{"id":11546367,"date":"2011-07-26T09:58:30","date_gmt":"2011-07-26T09:58:30","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/07\/blometog-11546367\/"},"modified":"2011-07-26T09:58:30","modified_gmt":"2011-07-26T09:58:30","slug":"blometog-11546367","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/blometog-11546367\/","title":{"rendered":"Blometog"},"content":{"rendered":"<p>I staden for fakkeltog var det i kveld blometog i Oslo og fleire andre store byar. Eg har i grunnen vore klistra til TV-ruta desse dagane om eg skal seie noko om meg sj\u00f8lv. Eg har pr\u00f8vd \u00e5 lese litt p\u00e5 Internett, men ei kjensle av avmakt har gjort at eg meir har late TV2 og NRK velje for meg enn at eg sj\u00f8lv har leita fram informasjon p\u00e5 nettet.<\/p>\n<p>Ikkje minst er eg imponert av TV2 som har lagt bort reklamen og sender nyhetskanal p\u00e5 hovudkanalen med oppeg\u00e5ande journalistar som dekkjer hendingane b\u00e5de i Oslo og p\u00e5 Ut\u00f8ya p\u00e5 ein m\u00e5te som gjer at eg f\u00e5r mykje informasjon i ein situasjon der trongen for informasjon er stor.<\/p>\n<p>Denne helga var Sigumund p\u00e5 Blink-festivalen i Sandnes, der ski-eliten har rulleskirenn. Han nytta h\u00f8vet til ein tur til \u00c5lg\u00e5rd for \u00e5 bes\u00f8ke farmor, det var ganske lenge sidan sist han hadde vore innom henne sj\u00f8lv om han hadde vore p\u00e5 den kanten av landet fleire gonger utan \u00e5 ha hatt tid til \u00e5 stikke innom. Ho var sv\u00e6rt glad i telefonen d\u00e5 vi snakka om det..<\/p>\n<p>Dei sportslege aktivitetane i Sandnes vart etter kvart avlyste, men d\u00e5 nedrigginga var ferdig laurdag, gjekk det ikkje fly tilbake til Oslo, s\u00e5 han m\u00e5tte vente til sundag. Vel komen heim fekk han bare nokre timar fri f\u00f8r  han m\u00e5tte p\u00e5 jobb att, hendingane hadde n\u00e6rast st\u00f8vsugd marknaden for folk som kunne halde kamera og sportskanalen hans vart engasjert til \u00e5 formidle hendingane til heile verda.<\/p>\n<p>Saman med dei andre mediefolka har han gjort ein stor jobb for \u00e5 f\u00e5 ut informasjon om hendingane og interessa fr\u00e5 heile verda har vore stor. \u00c5 sitje og fylgje med fr\u00e5 reportasjane har fjetrande og gripande p\u00e5 same tid. Eg har knapt vore innom Internett i denne tida, og dei f\u00e5 gongene eg har vore der, har bare vore nytta til \u00e5 lese litt, bloggen har vore stille og Setesdalswiki har heller ikkje f\u00e5tt nye artiklar. Der st\u00e5r det 1499, artikkel nr. 1500 skulle vere Setesd\u00f8len for fredag, men den m\u00e5tte og vente.<\/p>\n<p>For oss rundt om i landet som ikkje er direkte r\u00e5ka av hendingane, normaliserer livet seg litt etter kvart. Nokre m\u00e5 p\u00e5 jobb, slik at hjula kan svive, andre startar ferie og dreg p\u00e5 tur, slik planen har vore. Vi f\u00e5r inn i den siste fellesferieperioden med bileta av blometog mot terror i medkjensle med offer og p\u00e5r\u00f8rande. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I staden for fakkeltog var det i kveld blometog i Oslo og fleire andre store byar. Eg har i grunnen vore klistra til TV-ruta desse dagane om eg skal seie noko om meg sj\u00f8lv. Eg har pr\u00f8vd \u00e5 lese litt p\u00e5 Internett, men ei kjensle av avmakt har gjort at eg meir har late TV2 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/blometog-11546367\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Blometog<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11546367","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11546367"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11546367"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11546367\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11546367"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11546367"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11546367"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}