{"id":11527158,"date":"2011-07-22T21:43:57","date_gmt":"2011-07-22T21:43:57","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/07\/eksplosjonar-og-skyting-11527158\/"},"modified":"2011-07-22T21:43:57","modified_gmt":"2011-07-22T21:43:57","slug":"eksplosjonar-og-skyting-11527158","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eksplosjonar-og-skyting-11527158\/","title":{"rendered":"Eksplosjonar og skyting"},"content":{"rendered":"<p>Det er stor skilnad p\u00e5 eksplosjonar og skyting p\u00e5 film og i det verkelege livet. I dag fekk vi eit eksempel p\u00e5 det. Det som vert omtalt som ei bombe, eksploderte utanfor regjeringskvartalet og pulveriserte fasadar og vindu b\u00e5de i offentlege bygningar og i nabobygningar. Etter kvart kom det fram at det var sju d\u00f8de og mange skadde, nokre av dei var hardt skadde.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 gjekk det bare kort tid, s\u00e5 kom det melding om skyting p\u00e5 Ut\u00f8ya. Eg visste ikkje at det var s\u00e5 mange som  6-700 p\u00e5 desse leirane, men eg skj\u00f8ner jo betre kvifor Arbeidarpartiet sine toppar prioriterer arrangementet, dei n\u00e5r mange unge fr\u00e5 heile landet p\u00e5 ein og same dagen. Det gjorde drapsmannen og, etter det eg veit no, var det ti som vart tekne av dage der denne fredagskvelden.<\/p>\n<p>Uverkelege hendingar begge stadene. Eg lurer p\u00e5 om det er nokon eg kjnner, det gjer vel dei fleste. P\u00e5 facebook og twitter er det mange som har skrive og kommentert hendingane. Alle er vi sjokkerte av det vi har sett p\u00e5 TV, og sj\u00f8lv om det same kjem om att og om att, sit vi som fjetra.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv sat eg og fylgde med p\u00e5 Tour de France d\u00e5 meldinga kom p\u00e5 TV2. etter kvart vart heile sykkelrittet flytt til TV2 Zebra og hendingane i Oslo overtok i hovudkanalen. N\u00e5r ein tenkjer p\u00e5 TV2 si satsing p\u00e5 sykkel og at dette  tre vekers sykkelrittet i dag hadde sj\u00f8lve kongeetappen, seier det noko om kor alvorleg hendingane i Oslo vart opplevde. Det var vel knapt ei mil att av l\u00f8pet d\u00e5 det m\u00e5tte vike plassen, og tvekampen om gul skjorte, ungdomstr\u00f8ye, klatretr\u00f8ye og kva dei no heiter, alle saman, m\u00e5tte vike.<\/p>\n<p>Det f\u00e5r st\u00e5 sin pr\u00f8ve, hendingane i Oslo var dramatiske og vil bli st\u00e5ande. Etter kvart kom det ein artikkel om det p\u00e5 Wikipedia, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Anslagene_i_Norge_2011  Eg kunne ikkje anna enn late meg imponere over kor omfattande artiklane vart etter kvart. B\u00e5de kart og bilete kom p\u00e5 plass temmeleg fort.<\/p>\n<p>P\u00e5 Setesdalswiki vart det derimot stille. Dagens arbeid stoppa p\u00e5 1499 artiklar, og om ikkje nokon andre skriv i l\u00f8pet av natta, vil vi f\u00e5 artikkel nr. 1500 i morgon. Truleg vert det artikkelen om dagens Setesda\u00f8len. Den som lever f\u00e5r sj\u00e5. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er stor skilnad p\u00e5 eksplosjonar og skyting p\u00e5 film og i det verkelege livet. I dag fekk vi eit eksempel p\u00e5 det. Det som vert omtalt som ei bombe, eksploderte utanfor regjeringskvartalet og pulveriserte fasadar og vindu b\u00e5de i offentlege bygningar og i nabobygningar. Etter kvart kom det fram at det var sju d\u00f8de &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/eksplosjonar-og-skyting-11527158\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Eksplosjonar og skyting<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11527158","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11527158"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11527158"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11527158\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11527158"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11527158"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11527158"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}