{"id":11482227,"date":"2011-07-14T21:17:29","date_gmt":"2011-07-14T21:17:29","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/07\/byrkjedalstunet-11482227\/"},"modified":"2011-07-14T21:17:29","modified_gmt":"2011-07-14T21:17:29","slug":"byrkjedalstunet-11482227","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/byrkjedalstunet-11482227\/","title":{"rendered":"Byrkjedalstunet"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r vart det ikkje bloggskriving, for vi tok ein \u00c5lg\u00e5rdstur. Mor p\u00e5 93 \u00e5r var m\u00e5let for turen, og halv eitt stod ho klar for \u00e5 vere med til Byrkjedalstunet for \u00e5 ete middag. Det var ei stund sidan eg hadde vore inne der, og endringane hadde gjort staden meir praktisk. Det er ein av dei best bes\u00f8kte turiststadene i Rogaland, eigentleg litt rart, for i grunnen er det ikkje noko anna her.<\/p>\n<p>N\u00e5r Kjell Ingolf Ropstad og Arnbj\u00f8rg Vedelden har blitt vigde i Ivesdal kappel fredag 15. juli klokka 14.00, skal dei ha selskapet her, etter det eg las i Setesd\u00f8len tysdag. Dei vil f\u00e5 god mat i s\u00e6rprega milj\u00f8, vi hadde kj\u00f8ttkaker, (halv porsjon til mor (det hadde vore nok mat til to dagar, sa ho) og vanleg porsjon til Reidun) eg hadde steikt aure med ein nydeleg salat til og Helge hadde strimlar av Hereford. Alt saman var godt og greitt. Like f\u00f8r vi kom, hadde det vore ein Haga-buss med ei gruppe, men det dei hadde sett att, vart fort rydda bort.<\/p>\n<p>Medan vi sat der, fortalde mor om at ho i 1940 hadde sove i desse bygningane, som d\u00e5 var meieri. Ho var p\u00e5 sykkeltur til Sirdal med vener, og f\u00f8rste dagen sykla dei fr\u00e5 Figgjo til Byrkjedal. Og sj\u00f8lv om ho hadde k\u00f8yrt forbi mange gonger, trudde ho knapt at ho hadde vore innom og hatt seg mat der nokon gong. S\u00e5 det vart ei ny oppleving for henne. Etter \u00e5 ha overnatta, sykla dei vidare til Valevatn, der dei overnatta p\u00e5 ei turisthytte. Dette var krot tid etter krigshandlingane i 1940, men turen gjekk utan problem. Dei sov p\u00e5 turisthytta og neste dag vart dei rodd over vatnet for \u00e5 ta fatt p\u00e5 ein ny etappe. P\u00e5 Tonstad, der dei deltok p\u00e5 eit misjonsstemne, sette det inn med veldig regn. D\u00e5 l\u00e5g dei  i telt, og det vart ei v\u00e5t oppleving, s\u00e5 siste del av stemnet fekk dei liggje p\u00e5 golvet i ei stove.<\/p>\n<p>Damene fekk seg ein tur inn i lysbua, men me droppa det denne gongen, og snart var me p\u00e5 tur utover att. Ein stopp p\u00e5 Gjesdal Spinneri er vel helst p\u00e5krevd p\u00e5 ein slik tur, og noko nytt garn har nok funne veg inn i samlinga no, der er vel helst mor og svigerdotter like. Etter tre timar var me heime att, og snart vart det kaffi og pannekaker med nyr\u00f8rt bl\u00e5b\u00e6rsyltet\u00f8y til kaffe og ein triveleg prat.<\/p>\n<p>I godt lag g\u00e5r tida fort, og ettersom vi ikkje hadde planlagt overnatting, m\u00e5tte vi etter kvart tenkje p\u00e5 retretten. Den gjekk i noko rolegare trafikkbiletet enn turen vestover hadde gjort, og eg var heldig og slapp \u00e5 k\u00f8yre, for eg oppdaga undervegs at eg hadde lagt att b\u00e5de f\u00f8rerkort, bankkort og Coop-kort heime, S\u00e5 det eg trudde skulle bli eit kupp p\u00e5 Coop Moi, vart til vanleg pris og m\u00e5tte betalast med kontantar. Slik kan det g\u00e5. Vel heime sa eg til meg sj\u00f8lv at eg heller ville blogge om turen i dag, enn \u00e5 gjere det n\u00e5r ein etter kvart var blitt tr\u00f8ytt nok til \u00e5 ta kvelden. Men sanneleg vart det kvelden f\u00f8r det la seg til rette for \u00e5 skrive i dag og. God natt!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r vart det ikkje bloggskriving, for vi tok ein \u00c5lg\u00e5rdstur. Mor p\u00e5 93 \u00e5r var m\u00e5let for turen, og halv eitt stod ho klar for \u00e5 vere med til Byrkjedalstunet for \u00e5 ete middag. Det var ei stund sidan eg hadde vore inne der, og endringane hadde gjort staden meir praktisk. Det er ein &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/byrkjedalstunet-11482227\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Byrkjedalstunet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11482227","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11482227"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11482227"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11482227\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11482227"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11482227"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11482227"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}