seinare p\u00e5 dagen fekk eg ein telefon fr\u00e5 han der han lurte p\u00e5 om eg hadde h\u00f8ve til \u00e5 kome opp til \u00d8vrevoll og f\u00e5 meg kaffi klokka 17.<\/p>\n<p>Eg gjekk innom p\u00e5 butikken og fekk med meg ein orkide, eg skulle for fyrste gong sj\u00e5 korleis han har f\u00e5tt det p\u00e5 den flotte terrassen han har bygd i v\u00e5r, og d\u00e5 h\u00f8vde det med ein blom. Og s\u00e5 synte det seg at han og Nella hadde hatt gullbryllupsdag 12. august, s\u00e5 dette vart jo ei lita helsing post festum. For 50 \u00e5r sidan var det 180 gjester som var med p\u00e5 bryllupsfeiringa i Innistog. D\u00e5 m\u00e5tte det mange bordsete til f\u00f8r alle hadde f\u00e5tt, no kunne vi tre nyte kaffi, kake og is i solsteiken ein av dei finaste sommardagane i \u00e5r. Klokka vart halv \u00e5tte f\u00f8r sola gjekk ned bak bl\u00e5e fjell og g\u00f8ymde sitt ljose andlet. Og d\u00e5 m\u00f8rker over dalen etter kvart fall, var eg tilbake i sentrum og kunne verte overvelda av helsingar fr\u00e5 eit hundretals facebook-vener. Tusen takk til dykk alle. Spesiell takk til \u00c5nund og Nella som gav meg fleire D-vitaminar enn eg har f\u00e5tt heile sommaren tidlegare. Dei vil kome vel med n\u00e5r vinteren kjem.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>18. august er bursdagen min, og i dag var talet rundare enn vanleg, som Ole Thorvald skreiv i ei SMS melding til meg, to i sjette potens er det visst. Nokre gratulasjonar har det kome pr telefon og sms, men det meste har kome over Facebook. Eg trur det vart over 100, og no sit &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bursdag-11691276\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bursdag<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11691276","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11691276"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11691276"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11691276\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11691276"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11691276"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11691276"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}