{"id":11467924,"date":"2011-07-11T22:46:19","date_gmt":"2011-07-11T22:46:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/07\/tenk-om-setesdalswiki-vart-meir-brukt-11467924\/"},"modified":"2011-07-11T22:46:19","modified_gmt":"2011-07-11T22:46:19","slug":"tenk-om-setesdalswiki-vart-meir-brukt-11467924","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tenk-om-setesdalswiki-vart-meir-brukt-11467924\/","title":{"rendered":"Tenk om Setesdalswiki vart meir brukt"},"content":{"rendered":"<p>Tenk om folk i Setesdal ville bruke Setesdalswiki til alt den nettstaden kan brukast til. Bare fantasien set grenser. No ligg det ganske mykje stoff der, det n\u00e6rmar seg 1500 artiklar, og for kvar ny artikkel som kjem, veks nytteverdien for denne informasjonskanalen ved at hyperteksten vert betre og betre. (Hypertekst er namnet ein nyttar for \u00e5 seie noko om lenkene i leksikonet, dei gjev lesaren h\u00f8ve til enkelt \u00e5 g\u00e5 fr\u00e5 artikkel til arikkel.)<\/p>\n<p>I dag fann Helge ein m\u00e5te \u00e5 legge inn ein heil \u00e5rskalender, slik at det er mogleg \u00e5 f\u00e5 oversikt over dager der det ikkje er artiklar, ikkje bare i l\u00f8pet av ein m\u00e5nad, men for eit heilt \u00e5r. Setesdalswiki er spesiell p\u00e5 den m\u00e5ten i h\u00f8ve til wikipedia, som skil mellom dag og \u00e5rstal. Ved \u00e5 ha dei saman, vert det ei unik oppslagstavle for akkurat den dagen, og det gjev h\u00f8ve til \u00e5 legge inn ein aktivitetskalender for eit lag eller ei forening. I og med at kven som helst kan redigere, kan informasjonen oppdaterast n\u00e5r det er trong for det utan at ein m\u00e5 sende det til ein ansvarleg som skal gjere det p\u00e5 vegne av deg. Du kan gjere det sj\u00f8lv. Lenke til kalendersida ligg i venstremargen, med eitt klikk har du heile kalenderen p\u00e5 plass, og eit nytt klikk gjev deg datoen du vil legge inn informasjon p\u00e5.<\/p>\n<p>N\u00e5r eg legg inn hendingar i kalenderen, er det som oftast hendingar som er omtalt i Setesd\u00f8len. Men det er jo ikkje noko krav at det skal vere hendingar som er annonsert eller omtalt der. Om laget eller foreninga di har ein m\u00f8teplan, kan den leggjast inn. Og n\u00e5r du skriv ein artikkel om laget eller foreninga di, kan du lage ei lenke der du legg inn m\u00f8teplanen for laget for eit semester eller eit \u00e5r. Til d\u00f8mes kan Valle bygdekvinnelag ha ei lenke som heiter Valle bygdekvinnelag &#8211; M\u00f8teplan 2011, s\u00e5 lagar du ei lenke for denne teksten og skriv inn heile m\u00f8teplanen for 2011 der. Og slik kan alle lag og foreningar i Setesdal ha si eiga side med m\u00f8teplan. I tillegg kan ein alts\u00e5 no leggje det inn p\u00e5 den aktuelle datoen. Tenk om nokon hadde teke det i bruk for hausten 2011!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tenk om folk i Setesdal ville bruke Setesdalswiki til alt den nettstaden kan brukast til. Bare fantasien set grenser. No ligg det ganske mykje stoff der, det n\u00e6rmar seg 1500 artiklar, og for kvar ny artikkel som kjem, veks nytteverdien for denne informasjonskanalen ved at hyperteksten vert betre og betre. (Hypertekst er namnet ein nyttar &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tenk-om-setesdalswiki-vart-meir-brukt-11467924\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Tenk om Setesdalswiki vart meir brukt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[65],"class_list":["post-11467924","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-setesdalswiki"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11467924"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11467924"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11467924\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11467924"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11467924"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11467924"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}