{"id":11616248,"date":"2011-08-05T21:59:43","date_gmt":"2011-08-05T21:59:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/08\/hytter-i-setesdal-11616248\/"},"modified":"2011-08-05T21:59:43","modified_gmt":"2011-08-05T21:59:43","slug":"hytter-i-setesdal-11616248","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hytter-i-setesdal-11616248\/","title":{"rendered":"Hytter i Setesdal"},"content":{"rendered":"<p>For folk i byane p\u00e5 S\u00f8rlandskysten er nok Setesdal s\u00e6rleg aktuell som stad \u00e5 ha hytte, i alle fall om ein er glad i \u00e5 vere p\u00e5 fjellet og g\u00e5 p\u00e5 ski, og det er det mange som er. I g\u00e5r, torsdag 4. august 2011 stod det ein interessant artikkel i F\u00e6drelandsvennen om dette. Det var Hans Jacob Brekke som hadde g\u00e5tt gjennom ein rapport laga av Agderforskning i 2009 om Norsk hyttestatistikk. Artikkelen kalla han <em>Dominerer hyttemarkedet<\/em>. Den stod p\u00e5 side 8 i avisa, s\u00e5 om du ikkje har kasta henne, kan du lese han no i helga, det var interessant stoff.<\/p>\n<p>Eg sleit litt med \u00e5 finne utgangspunktet for artikkelen, for eg fann ingen rapport i skriftene til dei to forfattarane som var nemnde, Winfried Ellingsen og J\u00f8rn Cruickshank. D\u00e5 sende eg like godt ein epost til Brekke, og ikkje lenge etter hadde eg stoffet som han hadde basert artikkelen p\u00e5.<\/p>\n<p>Du kan vel tenke at grunnen til at eg vart interessert i artikkelen ikkje var fordi eg sj\u00f8lv skulle skaffe meg hytte. Det har du heilt rett i, hytte har ikkje interessert meg noko s\u00e6rleg, og hytte i omr\u00e5de der f\u00f8resetnaden er at ein skal g\u00e5 p\u00e5 ski, det interesserer meg i alle fall ikkje. Om nordmenn vart f\u00f8dde med ski p\u00e5 beina, s\u00e5 vart ikkje j\u00e6rbuar det. Dei t\u00f8ffingane fr\u00e5 Rogaland som g\u00e5r Sesil\u00e5mi har nok l\u00e6rt \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ski gjennom pr\u00f8ving og feiling, og p\u00e5 det omr\u00e5det har eg helst feila. S\u00e5 mitt tilh\u00f8ve til hyttefolk er stort sett at eg m\u00f8ter hyttebyklarar p\u00e5 veg til Hovden n\u00e5r eg er p\u00e5 veg til Mandal fredagane, og s\u00e5 pr\u00f8ver eg \u00e5 k\u00f8yre opp dalen s\u00e5 seint p\u00e5 sundagskveldane at dei er kome nedover n\u00e5r eg dreg oppover.<\/p>\n<p>Nei, grunnen til at eg vart interessert i den artikkelen, var at han h\u00f8vde for \u00e5 lage ein liten leksikonartikkel p\u00e5 Setesdalswiki. Kanskje det til og med kan kome fleire artiklar, men til no er det bare kome ein. Den finn du her: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Hytter_i_Bykle<\/p>\n<p>Det syner seg at det var 2223 hytter i Bykle i 2007, d\u00e5 statistikken vart laga, og av desse hadde kristiansandarane 778. Andre byar langs s\u00f8rlandskysten var og h\u00f8gt p\u00e5 lista, s\u00e5 om dei nyttar hyttene sine eit par gonger i m\u00e5naden, vert det ein del trafikk p\u00e5 Riksveg 9.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For folk i byane p\u00e5 S\u00f8rlandskysten er nok Setesdal s\u00e6rleg aktuell som stad \u00e5 ha hytte, i alle fall om ein er glad i \u00e5 vere p\u00e5 fjellet og g\u00e5 p\u00e5 ski, og det er det mange som er. I g\u00e5r, torsdag 4. august 2011 stod det ein interessant artikkel i F\u00e6drelandsvennen om dette. Det &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hytter-i-setesdal-11616248\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hytter i Setesdal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11616248","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11616248"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11616248"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11616248\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11616248"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11616248"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11616248"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}