{"id":11390328,"date":"2011-06-28T22:38:09","date_gmt":"2011-06-28T22:38:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/aseralstur-11390328\/"},"modified":"2011-06-28T22:38:09","modified_gmt":"2011-06-28T22:38:09","slug":"aseralstur-11390328","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aseralstur-11390328\/","title":{"rendered":"\u00c5seralstur"},"content":{"rendered":"<p>D\u00e5 vi sundag reiste fr\u00e5 Valle og kom til Evje, kom eg til \u00e5 sp\u00f8rje Reidun om vi skulle ta turen opp D\u00e5svannsdalen og k\u00f8yre om \u00c5seral. Eg hadde aldri vore i \u00c5seral anna enn p\u00e5 kartet, men etter at eg tok til \u00e5 skrive p\u00e5 Setesdalswiki, har eg vore nokre rundar innom bygda p\u00e5 kartet, s\u00e6rleg omr\u00e5det som grensar til Bygland.<\/p>\n<p>Vi hadde ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 haste heimover etter denne fine dagen, og dermed svinga vi til h\u00f8gre ved Esso og la ut p\u00e5 ein veg eg aldri hadde kj\u00f8rt \u00e5 f\u00f8r. Etter kvart skj\u00f8na eg vel at eg ikkje hadde g\u00e5tt glipp av s\u00e5 mykje, det var bare lang veg og skog langs vegkanten. P\u00e5 Uleberg dukka det rett nok opp nokre jenter som hadde vore og bada, og D\u00e5svatnet l\u00e5g fint i sola, men det var ikkje mange hus oppover dalen dei fyrste fire mila. S\u00e5 kom vi til R\u00f8ynli og ut p\u00e5 vegen mellom Kyrkjebygda og Bortelid, og d\u00e5 s\u00e5g vi at det bare var eit par kilometer til Lognavatn, s\u00e5 vi tok turen nordover og rundt ein sving, s\u00e5 vida bygda seg ut.<\/p>\n<p>P\u00e5 eit \u00c5knes ute ved vatnet l\u00e5g Lognavatn kapell og skein i sola, s\u00e5 eg tenkte p\u00e5 artikkelen eg hadde skrive http:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/%C3%85knes_kapell  og tok turen ut p\u00e5 neset, der Reidun gjekk ut og tok eit bilete av kapellet, men s\u00e5 snudde vi og drog tilbake.<\/p>\n<p>Like i krysset stod det ei campingvogn merka Petrusplassen, og Pieter og Mette sat utanfor og vinka til oss. Eg har vore med dei p\u00e5 Setesdalskonferansen 2009 og 2010, men i \u00e5r var dei der ikkje, og no skj\u00f8na eg kvifor: Dei bur ikkje lenger i Setesdal. Det synte seg at dei flytta til Lognavatn i vinterferien, han driv serveringsstad p\u00e5 Bortelid etter \u00e5 ha avslutta M\u00f8teplassen p\u00e5 Evje, som han dreiv tidlegare. D\u00e5 var det betre \u00e5 bu n\u00e6rare jobben, s\u00e5 dei braut opp fr\u00e5 Hornnes og busette seg p\u00e5 Lognavatn.<br \/>\nhttp:\/\/www.setesdalswiki.no\/wiki\/Pieter_Ghering<\/p>\n<p>Det vart ein hyggeleg prat og vi fekk oss dagens middag, som var fiskesuppe, deretter vaffel og cappuchino, s\u00e5 det var ein h\u00f8veleg lunsj, sj\u00f8lv om klokka var fire. Med god p\u00e5fyll av mat heldt vi fram nordover og kom oss til Bortelid, der det er 1500 bueiningar i fritidsbustader. Ja, vi tok oss heilt over til Juvatn og s\u00e5g oppover mot nordre enden av vatnet. S\u00e5 snudde vi kursen s\u00f8rover.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>D\u00e5 vi sundag reiste fr\u00e5 Valle og kom til Evje, kom eg til \u00e5 sp\u00f8rje Reidun om vi skulle ta turen opp D\u00e5svannsdalen og k\u00f8yre om \u00c5seral. Eg hadde aldri vore i \u00c5seral anna enn p\u00e5 kartet, men etter at eg tok til \u00e5 skrive p\u00e5 Setesdalswiki, har eg vore nokre rundar innom bygda p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aseralstur-11390328\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">\u00c5seralstur<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11390328","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11390328"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11390328"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11390328\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11390328"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11390328"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11390328"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}