{"id":11417669,"date":"2011-07-03T22:33:02","date_gmt":"2011-07-03T22:33:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/07\/jubel-og-besk-11417669\/"},"modified":"2011-07-03T22:33:02","modified_gmt":"2011-07-03T22:33:02","slug":"jubel-og-besk-11417669","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubel-og-besk-11417669\/","title":{"rendered":"Jubel og bes\u00f8k"},"content":{"rendered":"<p>Eg kunne ikkje anna enn \u00e5 juble litt d\u00e5 Thor Hushovd med eitt sekunds margin sikra seg den gule tr\u00f8ya i Tour de France. Ikkje minst ettersom han hadde klatretr\u00f8ya p\u00e5 l\u00e5n denne dagen. P\u00e5 f\u00f8rste etappe enda han som nummer tre, og dermed fekk han l\u00e5ne tr\u00f8ya denne dagen. Som de skj\u00f8ner, Tour de France er eit program \u00e5 fylgje, om ikkje minutt for minutt, s\u00e5 i alle fall ein del av tida.<\/p>\n<p>D\u00e5 det programmet var slutt, var det fotballkamp, norske damer mot brasilianske. Det gjekk ikkje s\u00e5 godt, eg irriterte meg over at dei brasilianske damene p\u00e5 ingen m\u00e5te spelte fr\u00f8kenfotball, men skubba og sleit meir enn menn hadde f\u00e5tt lov til.<\/p>\n<p>Like f\u00f8r Dagsrevyen tok til, kom ein telefon fr\u00e5 ein Wikipediaskribent p\u00e5 s\u00f8rlandstur. Han lurte p\u00e5 om eg var heime og hadde h\u00f8ve til at han kom p\u00e5 bes\u00f8k. Det hadde eg, og ein halvtime etter kom ei DIGER campingvogn ned bakken der vi bur. Eg dirigerte han inn p\u00e5 plenen og snart sat vi benka i stova og snakka saman som om vi hadde kjent kvarandre i \u00e5revis. Han hadde vore p\u00e5 Landskappleiken i Seljord og tenkte at n\u00e5r han var p\u00e5 desse kantar, kunne det vere h\u00f8veleg \u00e5 svinge innom meg. S\u00e5 lasta han over 450 bilete som han hadde teke der og sa eg gjerne m\u00e5tte bruke det som h\u00f8vde p\u00e5 Setesdalswiki. S\u00e5 eg lurer no p\u00e5 om eg m\u00e5 utvide siktem\u00e5let for Setesdalswiki til \u00e5 gjelde b\u00e5de Setesdal og folkemusikk. \ud83d\ude42<\/p>\n<p>Eg skreiv forresten om Daniel Sand\u00e9n-Warg p\u00e5 Setesdalswiki i dag. Eg hadde jo h\u00e5pt at han skulle g\u00e5 til topps og f\u00e5 med seg Kongepokal heim, det hadde vore eit artig slumpetreff om s\u00e5 hadde skjedd. Det gjorde det ikkje, men artikkelen ligg no der, og biletet var det min wikipediakamerat som tok: http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Daniel_Sand%C3%A9n-Warg<\/p>\n<p>Eg gleder meg over at Setesdalswiki veks, det er ingen mangel p\u00e5 stoff \u00e5 skrive om. Frode Inge, som var p\u00e5 bes\u00f8k hos meg i dag, sa at han gledde seg over det han las der,s\u00e5 eg m\u00e5tte bare bruke bilete han har teke. Det kjem eg til \u00e5 gjere etter kvart som eg f\u00e5r artiklar p\u00e5 plass. Takk for b\u00e5de bes\u00f8k og bilete.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg kunne ikkje anna enn \u00e5 juble litt d\u00e5 Thor Hushovd med eitt sekunds margin sikra seg den gule tr\u00f8ya i Tour de France. Ikkje minst ettersom han hadde klatretr\u00f8ya p\u00e5 l\u00e5n denne dagen. P\u00e5 f\u00f8rste etappe enda han som nummer tre, og dermed fekk han l\u00e5ne tr\u00f8ya denne dagen. Som de skj\u00f8ner, Tour de &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/jubel-og-besk-11417669\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Jubel og bes\u00f8k<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11417669","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11417669"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11417669"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11417669\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11417669"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11417669"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11417669"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}