{"id":11379560,"date":"2011-06-26T22:57:51","date_gmt":"2011-06-26T22:57:51","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2011\/06\/gatefrukost-11379560\/"},"modified":"2011-06-26T22:57:51","modified_gmt":"2011-06-26T22:57:51","slug":"gatefrukost-11379560","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gatefrukost-11379560\/","title":{"rendered":"Gatefrukost 2011"},"content":{"rendered":"<p>For f\u00f8rste gong skulle vi vere med p\u00e5 gatefrukosten i Valle, den pleier jo alltid vere etter at eg har teke ferie og difor er i Mandal. Men denne gongen hadde vi vore med p\u00e5 avslutning for elevane St.Hanskvelden, s\u00e5 tok vi fredagen til litt ulike oppg\u00e5ver og vart s\u00e5 med p\u00e5 gatefrukosten.<\/p>\n<p>Alt fredagskvelden var det ein stor aktivitet med rigging av sentrum med bord og stolar etter at butikkane stengde. S\u00e5 fredagskvelden skreiv eg p\u00e5 bloggen fr\u00e5 Valle Radio-huset. Eg har jo ikkje internett der eg bur i Valle, eg sit p\u00e5 skulen eller i radioen for det meste.<\/p>\n<p>Litt over klokka ti gjekk vi til sentrum, opninga var litt sein, men etter at Bj\u00f8rgulv Sverdrup Lund hadde sagt nokre gode ord om gleda ved desse \u00e5rlege arrangementa, vart det snart lang k\u00f8 ved matbordet. Sj\u00f8lv sat eg godt ved eit bord og kunne nye karamellar fr\u00e5 Valle Sparebank medan eg venta. Eit par av elevane kom og fekk plass ved bordet v\u00e5rt etter at dei hadde funne seg mat, og vi prata litt med dei f\u00f8r eg fann plass i k\u00f8en. Medan eg fann meg mat, kom Eivind Berg og kona Marit Forseth Berg og fann plass ved bordet v\u00e5rt, og d\u00e5 fekk vi ein interessant samtale. Dei har hus i Berg i Valle og er jamnleg der. Men dagen etter skulle han reise til Kina, der han er einast nordmann p\u00e5 ein fabrikk som Metallkraft i Kristiansand etablerte der i 2009.<\/p>\n<p>Som vekependlar f\u00f8lte eg meg noko liten, han reiste eit d\u00f8ger for \u00e5 kome p\u00e5 jobb, s\u00e5 var han der seks til \u00e5tte veker, s\u00e5 kom han heim for ein periode, eg fekk ikkje med meg kor lang den var. Han hadde til og med begynt \u00e5 l\u00e6re seg kinesisk. Og s\u00e5 fortalde han at han budde i ein sm\u00e5by utanfor Shanghai, bare fem millionar menneske. Shanghai har 20 millionar. Han tok fly ned dit, og s\u00e5 tog til Yangzhou, eit tog som gjekk over 300 km i timen. Og det heldt ruta.<\/p>\n<p>Eivind Berg prata og med dei burmesiske elevane som sat ved bordet v\u00e5rt, og han var imponert over kor mykje norsk dei hadde l\u00e6rt p\u00e5 eit \u00e5r, ikkje minst fordi han sj\u00f8lv pr\u00f8vde \u00e5 l\u00e6re seg kinesisk og derfor hadde erfaring med kor mykje arbeid ein m\u00e5 leggje ned for \u00e5 l\u00e6re seg eit nytt spr\u00e5k i vaksen alder. Om det h\u00f8ver slik, ville han gjerne vere med i Valle Radio ein gong til hausten n\u00e5r dei var i Valle. Eg gleder meg alt til \u00e5 h\u00f8yre han fortelje om det industrieventyret han har f\u00e5tt vere med p\u00e5.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For f\u00f8rste gong skulle vi vere med p\u00e5 gatefrukosten i Valle, den pleier jo alltid vere etter at eg har teke ferie og difor er i Mandal. Men denne gongen hadde vi vore med p\u00e5 avslutning for elevane St.Hanskvelden, s\u00e5 tok vi fredagen til litt ulike oppg\u00e5ver og vart s\u00e5 med p\u00e5 gatefrukosten. Alt fredagskvelden &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gatefrukost-11379560\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gatefrukost 2011<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-11379560","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11379560"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11379560"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11379560\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11379560"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11379560"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11379560"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}