{"id":11495294,"date":"2011-07-17T22:59:06","date_gmt":"2011-07-17T22:59:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/07\/ferietid-og-pa-bloggen-11495294\/"},"modified":"2011-07-17T22:59:06","modified_gmt":"2011-07-17T22:59:06","slug":"ferietid-og-pa-bloggen-11495294","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ferietid-og-pa-bloggen-11495294\/","title":{"rendered":"Ferietid og p\u00e5 bloggen"},"content":{"rendered":"<p>Det ser ut til at det er ferietid og p\u00e5 bloggen, for n\u00e5 er det g\u00e5tt nokre dagar sidan eg skreiv her. Siste gong var torsdagskvelden, d\u00e5 fortalde eg om turen til Byrkjedalstunet, der Kjell Ingolf feira bryllup fredagskvelden. Setesd\u00f8len hadde vigd heile agurknytt-sida til hendinga i fredagsnummeret, der avisa og drog fram l\u00e5tt og l\u00f8ye fr\u00e5 Setesdalstinget i v\u00e5r, der han fekk k\u00e5tleiksprisen, ein noko improvisert heider som konferansier Styrk Fj\u00e6rtoft Trondsen hadde med seg til arrangementet.<\/p>\n<p>Her heime i Mandal fekk vi bes\u00f8k av Sigmund og Margaret i helga, dei avslutta ferien hos oss etter \u00e5 ha vore det meste av turen i Sveits og Frankrike. Vi fekk til og med ein billedkavalkade, i v\u00e5re dagar slepp ein jo \u00e5 vente p\u00e5 framkalling og slikt, og ettersom Reidun var framsynt d\u00e5 vi fekk oss nytt fjernsyn, har vi no eit apparat som kan koplast til datamaskinen og gjev alle h\u00f8ve til \u00e5 sj\u00e5. Takk for b\u00e5de bes\u00f8k, framsyning og alt det andre dei hadde med seg og delte med oss desse dagane. Reidun samlar p\u00e5 fingerb\u00f8l, H\u00e5kon talde opp over 120 ulike, og n\u00e5r borna har vore p\u00e5 tur, kjem det gjerne eit nytt i samlinga.<\/p>\n<p>Men i dag drog dei innover til Oslo att, alle saman. Dei som hadde tidleg ferie er no ferdig med ferien, dei som har sein ferie, er s\u00e5 vidt komne i gang. Med regn som piska rutene i dag, tok barnebarn og foreldrene deira turen til S\u00f8rlandsbadet. Der m\u00e5tte dei st\u00e5 ein time i k\u00f8 for \u00e5 kome inn, s\u00e5 mange hadde tenkt same tanken. Men det verka ikkje som om det gjorde s\u00e5 mykje, d\u00e5 dei kom heim, fortalde dei om ein triveleg dag. Dei hadde til og med f\u00e5tt gratis is av ein eller annan grunn. S\u00e5 livet er ikkje s\u00e5 ille, sj\u00f8lv om det regnar denne sommaren. Det var jo og naudsynt om magasina skulle fyllast opp att. Vona kunne no vere at dei ikkje t\u00f8mde dei like mykje eit anna \u00e5r som dei gjorde i \u00e5r, men det er vel for mykje \u00e5 h\u00e5pe p\u00e5. Det m\u00e5 vel ein lov til f\u00f8r dei som styrer det systemet, skj\u00f8nar at vi godt kan redusere profittjaget og heller sikre sj\u00f8lvforsyning og mindre bruk av kolkraft fr\u00e5 samk\u00f8yring og produksjon andre stader.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det ser ut til at det er ferietid og p\u00e5 bloggen, for n\u00e5 er det g\u00e5tt nokre dagar sidan eg skreiv her. Siste gong var torsdagskvelden, d\u00e5 fortalde eg om turen til Byrkjedalstunet, der Kjell Ingolf feira bryllup fredagskvelden. Setesd\u00f8len hadde vigd heile agurknytt-sida til hendinga i fredagsnummeret, der avisa og drog fram l\u00e5tt og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ferietid-og-pa-bloggen-11495294\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ferietid og p\u00e5 bloggen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11495294","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11495294"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11495294"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11495294\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11495294"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11495294"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11495294"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}